Hopp til hovudinnhald

Rapport Er digitale helsetenester tilgjengelege for alle?

Samandrag

Nær ni av ti innbyggarar har brukt digitale løysingar i helsesektoren det siste året. Det er særleg enkle og rutineprega oppgåver som timebestilling og reseptfornying som er mest brukt. Samtidig viser sektortilsynet at ikkje alle har like moglegheiter til å bruke desse tenestene, og 18 prosent seier at dei har møtt på problem i digitale løysingar i helsesektoren.

Funna i rapporten viser at barrierane i stor grad handlar om å finne fram i eit komplekst og fragmentert tenestelandskap, forstå informasjon og navigere mellom ulike løysingar. Særleg personar med enkelte funksjonsnedsettingar, låg digital kompetanse eller låg helsekompetanse møter utfordringar. Manglande tilgang til elektronisk ID (eID) gjeld få, men er ein absolutt barriere med store konsekvensar for dei det rammar.

Når innbyggarar ikkje klarer å bruke digitale tenester, fører det ikkje berre til auka tidsbruk og stress for den enkelte, men også til auka belastning på helsevesenet. Dette er særleg viktig fordi det er eit mål at flest mogleg skal kunne meistre eigen situasjon. Då kan ressursane i helsevesenet brukast der behovet er størst, for eksempel i ein krisesituasjon. Manglande meistring av digitale løysingar i helsesektoren kan også føre til at ein blir avhengig av hjelp frå andre, noko som kan vere utfordrande både med tanke på personvern, men også for retten til å halde helseopplysningar for seg sjølv.

Tilsyna med dei ulike appane og nettstadene viser at ingen av dei kontrollerte digitale løysingane fullt ut oppfyller krava til universell utforming. Funna viser også eit tydeleg gap mellom verksemdene si eiga vurdering av status og resultata frå tilsyna. Samtidig ser vi store skilnader i korleis verksemdene har organisert arbeidet med universell utforming. Nokre har etablert gode system og rutinar, dedikerte roller og jobbar aktivt med kompetanseheving blant dei tilsette. Desse har kome langt, sjølv om dei framleis ikkje er i mål. Andre manglar både kompetanse, systematikk og tydeleg prioritering av universell utforming, og har derfor kome kortare i arbeidet.

Samla sett viser rapporten at digitale løysingar i helsesektoren fungerer godt for mange, men ikkje alle. Skal digitale løysingar i helsesektoren kunne brukast av alle, må tenestene vere universelt utforma.