Forord
Digitale løysingar i helsesektoren har dei siste åra vorte ein sentral del av det norske helsetilbodet. For mange
betyr dette ein enklare kvardag og meir effektiv kontakt med helsetenesta. Samtidig er tilgang til helsetenester og kontroll over eigne helsedata ein fundamental del av velferdsstaten. Inkludering i digitale løysingar handlar derfor om langt meir enn brukarvenlegheit. Det handlar om å sikre grunnleggande rettar for alle.
I 2025 og 2026 har Tilsynet for universell utforming av ikt (Uu-tilsynet) gjennomført eit sektortilsyn for å undersøke om dei digitale helsetenestene er tilgjengelege for alle. Vi har sett på brukarmønster, kartlagt barrierar og vurdert korleis verksemdene arbeider med universell utforming.
Rapporten bygger på kartlegging av marknaden, undersøking av innbyggarane sine erfaringar med digitale tenester i helsesektoren, dialog med brukarorganisasjonar, gjennomgang av strategiar, handlingsplanar og forsking på området, samt tilsyn med digitale tenester i helsesektoren.
Målet med denne rapporten er å gi auka innsikt i tilstanden i sektoren. Vi håpar at funna kan tene som eit nyttig grunnlag for styresmakter, tenestetilbydarar og leverandørar i arbeidet med å skape tenester som er tilgjengelege for alle.
Malin Rygg
Tilsynsdirektør