Lansering av ny sektortilsynsrapport: Er digitale helsetenester tilgjengelege for alle?
Tilsynet for universell utforming av ikt brukte 2025–2026 til eit sektortilsyn med helsesektoren. Resultata er oppsummert i ein sektortilsynsrapport som vart lansert torsdag 24. september 2026 på Pressens hus i Oslo.
Ni av ti innbyggarar brukar digitale løysingar i helsesektoren. Samtidig møter mange barrierar, og ingen av løysingane vi har kontrollert, oppfyller alle krava til universell utforming. Dette viser ein systematisk gjennomgang av korleis innbyggarane møter digitale løysingar i helsesektoren.
Vi har undersøkt erfaringane til innbyggarane, kontrollert appar, nettstader og dokument og innhenta erfaringar frå verksemder og brukarorganisasjonar. Rapporten bygger på ein kombinasjon av brukarundersøkingar og tekniske kontrollar.
Sjå opptak av lanseringa
Rapporten vart lansert torsdag 24. september på Pressens hus.
- Velkommen
- Presentasjon av rapporten, ved Malin Rygg, tilsynsdirektør i Digdir
- Inger Anette Finrud, Helsedirektoratet
Kommentar frå Inger Anette Finrud som er områdeansvarlig for innbyggertjenester, avdeling digitale helsetjenester i Helsedirektoratet - Kristin Skeide Fuglerud, Norsk Regnesentral
Universell utforming i helsesektoren: Fra etterlevelse av standarder til brukskvalitet for alle. Kristin Skeide Fuglerud deler frå si forsking. Kristin er leiar i faggruppa Digital inkludering, Norsk Regnesentral og amanuensis II ved Senter for helse og teknologi, Universitetet i Sørøst-Norge - Vidar Strømme, Noregs institusjon for menneskerettar (NIM)
Kommentar frå Vidar Strømme, fagdirektør ved Noregs institusjon for menneskerettar (NIM) - Spørsmålsrunde
Fem på gata
Vi har snakka med fem på gata om utfordringar dei har erfart i møte med dei digitale løysingane.