Hopp til hovudinnhald

Strategien vår

Oppretta: 19. juni 2025

Forord

Denne strategien tek utgangspunkt i vårt samfunnsoppdrag og viser korleis vi skal løyse dette i ei verd prege av rask digitalisering og komplekse utfordringar.

Portrettfoto av Malin Rygg

Strategien består av fire strategiske mål. Desse måla styrer både vår daglege drift og den langsiktige utviklinga av verksemda. Strategien gjeld så lenge føresetnadene ho byggjer på er gyldige, og vil vere førande for våre prioriteringar og retningsval.

Med strategien for 2025–2029 tek vi eit nytt steg i utviklinga av eit moderne og datadrive tilsyn. Vi forpliktar oss til å styrkje arbeidet med universell utforming, sikre betre etterleving av regelverket og bidra til eit meir inkluderande digitalt samfunn der alle har like moglegheiter til å delta. Gjennom tett samarbeid med ulike sektorar og aktørar vil vi fremje universell utforming på tvers av samfunnet og sikre at digitaliseringa blir eit verktøy for alle. Dette er avgjerande for å oppretthalde eit inkluderande demokrati med høg tillit og for å realisere potensialet i digitaliseringa for heile befolkninga.

Signatur Malin Rygg

Malin Rygg
Tilsynsdirektør
Juni 2025

Eit samfunn utan digitale barrierar

Visjonen vår er eit samfunn utan digitale barrierar. Målet er å fremme inkludering og motverke digitalt utanforskap. Alle skal oppleve likeverd og ha dei same moglegheiter til likeverdig deltaking i samfunnet.

Likeverdig deltaking er ein føresetnad for å kunne ivareta grunnleggande rettar som ytringsfridom, retten til utdanning og arbeid og inkludering og deltaking i samfunnet elles – rettar som er nedfelt både i menneskerettane, CRPD (konvensjonen for menneske med nedsett funksjonsevne) og Grunnlova.

Føremålet med lova er å fremme likestilling og hindre diskriminering

Lova skal bidra til å bygge ned samfunnsskapte funksjonshemmande barrierar, og hindre at nye vert skapt. Alle skal oppleve likeverd, ha like moglegheiter og like rettar.

Digitaliseringsstrategien prioriterer digital inkludering

Regjeringa vil fram mot 2030 sikre at alle får ta del i digitaliseringa. Digital inkludering er derfor 1 av 6 innsatsområde i den nye digitaliseringsstrategien.