Ingen skal stå utanfor det digitale samfunnet. Regjeringa vil at alle skal vere inkluderte og ha lik tilgang. Samtidig er det store forskjellar i kva grad folk tek del i den digitale utviklinga, og mange opplever at digitale tenester er vanskeleg å bruke. Den nasjonale indeksen for digital inkludering viser kvar vi er komne lengst og kvar vi må styrke innsatsen.
DI-indeksen
DI-indeksen er eit statistisk mål for utvikling i digital inkludering over tid. Basisåret for DI-indeksen er 2023. Indeksen skal oppdaterast annakvart år med data for 2025, 2027 og vidare. Slik bygger vi heilskap og samanheng i kunnskap om individuelle føresetnader og systemskapte barrierar for digital inkludering – over tid.
Områda som inngår i indeksen
DI-indeksen er tematisk inndelt i områda tilgang, bruk, brukarvennlegheit og universell utforming, digital kompetanse og dømmekraft og tillit. Tema dekker både individ- og samfunnsperspektiva på digital inkludering. Områda bør ikkje samanliknast matematisk, men gir likevel indikasjonar på kvar barrierane er størst.