Kvifor ein DI-indeks?
Dei nordiske og baltiske landa har mykje samarbeid om digitalisering. Som ein del av EU/EØS-området har vi også mykje av det same regelverket for digital inkludering. Med den norske DI-indeksen håpar vi å kunne bidra til ytterlegare samarbeid på tvers av landegrenser for auka kunnskap om digital inkludering.
Nordregio har på oppdrag frå Nordisk ministerråd i 2024 undersøkt korleis digital inkludering vert monitorert i dei nordiske og baltiske landa. DESI-indeksen (Digital Economy and Society Index) dekker ikkje digital inkludering. Dei foreslår derfor ei heilskapleg og varig overvaking av digital inkludering for å sikre rettferdig digital deltaking. Dei tilrår også samarbeid på tvers av landegrensene for læring og harmonisering.
I regjeringa sin digitaliseringsstrategi for 2024–2030, Fremtidens digitale Norge, er ambisjonen at Noreg skal vere verdas mest digitaliserte landet innan 2030. Eitt av satsingsområda er å bevare tillit, styrke inkluderinga og sikre omsynet til barn og unge.
Blant regjeringa sine viktigaste tiltak for å inkludere alle i eit digitalisert samfunn er å
- styrke innsatsen for å auke digital kompetanse hos seniorar
- styrke arbeidet med brukskvalitet, klarspråk og universell utforming i offentlege digitale tenester
- styrke innbyggarane sin digitale kompetanse gjennom pilotering av nærtenestesenter
- sikre auka brukarinvolvering ved utvikling av digitale tenester
- styrke Tilsynet for universell utforming av ikt
DI-indeksen skal vise korleis vi ligg an
Vi har mykje data, mange kartleggingar og etter kvart mykje forsking. Men kunnskapen er fragmentarisk og ikkje så lett tilgjengeleg.
Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) utarbeidde i 2019 ei tilråding på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Det vert tilrådd å systematisere eksisterande data betre, utvide eksisterande kartleggingar og utvikle betre målemetodar for meir presise og langsiktig målingar, for å sikre at heile befolkninga kan delta aktivt i et stadig meir digitalisert samfunn.
Tilsynet for universell utforming av ikt har derfor i samarbeid med Nkom, etablert ein indeks for digital inkludering.