Hopp til hovudinnhald

Rapport frå sektortilsyn med digitale tenester i helsesektoren Er digitale helsetenester tilgjengelege for alle?

I 2025–2026 gjennomførte Uu-tilsynet eit omfattande sektortilsyn med digitale løysingar brukt i helsesektoren. Vi har sett på brukarmønster, identifisert barrierar og vurdert korleis verksemdene arbeider med universell utforming. Rapporten byggjer på ein kombinasjon av brukarundersøkingar og tekniske kontrollar.

Last ned sektortilsynsrapporten som PDF

Du kan også laste ned sektortilsynsrapporten som PDF, då mange ønsker å printe ut rapporten sjølv.

Last ned Er digitale helsetenester tilgjengelege for alle?

Forord

Digitale løysingar i helsesektoren har dei siste åra vorte ein sentral del av det norske helsetilbodet. For mange betyr dette ein enklare kvardag og meir effektiv kontakt med helsetenesta.

Les forord

Samandrag

Nær ni av ti innbyggarar har brukt digitale helsetenester det siste året. Timebestilling og reseptfornying er blant tenestene vi brukar mest. Men bak den høge bruken skjuler det seg store forskjellar. Ikkje alle har like moglegheiter til å finne fram, forstå og bruke dei digitale helsetenestene.

Les samandraget

1. Råd til myndigheiter, verksemder og leverandørar

Digitale helsetenester må vere tilgjengelege for alle dersom vi skal sikre likeverdig helsehjelp. Det krev at universell utforming blir ein del av den strategiske styringa, utviklinga av tenestene og arbeidet med digital motstandskraft og beredskap. Her er våre råd til myndigheiter, verksemder og leverandørar.

Les våre råd til myndigheiter, verksemder og leverandørar

2. Innleiing: Eit digitalisert samfunn – der ikkje alle kan delta

Digitale løysingar har blitt ein stadig viktigare del av helsetenesta og av møtet mellom innbyggarane og det offentlege. For mange gjer dei det enklare å få tilgang til informasjon og tenester. Men når stadig meir av helsetenesta blir digital, blir det også viktigare at alle kan delta.

Les meir i innleiinga

3. Styring, rammer og oppbygging av helsesektoren

Helsesektoren består av mange aktørar, med ulike roller og ansvar for helsetenestene. For å forstå korleis dei digitale helsetenestene blir styrte, utvikla og leverte, må vi også forstå korleis sektoren er organisert og kva rammer aktørane arbeider innanfor.

Les meir om styring, rammer og oppbygging av helsesektoren

4. Kva tenester blir brukt og kven brukar dei?

Kor mykje brukar vi digitale helsetenester, kva tenester brukar vi mest, og kven er det som ikkje brukar dei? Bruken er høg, men han er ikkje likt fordelt i befolkninga. I dette kapittelet ser vi nærare på kven som brukar dei digitale helsetenestene, og kva som kjenneteiknar dei som ikkje gjer det.

Les meir om kva tenester som blir brukt og kven som brukar dei

5. Kva barrierar møter innbyggarane og kva konsekvensar har dei?

Kva skjer når innbyggarane ikkje finn fram, forstår informasjonen eller får brukt ei digital helseteneste? I dette kapittelet ser vi nærare på kven som strever, kva barrierar dei møter, og kva konsekvensar det får for brukarane.

Les meir om kva barrierar innbyggarane møter

6. Korleis arbeider verksemdene med digitalisering og universell utforming?

Korleis arbeider verksemdene i helsesektoren for at dei digitale løysingane skal kunne brukast av alle? I dette kapittelet ser vi på korleis universell utforming er forankra og følgt opp i verksemdene, og korleis arbeidet heng saman med nasjonale mål og føringar for digitalisering.

Les om korleis verksemdene arbeider med digitalisering og universell utforming

7. Kva er status for universell utforming av ikt?

Vi har kontrollert 19 digitale helsetenester for å undersøke om dei oppfyller krava til universell utforming av ikt. Tilsyna omfattar både nettsider, appar og dokument, og gir eit bilete av status for universell utforming på tvers av helsesektoren.

Les meir om resultata frå tilsyna i helsesektoren

8. Hovudfunn, vurderingar og konklusjonar

Når innbyggarar ikkje får brukt dei digitale helsetenestene, kan konsekvensane vere alvorlege. Nokre gir opp, andre må be om hjelp eller dele personlege helseopplysningar for å få gjort det dei skal. Sektortilsynet viser at digitaliseringa fungerer godt for mange, men at barrierane kan utfordre både likeverdig tilgang til helsehjelp, sjølvstende og personvern.

Les våre hovudfunn, vurderingar og konklusjonar

9. Metode: Slik har vi jobba med sektortilsynet og rapporten

Sektortilsynet bygger på fleire metodar og datakjelder: tilsyn og testing av digitale løysingar, dialog med brukarorganisasjonar, marknadskartlegging, litteraturgjennomgang, ei innbyggarundersøking og ei undersøking blant verksemder.

Les om korleis vi jobba med sektortilsynet og rapporten

Referansar

Sjå liste over kjelder som blei brukt i rapporten.

Sjå referanseliste