Hopp til hovudinnhald

Slik jobbar vi i dag

Tilsynet for universell utforming av ikt (Uu-tilsynet) arbeider for å sikre at digitale tenester er tilgjengelege for alle – uavhengig av funksjonsevne. Vi fører tilsyn med nettstader, appar og sjølvbeteningsautomatar i både offentleg, privat og frivillig sektor. Med datadrivne metodar og innovative verktøy gjer vi arbeidet meir effektivt og treffsikkert.

Laga: 19. juni 2025

Vi bidreg til digital inkludering for alle gjennom å

Test
  • føre tilsyn med at offentlege og private verksemder følgjer krava til universell utforming av ikt
  • tilby ei løysing for sjølvdeklarering av nettstader og appar i offentleg sektor, og ei forenkla datalevering for leverandørar
  • gi informasjon og rettleiing, også sektorretta – for eksempel om digitale læremiddel
  • gi faglege råd basert på erfaring, innsikt og teknologiutvikling
  • vere ei tydeleg stemme for digital inkludering i samfunnsdebatten
  • overvake marknaden og analysere data for å avdekke barrierar og utviklingstrekk
  • samle og dele erfaringar gjennom dialog med brukarar, verksemder, akademia og media
  • delta i nasjonalt og internasjonalt samarbeid og standardiseringsarbeid
  • utvikle digitale tilsynsmetodar og system for meir effektiv og automatisk kontroll