Digital kompetanse og dømmekraft
Noreg har ei befolkning med relativt gode, men likevel varierande digitale ferdigheiter. Nettvett og digital dømmekraft peikar seg ut som stadig meir viktig for å kunne nyttiggjere seg digitale tenester på ein trygg og effektiv måte.
Nøkkeltal
Gjennomsnittet av dei 17 indikatorane for kompetanse og dømmekraft er 71 %.

Kva fortel tala om digital kompetanse og dømmekraft?
Digital kompetanse og dømmekraft viser eit nokså samansett bilde. Deler av datagrunnlaget er eldre, frå 2020/21, men er med her for å etablere eit grunnlag for å måle endring når kartlegginga vert gjennomført på nytt i 2025.
- 64 % er gjennomsnittet av indikatorane for nettvett og digital dømmekraft. Her inngår erfaring med faktasjekking av innhald, passord, pålogging, godkjenningar og identifikasjon av svindel.
- 87 % er gjennomsnittet av indikatorane for digital kompetanse generelt. Element som inngår er eigenvurdering av ferdigheiter, erfaringar med tilkopling til nettet og søk etter informasjon.
- 70 % er gjennomsnittet av indikatorar for erfaring med programvare og applikasjonar, som for eksempel installasjon, standard bruk og datamengder.
Kjelder: SSB Statistikkbanken tabell 11438 og 13330, HK-Dir. Befolkningens digitale kompetanse og deltakelse, Rambøll (IT i praksis)
Meir om nettvett og dømmekraft
Nettvett knyter vi i særleg grad til trygg bruk av internett for å unngå svindel og misbruk. Men nettvett er også heilt avgjerande for å ta stilling til om informasjon er falsk eller truverdig.
Diagrammet viser
Data frå ei kartlegging frå 2020/2021 viser av kva aktivitetar med relevans for nettvett, som befolkninga over 16 år har noko/mykje erfaring med:
- 80 %, med å bruke 2-trinns stadfesting ved pålogging og digital ID.
- 70 %, med å lage unike passord til ulike brukarkontorar.
- 69 %, med å kjenne igjen nettsvindel eller phishing/snoking.
- 62 %, med å kjenne igjen sikre sider på internett ved å sjå etter hengelås-symbol eller andre symbol som indikerer at ei nettside er sikker.
- 60 %, med å vurdere vilkår og godkjenningar før installasjon av program eller appar.
- 41 %, med å faktasjekke innhald/informasjon på nyheitsnettstader/sosiale media.
Kjelder: HK-Dir. Befolkningens digitale kompetanse og deltakelse, SSB Statistikkbanken tabell 13330
Meir om digitale ferdigheiter generelt og erfaring med programvare og applikasjonar
Her viser vi resultata for dei elleve enkeltindikatorane som inngår i digital kompetanse generelt og erfaring med programvare og applikasjonar.
Diagrammet viser
For innbyggarar 16-79 år:
- 74 % har brukt tekstbehandlingsverktøy.
- 72 % har installert programvare eller applikasjonar.
- 61 % har kopiert eller flytta filer og mapper.
For innbyggarar over 16 år:
- 93 % vurderer sjølve at dei har middels eller sterke digitale ferdigheiter.
- 85 % har noko/mykje erfaring med å opne program eller appar.
- 83 % har noko/mykje erfaring med å kople seg til/frå internett på mobiltelefon via wifi eller mobilnett.
- 77 % har noko/mykje erfaring med å oppdatere program eller appar.
- 71 % har noko/mykje erfaring med å gi meiningsberande filnamn for å organisere og finne igjen dokument og filer.
- 66 % har noko/mykje erfaring med å bruke ekstern lagring (ekstern harddisk eller skylagring).
- 56 % har noko/mykje erfaring med å vurdere kor mykje mobildata som går med ved bruk av ulike digitale tenester.
Kjelder: SSB Statistikkbanken tabell 11438, HK-Dir. Befolkningens digitale kompetanse og deltakelse, Rambøll (IT i praksis)
Men digitale ferdigheiter og kompetanse kan ikkje sjåast isolert
- Digital kompetanse skal ikkje kompensere for manglande brukarvennlegheit og universell utforming.
- Også tillit er ein avgjerande faktor for digital inkludering.
- Tillit er eit tema som har fått aukande merksemd i takt med stadig meir digitalisering og automatisering.
- Tillit famnar vidt. Det handlar både om tillit til politiske myndigheiter, offentleg forvaltning, teknologi, automatisering og kunstig intelligens.