Verktøy for uu-testing av nettstaden din

Her vil du finne ei oversikt over verktøy, program og teknikkar vi nyttar når vi gjennomfører tilsyn, testar i uttalesaker og statusmålingar, eller sjekkar status for universell utforming av ikt i eigne ikt-løysingar.

  • Tilsynets indikatorer er målemetoden vår, som inneheld prosedyrar for å teste dei ulike krava i WCAG. Bruk indikatorane og test nettstaden din på same måte som vi gjer i tilsynet. Verktøya som er nemnt i lista under, blir brukt i enkelte av indikatorane.
  • WCAG-sjekkliste har vi utvikla for at du lettare kan få oversikt over status for universell utforming for kvar nettløysing. Sjekklista kan brukast som arbeidsliste både i det daglege arbeidet med universell utforming og i førebuingane til utfylling av tilgjengelegheitserklæring.
  • Colour Contrast analyser let deg finne graden av kontrast mellom element på nettstaden. Du får også vite fargekodane på innhaldet du har markert, og om kontrastgraden tilfredsstiller dei ulike krava for både liten og stor skrift.
  • W3C HTML Validator sjekkar om koden er i tråd med krava for den nyaste versjonen av HTML.
  • Accessibility tree (eller tilgjengelegheitstre) er eit verktøy som viser kva informasjon ei nettside gir til hjelpemiddelteknologi, som for eksempel skjermlesarar. Å bruke Inspiser-verktøyet for å sjekke tilgjengelegheita til kvart sideelement individuelt kan bli ganske tidkrevjande. Ein alternativ måte å sjekke ei nettside på er å bruke tilgjengelegheitstreet.
  • Nettlesarar: Når vi gjennomfører tilsyn testar vi primært med Chrome, som er den mest brukte nettlesaren i Noreg p.t. Vi kan også teste med andre nettlesarar, som Firefox eller Opera. Vi bruker utviklarverktøya som kjem innebygd i nettlesaren for å teste suksesskriteriane etter instruksjonar i indikatorane.
  • Programtillegg (plugins):
    • WhatFont hjelper deg å inspisere skriftstørrelse og skrifttype på teksten. Det er ulike krav til kontrast for stor og liten tekst, og WhatFont vil hjelpe deg som testar eller utviklar å få eit tydelegare bilde på kva som kan gjerast for å tilpasse innhaldet på nettsidene dine til ulike brukarbehov.
    • Siteimprove Accessibility Checker er ein tilgjengelegheitssjekkar frå Chrome, som gir deg ei umiddelbar oversikt over tilgjengelegheita til nettstaden, saman med forklaringar og rettleiing for korleis du kan fikse problema.
    • axe Devtools - Web Accessibility Testing er ein annan tilgjengelegheitssjekkar frå Chrome, som hjelper med å finne og fikse fleire tilgjengelegheitsproblem.