Tilgang til internett, utstyr og eID
Tilgang til internett og ikt-utstyr, som for eksempel PC, nettbrett eller smarttelefon, er avgjerande. For å få tilgang til private og offentlege digitale tenester treng ein å legitimere seg ved hjelp av ein elektronisk ID (eID).
Laga: 02. juli 2025
Nøkkeltal
Gjennomsnitt av dei sju indikatorane for tilgang til internett, utstyr og eID, er 93 %.

Meir om tilgang til internett, ikt-utstyr og eID
Tilgang til internett, ikt-utstyr og eID er «nøklane» til digital sjølvbetening.
Diagrammet viser
For husstandane i Noreg:
- 100 % har dekning for fast breiband på minst 100 Mbit/s i tettbygde strøk
- 95 % har tilsvarande dekning i spreiddbygde strøk
For innbyggarar mellom 16 og 79 år:
- 97 % av innbyggarane mellom 16 og 79 år brukar internett på smarttelefon, medan 75 % brukar PC. Digitale tenester tilpassa mobilvisning er derfor svært viktig
- 97 % mellom 16 og 79 år har elektronisk ID (eID) på høgt sikkerheitsnivå. Dette er nødvendig for å få tilgang til private og offentlege digitale tenester av typen nettbank, netthandel, helseopplysningar, skattemelding med meir
Kjelder: SSB Statistikkbanken tabell 11000, 12349 og 14033, Nkom, Digdir
Men sjølv om tilgangen er svært god, fell nokre utanfor
Dei med størst risiko for utanforskap er
- hushald med låg inntekt og/eller manglande tilknyting til arbeidsstyrken
- innbyggarar utan norsk D-nummer (midlertidig identitetsnummer)
- eldre og personar med ein helsesituasjon som gjer at ein må la seg representere av andre
- personar med funksjonsnedsetting
- barn og unge som er under det offentlege sin omsorg og som ikkje har moglegheit til å få godkjenning av f.eks. BankID/eID frå foreldre eller føresette