Hopp til hovudinnhald

Sektortilsyn

I eit sektortilsyn brukar vi alle verkemidla vi har for å sjå nærare på ein bestemt sektor for ein periode.

Laga: 02. oktober 2025

    Kva er sektortilsyn?

    Sektortilsyn inneber at verkemiddel som kontrollar, områdeovervaking, kartleggingar og rettleiing blir retta inn mot å betre digital deltaking i ein bestemt sektor for ein periode, gjerne i 1–2 år.

    Uu-tilsynet har også dialog med verksemder, brukarorganisasjonar og leverandørar, myndigheitsorgan på området og andre viktige aktørar.

    Vi systematiserer innspel, gjer kartleggingar, analyserer data og går gjennom forsking. Samla skal desse aktivitetane gi Uu-tilsynet god oversikt og innsikt i kva som er utfordringane i sektoren knytt til universell utforming av ikt og digital inkludering.

    Formålet er å bidra til at digitaliseringa av sektoren kjem alle innbyggjarar til gode, uavhengig av funksjonsevne.

    Kvifor sektortilsyn?

    Uu-tilsynet meiner at når vi satsar på eit bestemt område for ein periode, får vi betre samla effekt av regelverket og meir kraft bak tiltaka som blir foreslått.

    Med formål om å sette saman eit breitt kunnskapsgrunnlag om digitalisering innanfor sektoren, identifisere viktige tiltak for å sikre likeverdig tilgang til digitale løysingar for innbyggarane og bidra til ein nyansert og kunnskapsbasert debatt, gjer vi undersøkingar og ser på ulike mål, rettar og krav i samanheng med analysar og vurderingar.

    Val av samfunnsområde – sektor

    Digitaliseringa går raskt, og har stor betydning for innbyggarane på ei rekke samfunnsområde. Basert på Uu-tilsynets kunnskap og vurderingar, vel vi ut ein sektor som er viktig for den enkelte, og som eignar seg for ei satsing.

    Kartleggingar og områdeovervaking

    Som del av sektortilsynet systematiserer vi informasjon og kunnskap og gjer ulike typar kartleggingar som skal bidra til å få oversikt og innsikt i situasjonen for sektoren vi fokuserer på. Dette bygger ofte ein kombinasjon av interne og eksterne kjelder, og i nokre tilfelle kjøper vi bistand. Slik informasjon blir for eksempel brukt som del av grunnlaget for prioriteringar, utval, vidare vurderingar og analysar.

    Rettleiing og innsikt

    I etterkant av satsinga, lagar Uu-tilsynet ei side med spesifikk informasjon basert på erfaringane som er gjort. Vi samlar grunnleggande rettleiing, verktøy og kunnskapsgrunnlag om universell utforming av ikt for den konkrete sektoren.

    Sjå for eksempel:

    Tilsyn eller andre kontrollar

    Resultat og andre opplysningar frå tilsyn eller andre typar kontrollar er viktig for å få data om etterleving av regelverket, og status for universell utforming av ikt på området.

    Normalt fører vi tilsyn med verksemder i både privat og offentleg sektor.

    Vi ønskjer variasjon i utvalet både når det gjeld type ikt-løysing, krava, kva brukaroppgåve som blir testa, samt å testa ulike typar funksjonalitet og sider på nettstader og i appar.

    Informasjon om framgangsmåten for tilsyn finn du i teksten Slik fører vi tilsyn med nettsteder og apper.

    Rapport med oppsummering, erfaringar og råd

    Mot slutten av perioden summerer vi aktivitetane i sektortilsynet i ein samla rapport. For sektoren er målet med satsinga å kunne seie noko om

    • Uu-tilsynet sine konklusjonar, råd og tiltak
    • Status for universell utforming av ikt
    • Politiske mål, strategiar og handlingsplanar
    • Omfanget av digitale løysingar
    • Brukarerfaringar
    • Marknaden for digitale løysingar
    • Regelverket og eventuelle særtrekk
    • Korleis sikre at digitaliseringa er nyttig for innbyggarane?

    Prioriteringar på tvers av sektorar

    Tips frå publikum, mediesaker og annan relevant informasjon kan vere grunnlag for at Uu-tilsynet gjennomfører hendingsbaserte tilsyn. Sjølv om Uu-tilsynet gjennomfører sektortilsyn, kan vi i same periode også kartlegge eller føre tilsyn med verksemder og digitale løysingar innanfor andre samfunnsområde. Prioriteringane bygger på kunnskap om risiko for svikt i etterleving, konsekvensar for den einskilde sin rett til samfunnsdeltaking og Uu-tilsynet sin samla kapasitet.