Hopp til hovudinnhald

Rapport

Tilsynsrapport Tromsø kommune, Creaza

Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Tromsø kommune, Creaza. Tilsynet avdekka brot på 9 av 13 krav som blei testa.

2023:13
07. juni 2023

    1 Innleiing

    Digitaliseringsdirektoratet er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.

    Rettsleg grunnlag for tilsyn er likestillings- og diskrimineringslova (ldl) § 36 første ledd jf. ldl § 18 og forskrifta om universell utforming av ikt-løysingar § 5.

    Vi gjennomførte tilsyn med Tromsø kommune i tidsrommet 13.03.2023 til 25.04.2023. Tilsynet retta seg mot Creaza.

    Rapporten gjer greie for resultata innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som er testa. Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av nettstaden.

    Resultata med grunngjeving og rettsgrunnlag står i kapittel 2.

    2 Resultat

    Resultata byggjer på informasjon frå testinga av nettstaden.

    Resultata er framstilt inndelt i kategoriar. Der det er påvist brot på minstekrava vil dette gå fram under den enkelte kategorien. Dersom det er avdekt brot på minstekrava vil dette følgjast opp med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.

    Det er avdekka brot frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4b første og andre ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.1:

    2.1 Alternativt format

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Meiningsberande bilde manglar alt-attributt.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 6 Ikon av snakkeboble under Oppgaver - Barn og voksne. 1.1.1a-10
    2 Side 6 Ikon av lydbølger under Oppgaver - Det var urettferdig. 1.1.1a-12
    3 Side 6 Ikon av noder under Oppgaver - Puzzle: Rettferdig og urettferdig. 1.1.1a-14
    4 Side 6 Ikon av noder under "Hva er rettferdighet?" 1.1.1a-16
    b) Meiningsberande bilde manglar tekstalternativ.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 10 Illustrasjon av mann og barn på et kjøkken. En slags forhåndsvisning av videoen man kan lage. 1.1.1a-20
    c) Videoklipp har ikkje teksting. Videoklipp har tekstalternativ som ikkje formidlar same bodskap som lyd og bilde.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 7 Video under "Her kan du se en presentasjon av læremiddelet og elementene i det." 1.2.2a-7
    2 Side 7 Video under "Dersom du er usikker på hva et temakart er, kan du se denne korte filmen:". 1.2.2a-8
    3 Side 7 Video under "Alle læremiddelets temakart kan redigeres. Se denne korte filmen for å lære deg hvordan:" 1.2.2a-9
    4 Side 9 Filmer under "17. mai - hvorfor og hvordan". 1.2.2a-11
    5 Side 9 Filmer under "Ulike kulturer". 1.2.2a-12
    d) Videoklipp har ikkje teksting. Videoklipp har ikkje tekstalternativ.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 6 Video øverst på siden. Bilde av ku, gris og katt i bakgrunnen. 1.2.2a-6

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka gjer at brukarar som har vanskeleg for å oppfatte visuelt innhald, ikkje alltid får visuelt innhald presentert i alternativt format. Til dømes skal ein person med nedsett syn få lest opp tekstalternativ som formidlar innhald i ikkje-tekstleg informasjon.

    • Meiningsberande bilde på nettstaden skal ha alt-attributt og ein alternativ tekst, slik at føremålet med eller innhaldet i bildet blir presentert for blinde eller svaksynte som nytter hjelpemiddel.
    • Videoklipp skal ha teksting eller tekstalternativ som formidlar det same bodskapet som lyd og bilde.

    2.2 Kontrast

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Testside har kontrastfeil.
    Nr Side Tal element med kontrastfeil
    1 Side 8 11

    Kommentar til brot

    Det skal vere tilstrekkeleg kontrast mellom bakgrunn og tekst. Dette gjer at brukarar med moderat nedsett syn i større grad kan lese teksten. Tilstrekkeleg kontrast gir auka brukarvennlegheit for alle brukarar.

    2.3 Presentasjon

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Sider med syntaksfeil i koden.
    Nr Side Element som ikkje er nøsta korrekt Element som ikkje er avslutta korrekt Element som har same attributt fleire gonger Element som har IDar som ikkje er unike Sum Fatal error
    1 Side 2 0 0 0 0 0 Ja
    2 Side 3 0 0 0 0 0 Ja
    3 Side 4 0 0 0 0 0 Ja
    4 Side 5 0 0 0 0 0 Ja
    5 Side 6 0 0 0 0 0 Ja
    6 Side 7 32 0 0 0 32 Nei
    7 Side 8 0 0 0 0 0 Ja
    8 Side 9 0 0 0 0 0 Ja
    9 Side 10 0 0 0 0 0 Ja
    10 Side 1 2 4 0 0 6 Ja

    Kommentar til brot

    Feila gjer også at nettstaden er uoversiktleg og vanskeleg for dei som brukar skjermlesar. Korrekt kode er viktig for å sikre at alle brukaragenter, som for eksempel ulike nettlesarar og hjelpemiddel presenterer innhald på nettsida på rett måte for brukaren.

    • Koden på nettsida skal ha rett syntaks. Syntaksfeil fører til at innhaldet ikkje blir presentert på ein påliteleg måte i ulike nettlesarar og hjelpemiddel.

    2.4 Skjema

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Skjemaelement med identifikasjon i form av: - tekst, som ikkje alltid er synleg når elementet er i fokus. Skjemaelement har ikkje identifikasjon i form av ikon/symbol/bilde.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 2 Søk 3.3.2a-1
    2 Side 3 Input t.h 3.3.2a-4
    3 Side 3 Skriv inn emne 3.3.2a-5
    4 Side 4 Lydspor 4 3.3.2a-10
    5 Side 4 Lydspor 5 3.3.2a-11
    6 Side 4 Lydspor 6 3.3.2a-12
    7 Side 4 Søk etter innhold 3.3.2a-6
    8 Side 4 Lydspor 1 3.3.2a-7
    9 Side 4 Lydspor 2 3.3.2a-8
    10 Side 4 Lydspor 3 3.3.2a-9
    b) Skjemaelement med identifikasjon i form av: - tekst, som ikkje alltid er synleg når elementet er i fokus - ikon/symbol/bilde, som ikkje er rett identifisert i koden.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 3 Søk t.h 3.3.2a-3
    2 Side 8, Side 9, Side 3 Søk 3.3.2a-13
    3 Side 10 Tekstboks m/innhold forhåndsutfyllt 3.3.2a-15
    c) Skjemaelement er ikkje er kopla til ein ledetekst i koden.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 2 Søk 4.1.2a-1
    2 Side 2 Skriv inn tekst 4.1.2a-2
    3 Side 2 Skriv inn tekst, tekstbox 2 4.1.2a-3
    4 Side 3 Gi produktet en tittel 4.1.2a-4
    5 Side 3 Input t.h 4.1.2a-5
    6 Side 3 Skriv inn emne 4.1.2a-6
    7 Side 4 Søk etter innhold 4.1.2a-7
    8 Side 8 Select 4.1.2a-8
    9 Side 10 Tekstboks m/forhåndsutfylt innhold 4.1.2a-9
    d) Knapp er kopla til ein ledetekst i koden. Ledeteksten identifiserer ikkje knappen.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 1 Informasjonsknapp per modul 4.1.2b-1
    2 Side 1 Informasjonsknapp per modul 4.1.2b-2
    3 Side 1 Informasjonsknapp per modul 4.1.2b-3
    4 Side 5 Info 4.1.2b-19
    5 Side 5 Info 4.1.2b-20
    e) Knapp er ikkje koda med <input> eller <button>. Knapp er ikkje koda med role="button".
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 1 Samfunn card 4.1.2b-4
    2 Side 1 Logg ut 4.1.2b-5
    3 Side 2 Forhåndsvisning 4.1.2b-6
    4 Side 2 Rediger rute 4.1.2b-7
    5 Side 2 Repeat 4.1.2b-9
    6 Side 3, Side 2 Undo 4.1.2b-10
    7 Side 3 Redo 4.1.2b-11
    8 Side 3 Underemne 4.1.2b-12
    9 Side 3 Emne 4.1.2b-13
    10 Side 4 Gå til starten 4.1.2b-14
    11 Side 4 Spill av 4.1.2b-15
    12 Side 4 Gå til slutten 4.1.2b-16
    13 Side 4 Spill av 4.1.2b-17
    14 Side 4 Lagre 4.1.2b-18

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka gjer skjemaet vanskeleg å bruke for alle. Krava som ikkje er oppfylte skal særleg ivareta brukarar som er blinde, fargeblinde eller har nedsett syn, nedsett motorikk eller nedsett kognisjon.

    • Skjemaelement skal ha ledetekst eller instruksjonar som set brukaren i stand til å betene skjemaet ved visuell identifikasjon i form av ledetekst, instruksjon eller ikon, symbol eller bilete. Ledeteksten skal alltid være synlig når elementet er i fokus.
    • Skjemaelement skal vere kopla til ein ledetekst i koden slik at hjelpemiddelteknologi presenterer riktig ledetekst, og brukaren veit kva informasjon som skal fyllast ut i feltet.
    • Knappar skal vere kopla til ein ledetekst i koden, og ledeteksten skal identifisere knappen. Innhald i koden skal ha ein identifikasjon. Identifikasjon av skjemaelement og knappar gjer at brukaren veit kva han skal skrive inn, og kva som skjer når han trykker på knappen.
    • Knappar som ikkje er koda med standardelementa i (X)HTML, skal ha informasjon om rolle.

    2.5 Struktur

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Visuelt overskriftsnivå samsvarar ikkje med koda overskriftsnivå.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 7 Veiledningsside Creaza samfunn 1-4 1.3.1a-14
    b) Visuell overskrift er ikkje koda som overskrift.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 3 Siste 1.3.1a-7
    2 Side 4 "AudioEditor" 1.3.1a-9
    3 Side 7 "Hjelp" i footer. 1.3.1a-15
    4 Side 8 Rettferdighet og likhet 1.3.1a-16
    5 Side 9 Filter 1.3.1a-17
    c) Tabell er ikkje koda med <table>.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 8 Oversikten over mine produkter. 1.3.1b-8
    d) Visuell unummerert liste er ikkje koda med <ul>.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 7 Lista under "Hjelp" i footer. 1.3.1c-13
    2 Side 7 Lista under "Brukervilkår" i footer. 1.3.1c-14

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka fører til at nettstaden er vanskeleg og uoversikteleg for blinde og svaksynte.

    • Visuelle overskrifter skal samsvare kodemessig med korleis overskrifta framstår visuelt.
    • Visuelle overskrifter skal vere koda som overskrifter.
    • Tabellar og visuelle lister skal vere korrekt koda.

    2.6 Tastaturbetjening

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Det er ikkje mogleg å nå og betene alt innhald/funksjonalitet med tastatur.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 2 Innholdet under "Lagre". 2.1.1a-2
    2 Side 2 Innholdet under "Tekst". 2.1.1a-3
    3 Side 2 Innholdet under "Tegning". 2.1.1a-4
    4 Side 2 Alt innhold i høyre del av siden. 2.1.1a-6
    5 Side 2 Alt innhold nederst på siden. 2.1.1a-7
    6 Side 3 Menylinjen ved "Mindomo". 2.1.1a-8
    7 Side 3 Søk 2.1.1a-9
    8 Side 4 Se bildedok. 2.1.1a-10
    9 Side 10 Se bildedok. 2.1.1a-11
    b) Testside har tastaturfelle som det ikkje er mogeleg å navigere ut av.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 3 Tab for å legge til, kan ikke fjerne bare bevege frem eller tilbake 2.1.2a-1

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka, gjer at nettstaden er vanskeleg å bruke for personer som må, eller ønskjer å navigere med tastatur. Dette rammer særleg blinde, personer med nedsett syn, og personar med varig eller mellombels nedsett handfunksjon.

    • Alt innhald og funksjonalitet som er naturleg å bruke med tastatur skal kunne nåast og betenast.
    • Det skal vere mogleg å navigere seg ut av element og funksjonar ved hjelp av tastatur.

    3 Om kontrollen

    3.1 Tema

    Føremålet med tilsynet er å kontrollere om Tromsø kommune etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for kontrollen.

    Tilsynet omfatta følgjande tema:

    • Alternativt format
    • Kontrast
    • Presentasjon
    • Skjema
    • Struktur
    • Tastaturbetjening

    3.2 Krav

    Oversikt over krav (suksesskriterium) som er testa i kontrollen:

    3.3 Testreglar

    Oversikt over testreglar som er brukt i kontrollen:

    • 1.1.1a Bilde har tekstalternativ
    • 1.2.2a Førehandsinnspelt video med lyd, er teksta
    • 1.3.1a Overskrifter er rett koda
    • 1.3.1b Tabellar og overskriftsceller er rett koda
    • 1.3.1c Lister er rett koda
    • 1.3.3a Instruksjonar for betening av skjema, er ikkje utelukkande avhengige av sensoriske eigenskapar
    • 1.4.3c Det er tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn
    • 1.4.4a Tekst kan forstørrast til minst 200 % utan tap av innhald og funksjonalitet
    • 2.1.1a Det er mogleg å nå og betene innhald med tastatur
    • 2.1.2a Det finst ingen tastaturfeller på nettsida
    • 2.4.7a Innhald som kan betenast med tastatur, får synleg fokusmarkering
    • 3.3.1a Skjema gir feilmelding viss tomme obligatoriske skjemafelt blir oppdaga automatisk
    • 3.3.2a Skjemaelement har instruksjon eller ledetekst
    • 4.1.1a Koden inneheld ikkje syntaksfeil
    • 4.1.2a Skjemaelement er identifiserte i koden
    • 4.1.2b Knappar er identifiserte i koden

    3.4 Testinga av nettstaden

    Vi har testa 13 av dei 35 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta og vi har brukt 16 testreglar.

    Verifikasjonen er gjort ved testing av 10 enkeltsider på nettstaden. Oversikt over testsider går fram av punkt 2.3.

    Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:

    • Google Chrome, versjon 112.0.5615.138
    • Kodevalidatoren til W3C
    • Siteimprove Accessibility Checker (Utviding i Chrome)

    Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar. For informasjon om målemetodane vi har brukt, viser vi til testregelsettet vårt.

    3.5 Enkeltsider som vart testa

    Vi har testa følgjande enkeltsider:

    3.6 Aktivitet under tilsynet

    Tilsynet med Tromsø kommune omfatta følgjande aktivitetar:

    1. Tilsynsvarselet vart sendt 13.03.2023.
    2. Vi fekk tilbakemelding/dokumentasjon frå verksemda 27.03.2023 og 14.04.2023.
    3. Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 16.
    4. Førebels rapport og bildedokumentasjon av feil vart sendt 25.04.2023.
    5. Vi mottok tilbakemelding frå kommunen 10.05.2023.

    5 Standarden for nettløysingar

    Ved å følgje WCAG 2.1 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:

    • Syn
    • Kognisjon
    • Lese- og skrivevanskar
    • Norsk som andrespråk
    • Motorikk
    • Høyrsel
    • Epilepsi
    • Belastningsskadar

    Nettløysingar som følgjer krava vil vere meir brukarvennlege for alle.

    Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første og andre ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.1 nivå A og AA, med tre unntak.

    47 av 78 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.

    WCAG 2.1 er bygd opp av 4 prinsipp, 13 retningslinjer og 78 testbare suksesskriterium:

    • Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
    • Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
    • Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.

    I tillegg viser WCAG 2.1 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.