Hopp til hovudinnhald

Helse på nett – innbyggarundersøking om erfaringar med digitale helsetenester

Vinteren 2026 gjennomførte vi ei innbyggarundersøking om erfaringar med digitale helsetenester, som ein del av sektortilsynet med helsesektoren.

Kven brukar digitale helsetenester?

Nær ni av ti har brukt digitale helsetenester det siste året. Dei aller fleste innbyggarane brukar digitale helsetenester.

Kva seier tala?

  • 88,8 prosent av innbyggarane har brukt digitale helsetenester det siste året.
  • Dei mest brukte tenestene er timebestilling (75 prosent), reseptfornying (68 prosent) og prøvesvar eller journal (57 prosent).
  • Dei mest komplekse tenestene blir brukte av langt færre: 14 prosent har søkt om støtte eller refusjon, og 2 prosent har sendt klage eller søkt erstatning.
  • Over halvparten av ikkje-brukarane (54 prosent) hadde ikkje hatt behov for helsetenester. Blant dei som hadde behov for helsetenester føretrekker 61 prosent telefon eller oppmøte, 21 prosent synest tenestene er for vanskelege, og 11 prosent visste ikkje kva løysing dei skulle bruke.

Kvifor er dette viktig?

  • Ikkje-bruk handlar ofte om strukturar brukaren ikkje kan gjere noko med. Om lag 190 000 vaksne manglar elektronisk ID på rett nivå for å bruke digitale helsetenestene, og rundt 200 000 har reservert seg mot digital kontakt med det offentlege. For personar under verjemål, personar med demens, i institusjon eller utan smarttelefon er eID ei absolutt sperre – ikkje ein vanske som kan øvast bort.
  • Dei som fell utanfor er ofte dei som treng helsetenester mest. Digital kompetanse er den sterkaste enkeltfaktoren bak ikkje-bruk: Personar med låg digital kompetanse er over tre gonger så ofte ikkje-brukarar som dei med høg digital kompetanse (31 mot 9 prosent). Det same mønsteret gjeld helsekompetanse (22 mot 8 prosent).

Kva seier innbyggarane?

Kva seier innbyggarane sjølve om møtet med digitale helsetenester? I sitatbiblioteket kan du utforske fritekstsvara frå innbyggarundersøkinga bak «Helse på nett». Søk i sitata eller filtrer etter alder, funksjonsnedsetting, bruk av digitale helsetenester og kva sitata uttrykker.

Sitatbibliotek

Korleis skil telefonutvalet seg frå nettutvalet?

Også blant dei digitalt sårbare brukar tre av fire digitale helsetenester. Dei står altså ikkje utanfor det digitale, men dei står svakare i det og møter oftare utfordringar.

Kva seier tala?

  • 74,8 prosent hadde brukt digitale helsetenester det siste året, mot 88,8 prosent i nettundersøkinga.

  • Rangeringa er ei anna: Reseptfornying er den mest brukte tenesta (64 prosent), medan timebestilling ligg lågare (57 mot 75 prosent på nett).
  • Dei mest kompliserte tenestene er meir brukte, ikkje mindre: 24 prosent har søkt om støtte eller refusjon (mot 14 prosent på nett), og 7 prosent har sendt klage eller søkt erstatning (mot 2 prosent).
  • Skiljelinjene er skarpare enn i befolkninga elles. Blant dei med låg digital kompetanse svarer 45 prosent at dei ikkje brukar digitale helsetenester, mot 14 prosent blant dei med høg digital kompetanse. For helsekompetanse er tala 35 mot 18 prosent.
  • 64 prosent meiner dei kan ta i bruk nye digitale verktøy på eiga hand, mot 88 prosent på nett. 28 prosent er redde for å gjere feil når dei brukar offentlege digitale løysingar.

Kvifor er dette viktig?

  • Tre av fire i denne gruppa brukar digitale helsetenester. Utfordringa er ikkje at dei ikke er på nett, men at tenestene ikkje toler at brukaren er usikker, treng lengre tid eller gjer ein feil undervegs.
  • Dei brukar dei vanskelegaste tenestene oftare enn andre. Støtte, refusjon, klage og erstatning er tenestene med lågast score i tilsynet og høgast rapportert vanskegrad, og dei blir brukte to til tre gonger så mykje her som i befolkninga elles.
  • Utryggleik er ein barriere i seg sjølv. 28 prosent er redde for å gjere feil, og berre 53 prosent meiner dei kan vurdere om helseinformasjon på nettet er påliteleg. Ei teneste kan vere teknisk tilgjengeleg og likevel vere uråd å bruke for den som ikkje torer å prøve.

Kven møter digitale barrierar, og kva slags barrierar møter dei?

Blant dei som brukte digitale helsetenester det siste året, rapporterte 18 prosent at dei opplevde minst eitt steg som vanskeleg. Det tilsvarar om lag 750 000 innbyggarar.

Kva seier tala?

  • Personar med funksjonsnedsetting var nesten dobbelt så utsette (30 prosent) som personar utan funksjonsnedsetting (15 prosent). Låg digital kompetanse (39 prosent) og låg helsekompetanse (47 prosent) gav også vesentleg høgare risiko.
  • Mangelfull universell utforming vart rapportert av 17,5 prosent. Problem med innlogging og helse- eller livssituasjon vart rapporterte av om lag 12 prosent kvar.
  • Den vanlegaste barrieren var at brukarane var usikre på kva teneste dei skulle bruke (53 prosent).
  • Over ein tredjedel rapporterte tekniske problem med tenesta (36 prosent), og nesten ein fjerdedel hadde vanskar med å forstå språket (23 prosent).

Kvifor er dette viktig?

  • Personar med funksjonsnedsetting brukar digitale helsetenester i større grad enn befolkninga elles, men møter samtidig flest hindringar.
  • Når nesten ein fjerdedel ikkje forstår språket, handlar det om klarspråk og innhald, ikkje berre om teknisk tilgjenge.
  • 73 prosent i telefonutvalet seier dei forstår helseinformasjon dei finn på nettet, men berre 53 prosent meiner dei kan vurdere om informasjonen er påliteleg. Blant dei over 67 år er delen 45 prosent.

Kva skjer når digitale helsetenester ikkje fungerer?

Mange ringde eller møtte opp fysisk i staden. Når innbyggarane møtte barrierar i digitale helsetenester, prøvde nesten halvparten igjen seinare (49 prosent). 28 prosent valde å ringe eller møte opp fysisk, noko som flyttar belastinga over på telefon- og oppmøtetenestene i helsevesenet.

Kva seier tala?

  • Når innbyggarane møtte barrierar, valde mange å gå utanom den digitale løysinga.

  • Nesten halvparten (49 prosent) prøvde igjen seinare, medan 28 prosent ringde eller møtte opp fysisk.
  • 20 prosent gav opp utan å fullføre oppgåva, og 17 prosent fekk hjelp av familie eller vener.
  • Konsekvensane var konkrete: 60 prosent rapporterte ekstra tid, stress eller kostnad, og 27 prosent opplevde forseinking i helsehjelp eller kommunikasjon.
  • 21 prosent mista tillit til digitale helsetenester, og 9 prosent måtte dele personleg informasjon med andre for å få hjelp.

Kvifor er dette viktig?

  • Når nesten tre av ti ringer eller møter opp fysisk i staden, blir belastinga flytta over på dei telefon- og oppmøtetenestene som digitaliseringa skulle avlaste.
  • At helseopplysningar må delast med familie eller vener for å få tilgang til ei teneste, inneber at digitale barrierar i praksis kan undergrave retten til å halde helseopplysningar for seg sjølv.
  • Tapt tillit er vanskeleg å bygge opp igjen. Når éin av fem mister tilliten til digitale helsetenester, påverkar det viljen til å bruke dei neste gong.

Kva tenester og steg er vanskelegast?

Komplekse tenester er vanskelegast. Heatmapet viser kva andel av brukarane som rapporterte kvart steg i kvar teneste som vanskeleg.

Enkle og rutineprega tenester som reseptfornying og timebestilling har låge vanskegrader på tvers av alle steg. Meir komplekse tenester som å sende klage eller søke om støtte og refusjon har vesentleg høgare vanskegrader, særleg på stega «gjennomføre handling», «forstå informasjon» og «finne informasjon».

Kva seier tala?

  • Vanskane kjem sjeldan ved innlogging, men seinare i brukarreisa, og dei rammar dei mest komplekse tenestene.

  • Enkle og rutineprega tenester som reseptfornying og timebestilling har låge vanskegrader på tvers av alle steg.

  • Å sende klage eller søke om erstatning er vanskelegast: 29 prosent opplevde «gjennomføre handling» som vanskeleg, medan 27 prosent opplevde «forstå informasjon» og «finne informasjon» som vanskeleg.

  • Å søke om støtte eller refusjon er nest vanskelegast: 15 prosent opplevde «gjennomføre handling» som vanskeleg, medan 12 prosent opplevde både «finne informasjon» og «forstå informasjon» som vanskeleg.
  • Å logge inn er sjeldan eit problem. For dei fleste tenestene ligg steget under 5 prosent.

Kvifor er dette viktig?

  • Innlogging får mykje merksemd i den offentlege samtalen om digitale tenester, men tala viser at det er innhaldet og gjennomføringa som sviktar.
  • Dei vanskelegaste tenestene er dei med størst konsekvensar for den enkelte.

Slik gjennomførte vi undersøkinga

For å få eit breitt bilde gjennomførte vi to undersøkingar med til saman 3 677 deltakarar. Ei nettundersøking gir kunnskap om befolkninga generelt, medan ei telefonundersøking gir meir kunnskap om personar med høg risiko for digitalt utanforskap.

3 177 svar frå eit representativt utval

Nettundersøkinga gjekk til eit representativt utval av innbyggarar over 16 år. Vi fekk 3 177 svar i perioden 27. januar til 10. februar 2026. Svara er vekta etter alder, helseregion og kjønn for å spegle befolkninga.

500 telefonintervju med digitalt sårbare

For å få betre kunnskap om personar med høg risiko for digitalt utanforskap, gjennomførte vi i tillegg 500 telefonintervju i februar og mars 2026. 387 var rekrutterte gjennom kontakt- og reservasjonsregisteret, og 113 hadde scora lågt på digital kompetanse i ei tidlegare kartlegging frå Digitaliseringsdirektoratet.

To undersøkingar som utfyller kvarandre

Dei to undersøkingane brukte ikkje heilt like spørjeskjema. Vi samanliknar derfor berre resultat der ordlyden og svarskalaen er den same. Telefonundersøkinga er ikkje vekta og er ikkje representativ for befolkninga.