Hopp til hovudinnhald

Vi skal vere Noregs leiande fagorgan innan digital inkludering

Innsikt og analyse er berebjelken for det datadrivne digitale tilsynet. Vi skal vere ein pådrivar for fagleg utvikling, skape forståing for verdien av universell utforming og gi råd basert på beste kunnskap om digital inkludering.

Oppretta: 19. juni 2025

Dette er det vi jobbar for

For å skape eit meir inkluderande digitalt samfunn, vil tilsynet fortsette å byggje og dele kunnskap om barrierar som hindrar likeverdig deltaking. Vi følger med på trendar som påverkar digital inkludering, som teknologiutvikling, endringar i demografi og andre samfunnsendringar. Vi skal styrke innsiktsarbeidet gjennom systematisk bruk av data, analysar og marknadsovervaking. Dette gir oss grunnlag for å gi treffsikre råd til samfunnsaktørar og utforme tiltak som fjernar barrierar for deltaking.

Vi skal bidra til relevant og oppdatert regelverk gjennom deltaking i nasjonalt og internasjonalt regelverks- og standardiseringsarbeid. Regelverket skal vere bygd på innsikt, og fremje inkludering og motverke digitalt utanforskap.

Vi skal vidareutvikle samarbeidet med brukar- og bransjeorganisasjonar, myndigheiter, akademia og andre interessentar for å fremme beste praksis og sikre at ny teknologi, som kunstig intelligens, blir brukt inkluderande.

Vi skal følge med på trendar innan teknologi og samfunnsutvikling for å sikre at universell utforming blir ein integrert del av digital innovasjon og nye løysingar. Vi vil jobbe for at nye teknologiar, som KI, gir nye moglegheiter og ikkje skaper nye barrierar.

Gjennom desse tiltaka skal vi sikre at digital inkludering står høgt på dagsordenen og at teknologi styrker moglegheita for deltaking for alle.

Dette skal vi gjere gjennom å

  • bygge og dele kunnskap om barrierar for digital inkludering
  • bidra til utvikling av regelverk og standardar for digital inkludering
  • styrke samarbeid med nasjonale og internasjonale aktørar
  • motverke diskriminerande bruk av ny teknologi og kunstig intelligens