Sjukt digital – historia om korleis helsesektoren vart digital og kven som fall utanfor
For mange fungerer digitale helsetenester bra. Vi kan bestille time, sjå prøvesvar, fornye reseptar og ha videokonsultasjon med helsepersonell utan å møte opp fysisk. Men for andre kan dei same løysingane vere ein barriere som gjer at dei ikkje får den helsehjelpa dei treng.
På få tiår har digitale løysingar gått frå å vere arbeidsverktøy for helsepersonell til å bli ein viktig inngang til sjølve helsetenesta. I dag møter innbyggarane det digitale helsevesenet når dei skal bestille time, lese prøvesvar, fornye reseptar eller snakke med helsepersonell. Det stiller nye krav til løysingane, dei må fungere for menneske med ulike føresetnader. Det er bakteppet for Uu-tilsynet sitt sektortilsyn med digitale løysingar i helsesektoren. Når stadig meir av kontakten med helsetenesta skjer digitalt, må løysingane fungere for innbyggarar med ulike føresetnader.
Frå arbeidsverktøy til inngangsdør
Digitaliseringa av helsesektoren starta ikkje med appar, innlogging og Helsenorge. Ho starta med pasientjournalen. Etter kvart som journalføring vart tydelegare lovregulert og fleire yrkesgrupper dokumenterte helsehjelp, vaks journalen i omfang [1].
På 1980-talet kom dei første elektroniske journalsystema i bruk. System som DOC110, PROMEDS, Infodoc og Profdoc gjorde det mogleg for legar å dokumentere, lagre og finne att informasjon meir effektivt [1].
Etter kvart vart spørsmålet større: Korleis skulle informasjon følge pasienten gjennom heile helsetenesta? Fastlege, sjukehus, kommune, apotek og andre delar av helsesektoren måtte kunne dele nødvendig informasjon raskt og sikkert.
Då fastlegeordninga vart innført i 2001, fekk fastlegen ei tydelegare rolle som inngang, koordinator og kontinuitetsberar i helsetenesta [2]. Året etter vart helseføretaksreforma sett i verk, og sjukehusa vart organiserte under regionale helseføretak [3]. I 2004 gjekk dei regionale helseføretaka saman om å etablere Norsk helsenett AS, med mål om trygg digital infrastruktur og sikker kommunikasjon i helse- og omsorgssektoren [4]. Då Helsenorge vart lansert i 2011, flytta digitaliseringa nærare innbyggaren [4].
I 2012 vart visjonen Én innbygger – én journal formulert: Helseopplysningar skulle følge innbyggaren gjennom livet, og helsepersonell skulle få enkel og sikker tilgang til nødvendig informasjon uavhengig av kvar pasienten fekk hjelp [4].
Kjernejournal vart pilotert frå 2013 og var innført hos mange legevakter og fastlegar innan 2016. Same år vart Direktoratet for e-helse etablert for å styrke den nasjonale styringa av digitaliseringa i helsetenesta [4] [5].
Digitalisering i helse- og omsorgstenesta
Frå elektronisk journal til likeverdig digital tilgang.
1980–2000
Frå papir til elektronisk journal
Pasientjournalen blir digitalisert. EPJ veks fram som arbeidsverktøy for helsepersonell, særleg i allmennpraksis.
2001–2005
Frå journal til samhandling
Fastlegeordninga, helseføretaksreforma og Norsk helsenett gjer digital informasjonsflyt mellom aktørar viktigare.
2006–2015
Innbyggaren kjem på nett
Helsenorge, e-resept, kjernejournal og «Én innbygger – én journal» flyttar digitaliseringa nærare pasienten.
2016–2019
Nasjonal styring og rettsleg rammeverk
Direktoratet for e-helse, ny pasientjournalforskrift og sterkare vekt på styring, personvern og universell utforming.
2020–2022
Pandemien som akselerator
Korona gjer digitale helsetenester, e-konsultasjonar, prøvesvar og koronasertifikat til kvardag for langt fleire.
2023–2030
Frå digitalisering til likeverdig tilgang
Ny e-helsestrategi, KI, helsedata, heimeoppfølging og større vekt på digital inkludering og universell utforming.
Pasienten skulle ikkje lenger berre vere omtalt i digitale system. Innbyggaren skulle sjølv kunne logge inn, finne informasjon, få oversikt og bruke helsetenester på nett. Det endra også kva digital inkludering betyr i helsesektoren. Når digitale løysingar blir inngangen til informasjon, rettar og behandling, handlar tilgjengelegheit ikkje berre om teknologi. Det handlar om tilgang til helsehjelp.
Pandemien sette fart på alt
Den 12. mars 2020 vart Noreg stengt ned. Nesten over natta måtte helsetenesta finne nye måtar å møte innbyggarane på [6].
Telefon, video, digitale prøvesvar, koronainformasjon og vaksineinformasjon vart ein nødvendig del av beredskapen.
For mange gjorde pandemien digitale helsetenester meir synlege og meir nyttige. Helsenorge vart ein sentral kanal for informasjon og tenester, og bruken av portalen auka kraftig [7] [8]. Samtidig viste pandemien kor sårbart eit digitalt samfunn kan vere. Smittestopp-appen vart lansert våren 2020, men vart raskt møtt med kritikk. I tillegg til debatten om personvern vart det peikt på problem med universell utforming [9] [10] [11].
Dersom informasjonen ikkje er forståeleg, skjema ikkje er tilgjengelege, innlogginga stoppar brukaren, eller det ikkje finst alternative kanalar, kan digitale løysingar forsterke utanforskap nettopp når behovet for hjelp er størst.
Digitale helsetenester er i ferd med å bli ein del av kritisk infrastruktur. I kvardagen skal dei gi innbyggarar oversikt, kontakt og sjølvstende. I kriser skal dei gi rask tilgang til informasjon, råd og helsehjelp.
Då må dei tole variasjon. Dei må fungere for innbyggarar som har nedsett syn, høyrsel eller motorikk. Dei må fungere for personar med lese- og skrivevanskar, kognitive utfordringar eller låg helsekompetanse. Dei må fungere for eldre, for pårørande, for unge utan BankID, for personar med svake norskkunnskapar og for dei som står i krevjande livssituasjonar. Dette perspektivet blir også løfta fram i NOU 2023:17 Nå er det alvor, som tilrår at beredskapen skal omfatte alle, og gir konkrete tilrådingar om universell utforming [15].
Pandemien viste derfor at digitale løysingar kan vere avgjerande i ei krise, men berre dersom dei faktisk kan brukast av alle som treng dei. Universell utforming er dermed ikkje berre kvalitetskrav. I helsesektoren er dei også ein del av beredskapen.
Høg bruk, men ulik tilgang
Digitale helsetenester er no ein del av kvardagen. Nær ni av ti innbyggarar har brukt ei digital helseteneste det siste året [12]. Men bruken er ikkje likt fordelt. Nær to av ti (18 prosent) av dei som brukar digitale helsetenester, møter minst éin barriere [12].
Personar med låg digital kompetanse, låg helsekompetanse, enkelte funksjonsnedsettingar eller manglande elektronisk ID møter i større grad barrierar enn andre. Det er ofte dei same gruppene som også kan ha stort behov for helsehjelp.
Utfordringane handlar ikkje berre om tekniske feil. Mange strevar med å finne fram, forstå informasjonen, navigere mellom ulike tenester eller fullføre skjema. Nokre treng hjelp frå andre, men møter digitale fullmaktsløysingar som ikkje er gode nok. Andre har ikkje BankID eller annan eID på nødvendig sikkerheitsnivå. Frå undersøkinga Helse på nett svarer ein innbyggar:
«Dere har sånn 10 ulike nettside, portaler og betalingsmetoder så informasjon og hvor man bestiller time er svært spredt.»
Manglande elektronisk ID rammar relativt få, men er ein absolutt barriere for dei det gjeld. Om lag fem prosent av den vaksne befolkninga – rundt 190 000 personar – har ikkje brukt eID på høgt sikkerheitsnivå, om lag 200 000 har reservert seg mot digital kommunikasjon med det offentlege, og rundt 300 000 barn mellom 12 og 17 år manglar eID på høgt nivå [13]. For dei som ikkje har eID, er digitale helsetenester ikkje berre vanskelege, dei er heilt utilgjengelege. Då handlar manglande tilgang ikkje berre om brukaroppleving, men om grunnleggande rett til helsehjelp. Digitalt utanforskap aukar risikoen for diskriminering, og er kopla til pliktene i FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne [14, Art. 9 og 25].
Ved kvart steg kan det oppstå barrierar knytte til språk, universell utforming, eID, digital kompetanse, fullmakt, helsekompetanse eller manglande alternative kanalar. Konsekvensane er reelle: blant dei som møter vanskar, fullfører nær ein av fem ikkje oppgåva dei prøvde å gjennomføre, og 9 prosent må dele personopplysningar med andre for å få hjelp, noko som utfordrar både personvernet og retten til å halde eigne helseopplysningar for seg sjølv [12].
Det er ikkje brukaren som er problemet
Når nokon ikkje får brukt ei digital helseteneste, blir forklaringa ofte lagt på brukaren: dei manglar kompetanse, dei er usikre, dei treng opplæring, eller dei vil helst gjere ting på den gamle måten. Men det er ikkje brukaren som er problemet. Hindringa ligg i måten tenestene er bygde, samordna og forklarte på. Tala frå sektortilsynet peikar i same retning. Blant dei som opplever vanskar, er over halvparten (53 prosent) usikre på kva teneste dei skal bruke. Tekniske feil skaper utfordringar for 36 prosent, medan 23 prosent strevar med språket og 18 prosent opplever manglande universell utforming [12]. Barrierane handlar altså i stor grad om korleis tenestene er utforma, ikkje om kven brukaren er. Ein innbyggar formulerer det slik i undersøkinga Helse på nett:
«Prøvesvaret var gitt i faglig ‹kodespråk› med lite forklaring på hva det var, hvordan de skulle tolkes, og eventuelle forholdsregler jeg måtte ta. Måtte google meg til svaret.»
Digital inkludering handlar derfor ikkje berre om å få fleire til å logge inn. Det handlar om å bygge tenester som tek høgde for at innbyggarar er ulike.
Tilsyna med digitale løysingar i helsesektoren forsterkar bildet. Ingen av dei kontrollerte digitale løysingane oppfyller fullt ut krava til universell utforming. Samtidig er det eit tydeleg gap mellom korleis verksemdene sjølve vurderer status, og kva tilsyna faktisk avdekker. Verksemdene vurderer eigen status høgare enn resultata viser [12]. Det tyder på at utfordringane er strukturelle, ikkje individuelle.
Kva må helsesektoren gjere vidare?
Vegen vidare handlar ikkje berre om fleire digitale løysingar, meir data og ny teknologi. Han handlar om å sikre at digitaliseringa faktisk gir likeverdig tilgang til helsehjelp. Vi peikar på fire område:
- Sikre likeverdige helsetenester i ei digital tid. Digitaliseringa må ikkje føre til at innbyggarar mister tilgang til helsehjelp, informasjon eller rettar. Det krev reelle, fullgode ikkje-digitale alternativ som: brev, telefon eller fysisk oppmøte, samt klage- og rettstryggleiksordningar som er enkle å finne og bruke, også når ein manglar eID eller fullmakt.
- Gjere universell utforming til ein del av den strategiske styringa. Universell utforming bør ikkje vere noko ein testar heilt til slutt, men eit krav som ligg inne i strategi, arkitektur, anskaffingar, kontraktar, finansiering og nasjonale vegkart.
- Styrke arbeidet hos tenestetilbydarar og leverandørar. Kompetansen om universell utforming må styrkast hos dei som bestiller, utviklar og forvaltar løysingane. Universell utforming bør vere eit tydeleg krav i anskaffingar og kontraktar, og verksemdene bør teste med eit mangfald av brukarar og følge opp tilgjengelegheit gjennom heile livsløpet til dei digitale tenestene. Helsesektoren treng også meir systematisk kunnskap om kven som fell utanfor, og kvifor. Kjende barrierar må rettast, ikkje berre dokumenterast.
- Bygge ein universelt utforma digital infrastruktur som del av totalberedskapen. Motstandskraft handlar ikkje berre om teknisk sikkerheit og reservekapasitet, men om at tenestene kan brukast av befolkninga og helsepersonell når dei blir sette under press. Når fleire klarer seg sjølve i kvardagen, blir belastinga på kritiske støttefunksjonar mindre i ei krise.
Digitalisere mest eller best?
Digitaliseringa av helsesektoren har gitt store gevinstar. Ho har gjort det enklare for mange å få oversikt, kontakte helsetenesta og utføre oppgåver sjølv. Ho har også gjort samhandlinga i helsesektoren raskare og meir effektiv.
Men digitaliseringa har også flytta mykje ansvar over på innbyggaren. Vi må finne fram, forstå, logge inn, samtykke, fylle ut, sende inn og følge opp. For mange går det greitt. For andre blir det ein barriere. Det er derfor universell utforming og digital inkludering er så viktig i helsesektoren. Det handlar ikkje berre om gode nettsider og appar. Det handlar om informasjon, rettar, behandling og tillit.
Framtidas digitale helsetenester bør derfor ikkje målast berre i kor mange som loggar inn, eller kor mange oppgåver som kan løysast på nett. Dei bør målast i kvaliteten på tenestene.
Referansar
[1] Fra da til nå – den lange historien om elektronisk pasientjournal i legekontor. Åpnet: 17. juni 2026. [Online]. Tilgjengelig på: https://www.legeforeningen.no/contentassets/07ea51b33104483bac68f3522beda619/fra-da-til-na-den-lange-historien-om-elektronisk-pasientjournal-i-legekontor-2015.pdf
[2] H. omsorgsdepartementet, «Fastlegeordninga», Regjeringa.no. Åpnet: 19. juni 2026. [Online]. Tilgjengelig på: https://www.regjeringen.no/no/tema/helse-og-omsorg/helse--og-omsorgstjenester-i-kommunene/innsikt/fastlegeordninga/id115301/
[3] T. P. Hagen, «helseforetaksreformen», Store norske leksikon. 16. januar 2025. Åpnet: 19. juni 2026. [Online]. Tilgjengelig på: https://snl.no/helseforetaksreformen
[4] «Vår historie», Norsk helsenett. Åpnet: 19. juni 2026. [Online]. Tilgjengelig på: https://www.nhn.no/om-oss/var-historie
[5] S. Langvik, «Direktoratet for e-helse: En nekrolog», dagensmedisin. Åpnet: 19. juni 2026. [Online]. Tilgjengelig på: https://www.dagensmedisin.no/direktoratet-for-e-helse-en-nekrolog/605782
[6] H. omsorgsdepartementet, «Tidslinje: myndighetenes håndtering av koronasituasjonen», Regjeringen.no. Åpnet: 19. juni 2026. [Online]. Tilgjengelig på: https://www.regjeringen.no/no/tema/helse-og-omsorg/folkehelse/tidslinje-koronaviruset/id2692402/
[7] «Antall besøk på Helsenorge – informasjonssider (åpne sider)», Helsedirektoratet. Åpnet: 18. februar 2026. [Online]. Tilgjengelig på: https://www.helsedirektoratet.no/statistikk/nasjonal-digitaliseringsmonitor/antall-besok-pa-helsenorge--apne-sider
[8] «De mest brukte tjenestene på Helsenorge», Helsedirektoratet. Åpnet: 19. juni 2026. [Online]. Tilgjengelig på: https://www.helsedirektoratet.no/statistikk/nasjonal-digitaliseringsmonitor/de-mest-brukte-tjenestene-pa-helsenorge
[9] «Appen», Statsforvalteren i Trøndelag. Åpnet: 19. juni 2026. [Online]. Tilgjengelig på: https://www.statsforvalteren.no/nb/Trondelag/Helse-omsorg-og-sosialtjenester/smittevern/koronavirus-covid-19/smittevernapp-lansert/
[10] M. H. W. Zondag, «Blinde, svaksynte og eldre sliter med å bruke Smittestopp-appen», NRK. Åpnet: 19. juni 2026. [Online]. Tilgjengelig på: https://www.nrk.no/norge/blinde_-svaksynte-og-eldre-sliter-med-a-bruke-smittestopp-appen-1.14986530
[11] NTB og S. M. Gerhardsen, «Mange sliter med apper og digitale løsninger», Digi.no. Åpnet: 19. juni 2026. [Online]. Tilgjengelig på: https://www.digi.no/artikler/mange-sliter-med-apper-og-digitale-losninger/495903
[12] «Rapport frå sektortilsyn med digitale tenester i helsesektoren», Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet, 2026.
[13] Digitaliseringsdirektoratet, «Kunnskapsinnhenting på eID-området», Digdir. Åpnet: 10. april 2026. [Online]. Tilgjengelig på: https://www.digdir.no/digital-identitet/kunnskapsinnhenting-pa-eid-omradet/7757
[14] Regjeringen, «FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD)», regjeringa.no. [Online]. Tilgjengelig på: https://www.regjeringen.no/no/tema/likestilling-og-mangfold/likestilling-og-inkludering/konvensjoner/fn-konvensjonen-om-rettar-til-menneske-med-nedsett-funksjonsevne-crpd/id2426271/
[15] NOU 2023:17, «Nå er det alvor: Rustet for en usikker fremtid: Utredning fra et utvalg oppnevnt ved kongelig resolusjon 21. januar 2022 Avgitt til Justis- og beredskapsdepartementet 5. juni 2023». Oslo, 2023. Åpnet: 13. mai 2026. [Online]. Tilgjengelig på: https://www.regjeringen.no/contentassets/4b9ba57bebae44d2bebfc845ff6cd5f5/no/pdfs/nou202320230017000dddpdfs.pdf