Hopp til hovedinnhold

Utforsk data om digital inkludering

Her kan du utforske og kombinere ulike data om digital inkludering. I dashbordet kan du filtrere på tema, enkeltindikatorar og kjelder og sette saman data der du ønskjer å sjå overordna samanhengar eller detaljar.

Opprettet: 02. juli 2025 Sist endret: 16. oktober 2025

Dashboardet gir deg oversikt over alle indikatorane som inngår i DI-indeksen. Desse blir viste enten gjennom søylediagram eller i tabellform, avhengig av om du er i del 1 eller del 2 av dashboardet.

I del 1 finn du dei fem områda som inngår i indeksen, lista opp ved sida av kvarandre. Når du klikkar på eit område, får du opp indikatorane som høyrer til. Dei blir viste i eit liggande søylediagram i synkande rekkefølge under kvart område. Samla verdi for området du har valt, blir vist heilt til høgre i diagrammet.

I del 2 kan du sortere alle indikatorane etter tema/område og undergrupper innanfor kvart tema. Her får du ei tabelloversikt som viser alle indikatorane som inngår, basert på vala dine for tema og undergruppe. Du kan også søke etter enkeltindikatorar ved å filtere på datakjelde.