Hopp til hovudinnhald

Korleis har vi rekna?

For at ein indeks skal oppnå legitimitet som kunnskapsgrunnlag for innretting og oppfølging av tiltak, må både datakjelder og metode for utrekning dokumenterast og formidlast. Det skal vere mogleg å etterprøve og imøtegå alle indikatorar og utrekningar.

Laga: 02. juli 2025 Sist endra: 16. oktober 2025

Kva legg vi i omgrepet indeks og korleis går vi fram?

Ein indeks er eit samansett statistisk mål som vert brukt for å måle endringar over tid med utgangspunkt i eit gitt referanseår.

I DI-indeksen vil vi måle endringar i digital inkludering over tid ved å halde verdien frå basisåret konstant i alle seinare målingar. Basisåret er 2023, med enkelte unntak. Indeksen er i første versjon bygd opp av 71 enkeltindikatorar.

Dette er første versjon av indeksen. Når vi får gjort oss nokre erfaringar, Når vi får gjort oss nokre erfaringar, er det aktuelt å gjere endringar. Kontakt oss gjerne om du har innspel til indeksen.

Verdien i basisåret er rekna ut som eit aritmetisk gjennomsnitt av alle indikatorane. Det betyr at alle indikatorane har lik vekt. Gjennomsnittsverdien er ikkje eit mål for digital inkludering i seg sjølv, men ein basisverdi som vi legg til grunn for å måle endring, når vi oppdaterer indikatorane med nye data.

Basisverdien i referanseåret vert sett til 100. Når vi oppdaterer DI-indeksen med nyare data, reknar vi ut ein ny gjennomsnittsverdi og brukar denne til å måle prosentvis endring i digital inkludert, sett i forhold til basisverdien.

Områda som inngår i DI-indeksen

Ein gjennomsnittsverdi for alle indikatorane gir ikkje informasjon om i kva grad vi lukkast på områda som inngår i DI-indeksen. Det gir oss ikkje eit tilstrekkeleg grunnlag for å identifisere kva område som eventuelt må ha høgare prioritet i arbeidet med digital inkludering.

Vi treng ein datamodell som set oss i stand til å teikne eit meir nyansert bilde. Vi brukar nemninga datamodell for å vise kva tema og underliggande indikatorar som inngår i DI-indeksen.

Datamodellen definerer vi ved å gruppere enkeltindikatorane i DI-indeksen i kategoriar, eller område, som kvar for seg er viktige forklaringsfaktorar for digital inkludering.

Formålet er å måle utvikling i digital inkludering samla sett, og samstundes sjå overordna utvikling i lys av tal som viser utvikling i ei meir tematisk gruppering av indikatorar.

Vi har definert følgande tema som relevante for måling av utvikling i digital inkludering:

  1. Tilgang til internett, ikt-utstyr og eID
  2. Bruk av offentlege og private digitale tenester
  3. Brukarvennlegheit og universell utforming
  4. Digital kompetanse og ferdigheiter
  5. Tillit til teknologi og myndigheiter

Dei fem områda er definerte med bakgrunn i forskingsbasert kunnskap og kartleggingar. Områda tek opp i seg både system- og individperspektiv og dekker område vi har datagrunnlag for å måle.

På same måte som på aggregert nivå, reknar vi ut ein basisverdi som består av gjennomsnittet av indikatorane som inngår i kvart tema.

Dette føreset at alle enkeltindikatorane er knytte opp i grupper/tema, at tilknytinga er stabil og at alle indikatorane som var med i utrekning av basisverdi i referanseåret 2023, også er med i seinare utrekningar.

Det er viktig å understreke at vi i basisåret ikkje brukar verdiane på kvart enkelt tema eller område til å måle eksakte skilnader i score mellom områda. Dei kan ikkje samanliknast matematisk, då indikatorane kan ha ulikt datagrunnlag og ulike utrekningsmåtar.

Men dei kan likevel nyttast til å gi ein indikasjon på kvar vi er komne lengst og på kva område vi finn dei største barrierane for digital inkludering.

Når vi får oppdatert indeksen med data for 2025, måler vi prosentvis endring samla sett og prosentvis auke eller tilbakegang innanfor kvart område.

Korleis skal vi forstå indeksen?

DI-indeksen kan for eksempel vise ein auke i digital inkludering samla sett, men utviklinga i dei tematiske gruppene treng ikkje gå i same retning.

Auka digital inkludering kan vi for eksempel relatere til betring i tilgang, kompetanse og ferdigheiter, medan brukarvennlegheit og tillit står stille eller går ned. På denne måten vil vi kunne vurdere kva som er drivarane i utviklinga samla sett, og gi råd om kvar det bør setjast inn tiltak.

Dette set oss i stand til å analysere utvikling i digital inkludering over tid, med vekt på kva område som driv endringane. I mange høve vil vi ha behov for endå meir detaljert informasjon enn det vi kan hente ut av den overordna indeksverdien og frå verdiane for kvar av dei tematiske gruppene.

Når vi oppdaterer DI-indeksen med nye data, vil vi måle om og i kva retning DI-indeksen har endra seg samla sett, og kva utvikling vi måler innanfor kvar av tema/undergruppene.

Datakjelder

Datakjeldene som ligg til grunn for indikatorane som DI-indeksen famnar om, er lista opp og kommenterte i tabellen.

DatakjeldeTalet på indikatorarUtfyllande informasjon
SSB, Statistikkbanken 21

Data bygger på spørsmål til innbyggarar 16–79 år. Dei fleste indikatorane i indeksen reknar prosentdelar av innbyggarar som har vore på internett enten siste 3 månader eller i løpet av dei siste 12 månadene.

Data vert i hovudsak innhenta via webskjema, men med moglegheiter for telefonintervju.

Dei fleste datasetta vert oppdaterte årleg, med unnatak av data som viser erfaring og digitale ferdigheiter.

DFØ, Innbyggar-undersøkinga 22

Data bygger på spørsmål til innbyggarar 18 år og eldre.

Data vert samla inn gjennom ein kombinasjon av skjema på internett og per post, med purring per SMS. I kommande undersøking (2025) er det aktuelt å bruke telefonintervju som supplement.

Innbyggarundersøkinga spenner over svært mange samfunnsområde, med særleg vekt på offentlege tenester, også digitale. Undersøkinga vert gjennomfør annakvart år og vart i 2023 sendt ut til 60 000 innbyggarar.

HK-dir (vert overteke av Digdir frå 2025) 12

Data bygger på ei kartlegging av digitale ferdigheiter og digital deltaking i 2020/2021. Data vart samla inn gjennom telefonintervju av om lag 3000 innbyggarar 16 år og eldre.

Digdir har overteke ansvaret for undersøkinga som vert gjennomført i samarbeid med Verian hausten 2025. Når DI-indeksen skal oppdaterast med data for 2025, er samanlikningsgrunnlaget for desse indikatorane 2020/21, og ikkje 2023, slik det er på andre område.

Rambøll, IT i praksis 10

IT i praksis er ei undersøking der m.a. eit representativt utval av innbyggarar 16 år og eldre vert intervjua om haldningar og erfaringar med digitale offentlege tenester. Ipsos står for datainnsamling og gjennomfører 1000 telefonintervju blant eit representativt utval av befolkninga over 16 år.

Undersøkinga vert gjennomført årleg av Rambøll i samarbeid med IKT-Norge, Digitaliseringsdirektoratet, KS og NTNU.

Digdir og Uu-tilsynet 4

Digdir produserer store datamengder i tilknyting til i tilknyting til bruk av fellesløysingar som for eksempel MinID. I tillegg forvaltar Digdir Kontakt- og reservasjonsregisterert som inneheld oversikt over innbyggarar som reserverer seg mot digital kommunikasjon frå det offentlege.

UU-tilsynet produserer data for etterleving av regelverket for universell utforming av ikt. Per no inneheld indeksen data produsert i samband med tilsyn og i klagesaker om diskriminering på ikt-området. Data er p.t. ikkje egna for tidsseriar, men vert presenterte som akkumulerte tal som samvarsprosent (etterleving) for perioden indeksen dekker.

Nkom 2Nkom samlar inn data om husstandane sin tilgang til breiband og 4G/5G via årleg spørjeskjema til tilbydarar av ekomnett og -tenester. Ekomtilbydarane har registreringsplikt (ekomlovens §2-1), og med heimel i ekomloven §15-2 kan Nkom innhente denne type data.

Det går fram av diagramma kva kjelder som ligg til grunn for dei ulike indikatorane. Mange datakjelder vert oppdaterte årleg. Men i og med at DFØ si innbyggarundersøking vert gjennomført annakvart år, legg vi til grunn at indeksen vert oppdatert med same frekvens.

Første oppdatering av DI-indeksen vil dermed skje når det ligg føre data for 2025, altså sommaren 2026.