Tillit til teknologi og myndigheiter
Tillit til myndigheiter og teknologi er avgjerande for digital inkludering. Indikatorane for tillit i DI-indeksen viser eit gjennomsnitt på 52 %.
Nøkkeltal
Gjennomsnittet av dei tolv indikatorane for tillit til teknologi og myndigheiter er 52 %.

Kva fortel tala om tillit til teknologi og myndigheiter?
- Tillit står fram som ei nokså stor utfordring, men det er likevel variasjonar i kva grad innbyggarane har tillit til offentlege digitale tenester.
- Tillit til myndigheitene sin bruk og forvaltning av persondata er noko høgare enn tillit til myndigheiter og teknologi.
- Det er i særleg grad låg tillit til avgjerder teke ved hjelp av automatiserte system, utan menneskeleg involvering.
- Generelt er tilliten høgare jo eldre innbyggarane er. Aldersgruppene 67 år og eldre har høgast tillit.
Kjelder: DFØ (Innbyggarundersøkinga), Rambøll (IT i praksis)
Meir om tillit til bruk og forvaltning av persondata
Tillit til bruk og forvaltning av persondata famnar om i kva grad innbyggarane har tillit til at personlege opplysningar som vert delt med offentlege formål vert nytta til legitime formål, at personvern vert ivareteke, og at data vert forvalta på ein trygg måte.
Diagrammet viser
For innbyggarar over 18 år:
- 64 % har tillit til at personlege opplysningar delt med offentlege myndigeter vert brukt til legitime formål.
- 60 % har tillit til at personleg informasjon som vert lagra i offentlege register vert oppbevara sikkert.
- 57 % har tillit til at myndigheitene sikrar personvernet.
- 47 % har tillit til at myndigheitene ivaretek internettsikkerheit og at opplysningar ikkje vert misbrukte eller kjem på avvegar.
Kjelder: DFØ (Innbyggarundersøkinga)
Meir om tillit til teknologi og kunstig intelligens
Tillit til teknologi og kunstig intelligens tek opp i seg indikatorar for tillit til at førehandsutfylte skjema frå det offentlege og avgjerder tekne utan menneskeleg involvering er korrekte, at kommunikasjonen med det offentlege berre føregår digitalt og at myndigheitene vil regulere teknologi.
Diagrammet viser
Svært stor variasjon i tillit til teknologi/kunstig intelligens, avhengig av kva område det er spurt om.
For innbyggarar 18 år og eldre:
- 77 % har tillit til at førehandsutfylte skjema frå det offentlege er korrekte. Her er skattemeldinga nemnt særskilt, noko svært mange har erfaring med gjennom mange år.
- 57 % har tillit til at ei avgjerd som vert teken av det offentlege utan menneskeleg involvering er korrekt. Her er det referert til tildeling av studiestøtte, trygdetildeling og liknande.
For innbyggarar 16 år og eldre:
- Fleirtalet meiner at det er behov for andre former for kontakt med det offentlege enn digital kontakt.
- 41 % meiner at det er greitt at kommunikasjonen med offentlege myndigheiter vert 100 % digital.
- 25 % meiner at det er greitt med automatiserte avgjerder frå det offentlege, utan menneskeleg involvering.
- Aldersgruppene over 60 år er minst positive til berre digital kontakt og at avgjerder frå det offentlege er utan menneskeleg involvering.
Kjelder: DFØ (Innbyggarundersøkinga), Rambøll (IT i praksis)
Meir om tillit til myndigheitsorgan og institusjonar
I tillit til myndigheitsorgan og institusjonar inngår både tillit til Storting, regjering og offentleg forvaltning.
Diagrammet viser
For innbyggarar over 18 år:
- 53 % har tillit til Stortinget
- 47 % har tillit til regjeringa
- 54 % har tillit til offentleg forvaltning
- 42 % meiner at det er sannsynleg at myndigheitene vil regulere teknologi (for eksempel KI) for ansvarleg bruk, men her er det ikkje observert skilnader i ulike aldersgrupper
Kjelder: DFØ (Innbyggarundersøkinga)
Tillit til både myndigheiter og forvaltning er under press
- Dette vert understreka ved at tilliten er lågare blant yngre enn eldre innbyggarar.
- Digitalt utanforskap er ei utfordring for tilliten til digitale tenester, noko som understrekar behovet for inkluderande digitalisering og god digitaliseringskompetanse, både hos offentlege og private tenestetilbydarar.