Digitale helsetenester er ikkje tilgjengelege for alle
I 2025–2026 gjennomførte vi eit sektortilsyn med digitale løysingar brukt i helsesektoren. Her finn du dei viktigaste funna. Les heile sektortilsynsrapporten nedst på sida.
Løysingane fungerer ikkje for alle
Sektortilsynet viser at mange brukar digitale helsetenester, og tenestene fungerer bra for dei fleste. Men det er likevel ein stor del som opplever vanskar i møtet med tenestene. Nokre av vanskane er knytt til at helsesektoren er stor og kompleks, med fragmenterte tenester.
brukar digitale helsetenester
innbyggarar har opplevd vanskar
verksemder knytt til helsenettet
Sjukt digital – historia om digitaliseringa av helsesektoren
Digitaliseringa av helsesektoren har kome langt på mange område. Men som sektortilsynet viser har ein eit stykke igjen å gå. Digitale helsetenester er ein del av den grunnleggande infrastrukturen.
Les historia om digitaliseringa i helsesektorenIngen av dei 19 kontrollerte løysingane oppfylte alle krava
Vi kontrollerte 19 digitale løysingar i helsesektoren. Ingen av dei kontrollerte løysingane oppfylte alle krava til universell utforming. Flest brot fann vi innan navigasjon, skjema og struktur.
gjennomførte tilsyn
brot på krava
vedtak om bot
Kva løysingar har vi ført tilsyn med?
Vi har ført tilsyn med Norsk Helseinformatikk, Helse Førde, MyDignio (app), ung.no, Folkehelseinstituttet, Aleris (nett og app), Volvat, Youwell, CheckWare, HelsaMi (Helseplattformen), Eyr (app), Apotek1, Helseklage, Helsenorge, Dr.Dropin (nett og app), Farmasiet og Norsk pasientskadeerstatning.
Les alle tilsynsrapportane frå sektortilsynet
Kva var dei vanlegaste feila?
Tilsyna viser at nokre krav til universell utforming skaper større utfordringar enn andre. Dei svakaste resultata finn vi mellom anna for feilidentifikasjon, informasjon og relasjonar og sidetitlar. Slike feil kan gjere det vanskelegare å forstå innhaldet, orientere seg og fylle ut skjema, særleg for personar som brukar hjelpemiddel som skjermlesar. Diagrammet viser suksesskriteria med lågast score. Scoren viser graden av samsvar med krava på ein skala frå 0 til 100, der høg score betyr høg grad av samsvar.
Kva konsekvensar får dei digitale barrierane?
Tal frå innbyggarundersøkinga Helse på nett viser at ein av fem møter barrierar i digitale helsetenester. Av dei brukte 60 prosent ekstra tid, opplevde stress eller auka kostnadar, 27 prosent opplevde forseinking i helsehjelp og 21 prosent mista tillit til digitale helsetenester.
brukte ekstra tid, opplevde stress eller auka kostnader
opplevde forseinking i helsehjelp eller kommunikasjon
mista tillit til digitale helsetenester
Fem på gata
Digitale tenester fungerer fint for dei fleste. Men mange møter også utfordringar. Høyr fem på gata fortel om erfaringane dei har med digitale helsetenester.
Kva gjer innbyggarane når dei møter barrierar?
Når innbyggarar møter barrierar i digitale helsetenester, prøver mange å finne ein veg vidare. Nokre prøver igjen seinare, medan andre ringjer, møter opp fysisk eller får hjelp frå andre. Men éin av fem gir opp utan å fullføre oppgåva. Dette gjer at både pårørande og sjukepleiarar ofte må hjelpe andre med digitale oppgåver. 39 prosent hjelper foreldre digitalt kvar månad, og om lag 35 prosent av eldre treng mykje eller svært mykje hjelp. Samtidig oppgir 75 prosent av sjukepleiarar at dei hjelper pasientar digitalt regelmessig.
Les meir om resultata frå innbyggarundersøkinga Helse på nett
Her er våre råd til helsesektoren
Resultata frå sektortilsynet viser at det er behov for tiltak på fleire nivå for at digitale helsetenester skal vere tilgjengelege for alle. I rapporten etter sektortilsynet gir vi fire råd til myndigheiter, verksemder og leverandørar. Sjå råda i figuren under, og les meir i rapporten om kva dei betyr.
Korleis vert særleg sårbare grupper påverka?
Fleire grupper i Noreg kan møte barrierar i bruken av digitale helsetenester i større grad enn andre. Det gjeld mellom anna innsette i fengsel, personar i psykisk helsevern, menneske utan trygg bustad, barn under barnevernet si omsorg og personar som lever med demens. Felles for mange er at dei har samansette behov, har avgrensa tilgang til digitale verktøy eller dei har behov for støtte frå andre. Når helsetenester i aukande grad blir digitale, kan slike barrierar gjere tilgangen meir krevjande.
Kvifor er universell utforming viktig for beredskapen?
I krisesituasjonar er behovet for rask, presis og tilgjengeleg informasjon særleg stort. Digitale helsetenester må derfor kunne brukast av heile befolkninga, uavhengig av funksjonsevne, språk og digital kompetanse. Manglande tilgjengelegheit kan føre til at sårbare grupper ikkje får nødvendig informasjon eller helsehjelp. Dette svekker både tryggleiken til den enkelte og samfunnet si evne til å handtere kriser. Tilgjengelegheit er derfor ikkje berre eit spørsmål om inkludering, men også om beredskap og samfunnstryggleik.
Konvensjon om rettighetene til mennesker med nedsatt funksjonsevne
Korleis kan digitale barrierar utfordre grunnleggande rettar?
Retten til helsehjelp for alle er eit grunnleggande prinsipp i det norske velferdssamfunnet, og har forankring i både nasjonale og internasjonale menneskerettar. Mellom anna er retten til respekt for privatliv, familieliv, heim og korrespondanse innfelt i Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK). Undersøkinga Helse på nett viser at 9 prosent måtte dele personleg informasjon med andre for å få hjelp.
Lov om styrking av menneskerettighetenes stilling i norsk rett (menneskerettsloven)
Les heile sektortilsynsrapporten
I rapporten «Er digitale helsetenester tilgjengelege for alle?» kan du lese meir om arbeidet bak og med rapporten, råd til myndigheiter, verksemder og leverandørar, og alle funn og konklusjonar etter tilsynet.
Er digitale helsetenester tilgjengelege for alle?