Hopp til hovudinnhald

Meir digitalisering utfordrar oss

Noreg er blant dei mest digitaliserte landa i verda. Den teknologiske utviklinga skjer raskt og gir store moglegheiter for både innbyggjarar og verksemder. Digitale tenester er no ein naturleg del av kvardagen – på skulen, i arbeidslivet, på fritida, når vi tek buss, betaler rekningar, les nyheiter, ser på underhaldning eller held kontakt med venner og familie. Digitalisering handlar ikkje lenger berre om å kunne bruke ei enkelt teneste, men om å kunne delta fullt og heilt i samfunnet.

Oppretta: 19. juni 2025
Illustrasjon av to menn i ulike aldre som står vendt mot kvarandre. Den eine har eit nettbrett i hendene. Over dei svevar ikon for ulike, kvardagslege, digitale gjenstandar.

For at alle skal få ta del i desse moglegheitene, må digitaliseringa vere inkluderande og tilpassa mangfaldet i befolkninga. Ei inkluderande digitalisering er avgjerande for å bevare demokratiet og tilliten i samfunnet. EU sitt digitale kompass for 2030 og regjeringa sin digitaliseringsstrategi peikar begge på digital deltaking som ein føresetnad for demokratisk medverknad.

Sjølv om nordmenn i snitt er digitalt modne, står om lag 20 prosent i fare for digitalt utanforskap – særleg utsett er eldre, personar med funksjonsnedsettingar, dei med norsk som andrespråk og barn i sårbare situasjonar. Når digitale løysingar ikkje er tilgjengelege, blir det vanskelegare å delta i samfunnet – noko som igjen kan forsterke sosialt utanforskap.

Kartlegginga Erfaringer med bruk av ikt-løsninger bant personer med nedsatt funksjonsevne (Proba 2020) viser at digitale barrierar framleis pregar kvardagen til mange. Heile 70 prosent av personar med funksjonsnedsettingar opplever utfordringar med å bruke digitale tenester, og særleg personar med syns- eller kognitive nedsettingar rapporterer om omfattande problem.

Typiske hinder er dårleg kontrast, utydelege skjema, mangel på tekstalternativ og at navigasjon krev bruk av mus. Mange opplever også at det ikkje finst alternativ når dei ikkje får løysinga til å fungere.

Figuren bygger på ei spørjeundersøking der 342 personar med ulike typar funksjonsvariasjonar svarar på i kva grad dei opplever at funksjonsnedsettinga påverkar bruk av digitale løysingar som pc, mobiltelefon og sjølvbeteningsautomatar (Proba 2020).

Tilsynsdata frå 2015 til 2024 viser at mange digitale løysingar framleis bryt med grunnleggande krav til universell utforming. Vi finn feil i over 90 prosent av løysingane knytt til at innhaldstypar ikkje er koda slik dei ser ut som og at videoar ikkje er teksta. Manglande tekstalternativ, for låg kontrast og å kunne nå alt med tastaturnavigasjon er også utbreidde feil.

Figuren viser dei vanlegaste regelverksbrota i tilsyn, målt i kor stor del av kontrollane dei førekjem i.

Innbyggarundersøkinga 2024 frå DFØ viser at éin av fire bruker offentlege digitale tenester dagleg eller kvar veke, og to av fem brukar dei månadleg. Samtidig viser undersøkinga at innbyggarane berre er moderat fornøgde med brukarvenlegheita i dei digitale tenestene. Skåren for kor lett det er å fylle ut skjema og søknader ligg på 5,4 av 10.

Digitalisering flyttar meir ansvar over på den enkelte. Brukaren må ha både utstyr, kompetanse og språkforståing – og i tillegg evne til å navigere komplekse grensesnitt og vurdere informasjon kritisk. Når verksemdene legg meir ansvar på brukarane, kviler det eit større ansvar på verksemdene for å sikre at digitale løysingar faktisk fungerer for alle. Inkluderande digitalisering er ikkje valfritt – det er eit ansvar som følgjer av regelverket. Gjennom mellom anna å etterleve krava til universell utforming av ikt, bidreg verksemdene til å førebygge digitalt utanforskap. Universell utforming handlar ikkje berre om tekniske krav, men om å gjere det mogeleg for innbyggarar som har behov for det, å bruke digitale løysingar. Samtidig veit vi at universell utforming gjer det enklare for alle. Det er nødvendig for nokon, men bra for alle. Slik bidreg universell utforming til å sikre likeverd og deltaking i ei digital tid.

Den digitale utviklinga stiller nye krav til tilsynet. Vi må forstå meir – og raskare. Det krev systematisk innsiktsarbeid og betre datagrunnlag for å avdekke barrierar og utviklingstrekk, slik at vi kan gje treffsikre råd og målretta rettleiing. Vi må òg følgje med på teknologiutviklinga – til dømes innan kunstig intelligens – og vurdere korleis ny teknologi kan skape både moglegheiter og nye former for diskriminering. KI-løysingar som ikkje er utvikla med digital inkludering i tankane, kan forsterke ulikskapar snarare enn å løyse dei.

Perspektivmeldinga 2024 slår fast at aldring, knappheit på arbeidskraft og behovet for effektiv ressursbruk krev meir digitalisering og smartare løysingar. Samstundes minner meldinga om at det er avgjerande å forvalte ressursane på ein måte som ikkje aukar ulikskap. Ei inkluderande digitalisering er derfor ikkje berre eit spørsmål om brukarvennlegheit – det handlar om tillit, rettferd og demokrati. For dei som fell utanfor, betyr dette ikkje berre praktiske utfordringar – det betyr tapt deltaking i samfunnsliv og borgarrettar.

Digital deltaking er ein føresetnad for å kunne bruke ytringsfridom, ta utdanning, delta i arbeidslivet og vere ein del av fellesskapet. Dersom vi ikkje tek innover oss dei strukturelle barrierane mange møter, kan digitalisering bidra til at eksisterande ulikskapar sementerast og forsterkast. Vår visjon – eit samfunn utan digitale barrierar – blir derfor stadig meir relevant. Det krev at tilsynet er både framsynt og handlingskraftig, og at vi evnar å vere ei tydeleg stemme for rettferdig og inkluderande digital utvikling.

For verksemder betyr dårleg tilgjengelegheit færre brukarar og tapt verdiskaping. Universell utforming av ikt er derfor ikkje berre eit juridisk krav, men ei investering i rettferd, berekraft og lønsemd. Digital inkludering gjer samfunnet meir effektivt og sørger for at fleire kan bruke tenestene – uansett bakgrunn og føresetnader.