Hopp til hovudinnhald

Data frå tilsyna i helsesektoren

Vi har kontrollert 19 digitale løysingar i helsesektoren. Ingen av dei kontrollerte løysingane oppfylte alle krava til universell utforming. Her kan du utforske dataen frå kontrollene.

Utforsk resultatet for dei digitale løysingane

Under kan du utforske resultata for kvar digitale løysing vi testa i helsesektoren. Scoren går frå 0 til 100. Ein låg score betyr at vi fann brot i mange av elementa vi testa i den digitale løysinga, medan ein høg score betyr at vi fann brot i få. Du kan filtrere resultata etter type digital løysing og om verksemda er offentleg eller privat.

Kva seier tala?

  • Resultata viser at det er forskjellar i kor godt dei digitale helsetenestene følger krava i WCAG. Nokre løysingar har høg score, medan andre har relativt låg score. Det tyder på at tilgangen til digitale helsetenester kan varierer etter kva løysing brukaren møter.
  • Vi ser ein tendens til at større offentlege nettstader, som Helsenorge og Helse Førde, scorar høgare enn private tenester og appar. Det er vanskeleg å seie kvifor. Ei mogleg forklaring er at offentlege verksemder må ha ei tilgjengelegheitserklæring for løysingane sine. Det kan bidra til større merksemd på universell utforming.
  • Løysingane i helsesektoren hadde i gjennomsnitt høgare score (67) enn løysingane i tidlegare tilsyn Uu-tilsynet har gjennomført (52).

Utforsk resultatet for WCAG-krava

I tilsyna i helsesektoren testa vi 14 av dei 47 krava i WCAG-standarden. Under kan du utforske resultata for kvart krav. Scoren går frå 0 til 100. Ein låg score betyr at vi fann brot i mange av elementa vi testa, medan ein høg score betyr at vi fann brot i få. Du kan filtrere krava etter retningslinje, tema og brukarføresetnader.

Kva seier tala?

  • Fleire grunnleggande krav til universell utforming har høg score. Det gjeld særleg bruk av overskrifter og ledetekstar (98), samsvar mellom ledetekst og namn (91) og bruk av tastatur (88). Resultata viser at mange løysingar har god struktur og kan brukast utan mus.
  • Kontrast og tilpassing til ulike skjermstorleikar har også relativt høg score. Det gjer tenestene lettare å lese og bruke på mobiltelefon, nettbrett og datamaskin.
  • Vi finn utfordringar med bruk av hjelpemiddel, som skjermlesar. Krav til informasjon og relasjonar (54), namn, rolle og verdi (63) og statusbeskjedar (67) har lågare score. Det kan gjere det vanskelegare for brukaren å forstå korleis sida er bygd opp, få viktige beskjedar og finne fram i tenesta. Sidetitlar har den lågaste scoren (30). Ein god sidetittel hjelper brukaren med å forstå kva sida handlar om og å finne fram. Dette er særleg viktig for brukarar som brukar hjelpemiddel.
  • Identifikasjon av feil (58) og instruksjonar (64) har også låg score. Det kan gjere det vanskelegare for brukaren å forstå kva som er feil, fylle ut skjema og fullføre oppgåver.

Forskjell mellom nettstader, appar og dokument

I tilsyna kontrollerte vi nettstader, appar og digitale dokument. Resultata viser store forskjellar mellom dei tre kanalane. Nettstadene scorar høgast samla sett, men vi fann også fleire brot på krava der.

Nettstad

Nettstadene har høgast score (73). Det betyr at vi fann færre brot i elementa vi testa på nettstadene, enn i elementa vi testa i appane og dokumenta. Vi fann likevel mange brot, særleg knytt til koding, feilmeldingar og rettleiing.

Feil i kodinga kan gjere det vanskeleg for hjelpemiddel, som skjermlesarar, å forstå innhaldet på nettsida og formidle det riktig til brukaren. Manglande feilmeldingar og rettleiing kan gjere det vanskeleg å forstå kva som er feil og kva ein skal gjere vidare. Til saman kan slike brot gjere det vanskeleg for brukaren å gjennomføre oppgåva si.

App

Appane har ein samla score på 61. Her fann vi flest utfordringar med struktur, feilmeldingar og rettleiing når brukaren skal fylle ut skjema eller gjere andre oppgåver. Dersom innhaldet ikkje er bygd opp på riktig måte, eller det er vanskeleg å forstå kva som er feil, kan brukaren få problem med å fullføre oppgåva i appen.

Dokument

Dokumenta har klart lågast score (41). Det betyr at vi samla sett fann fleire brot blant elementa vi testa i dokumenta enn blant elementa vi testa på nettstadene og i appane. I dokumenta fann vi flest brot på krav til korleis innhaldet i dokumenta er bygd opp og koda.

I nokre dokument er ikkje innhaldet koda i det heile. Det betyr at for eksempel titlar, overskrifter og lister ikkje er merka på riktig måte. Då kan hjelpemiddel, som skjermlesarar, få problem med å lese innhaldet riktig. Dette er særleg viktig fordi dokumenta i helsesektoren ofte inneheld informasjon som brukaren treng, som tilvisingar, vedtak og rettleiing.

Korleis er tilsyna følgde opp?

I dei 19 tilsyna i helsesektoren fann vi brot hos alle verksemdene. Alle fekk derfor pålegg om retting med ein frist for å utbetre feilen.

Kva viser figuren?

  • Ingen av dei 19 kontrollerte løysingane oppfylte krava til universell utforming.
  • I 11 av 19 tilsyn retta verksemdene feila innan fristen. Tilsyna blei då avslutta.
  • I 8 av 19 tilsyn blei det gjort vedtak om tvangsmulkt fordi feila ikkje vart retta innan fristen. Verksemdene får då ti nye verkedagar til å kome i mål med å rette feila.
  • I 1 av 19 tilsyn vart feila ikkje retta innan den nye fristen, og tvangsmulkta vart iverksett.

Finn tilgjengelegheitserklæringar i helsesektoren