Hopp til hovudinnhald

2. Innleiing: Eit digitalisert samfunn – der ikkje alle kan delta

Helsetenesta i Noreg er ein grunnpilar i velferdsstaten og eit grunnleggande velferdsgode for innbyggarane. Dei siste åra har digitale løysingar blitt ein stadig viktigare del av tenestene. For mange har dette gjort kvardagen enklare. Innbyggarar kan for eksempel bestille og endre legetime på nett, få konsultasjon over video og fornye reseptar utan fysisk oppmøte. Samtidig inneber utviklinga ein risiko. Dersom løysingane ikkje er tilgjengelege for alle, kan dei også skape nye barrierar. Konsekvensen kan vere at enkelte innbyggarar ikkje får tilgang til tenester og hjelp dei har rett på.

Formålet med denne rapporten er å undersøke om digitale tenester i helsesektoren er tilgjengelege for alle, og kva konsekvensar det har dersom dei ikkje er det. I eit sektortilsyn set vi søkelys på ein sektor og brukar dei verkemidla vi har tilgjengelege for å skaffe kunnskap om tilstanden i sektoren. Arbeidet som blir presentert i rapporten, er avgrensa til innbyggarretta digitale tenester i helsesektoren. Arbeidsverktøy for helsepersonell, velferdsteknologi og digitale omsorgstenester er ikkje omfatta.

Rapporten bygger på fleire datakjelder. Det er gjennomført 19 tilsyn med digitale løysingar i helsesektoren, som dannar grunnlaget for vurderingane av etterlevinga av regelverket. Vidare er det gjennomført ei landsdekkande, representativ spørjeundersøking på nett, medan Verian på oppdrag frå Uu-tilsynet har gjennomført telefonintervju. Undersøkinga er finansiert av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). I tillegg bygger rapporten på ei undersøking av verksemdene sitt arbeid med universell utforming, Digital inkludering i praksis – en kartlegging av norske virksomheters arbeid med universell utforming, som Rambøll gjennomførte på vegner av Uu-tilsynet i 2024.

Rapporten er delt inn i fire hovuddelar. Den første hovuddelen, kapittel tre, skildrar rammene for digitalisering i helsesektoren, med oppbygging og styring av sektoren, politiske mål og føringar, og kva rammer regelverket om universell utforming legg for arbeidet. Den andre hovuddelen, kapittel fire og fem, undersøker bruken av digitale tenester, kven som brukar dei, og kva barrierar brukarane møter. Den tredje hovuddelen, kapittel seks og sju, handlar om korleis helsesektoren arbeider med digitalisering, samt resultata frå tilsyna. Den fjerde hovuddelen, kapittel åtte og ni, presenterer hovudfunn, konklusjonar og metode.