Hopp til hovudinnhald

Oppgåver

Informasjon om tilsynet sine oppgåver.

Digitaliseringsdirektoratet er gjennom regelverket om universell utforming av ikt pålagt til å følge opp at nettsider, appar og sjølvbetjeningsautomatar i offentleg og privat sektor er utforma i samsvar med krava. Oppgåva er ein integrert del av direktoratet si samla verksemd. Samtidig stiller tilsynsfunksjonen særlege krav til uavhengigheit i direktoratet.

Tilsynet sin visjon om eit samfunn utan digitale barrierar bygger på formålet med regelverket. Visjonen støttar regjeringa sitt mål om ein ikt-politikk for verdiskaping og deltaking for alle.

Hovudoppgåver

Våre hovudoppgåver er å

  • kontrollere om verksemder oppfyller krava for nettløysingar og sjølvbetjeningsautomatar
  • informere og rettleie i juridiske og ikt-faglege spørsmål om universell utforming av ikt
  • skaffe oversikt over status for universell utforming av ikt
  • vere eit fagorgan for utvikling av regelverk og området universell utforming av ikt, nasjonalt og internasjonalt

Tilsynet behandlar ikkje klager om diskriminering

Om du ikkje kan bruke ei nettside, ein app eller ein automat fordi den ikkje er universelt utforma, kan du få råd og rettleiing av Likestillings- og diskrimineringsombodet, mens det er Diskrimineringsnemnda som handsamar klager.

Tilsynet har kontrollert etterleving av regelverket sidan 1. juli 2014. Målet er å sikre at føremålet med likestillings- og diskrimineringslova og forskrifta vert oppnådd på best mogleg måte.

Tilsynet vart etablert 1. juli 2013. Tilsynet var ein del av Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi). Frå 1. januar 2020 vart tilsynet ein del av det nye Digitaliseringsdirektoratet.