Universell utforming i ikt-anskaffingar
Det er alltid enklare å gjere ei nettløysing universelt utforma frå starten, framfor å rette feil i etterkant. I denne seminarrekkja gir vi ei innføring i korleis ein gjennom anskaffinga sikrar at krava til uu er oppfylte når de kjøper ei løysing frå ein ekstern leverandør. Det er ikkje eit kurs i anskaffingar.
Dette nettseminaret handlar om anskaffing av ikt-løysingar, med fokus på universell utforming.
Seminaret er delt inn i fem sekvensar:
- Kartlegging av behov.
- Forankring.
- Korleis stille krav.
- Gjennomføre konkurransen.
- Akseptansetesting, drifting og vidareutvikling.
Videoane under tek føre seg kvar av desse sekvensane. Videoane er teksta, og du kan slå på teksting i avspelingsruta.