Det datadrivne digitale tilsynet
For å sikre betre etterleving av regelverket, jobbar vi med å utvikle verktøy for automatisert og semiautomatisert testing av digitale løysingar. Dette kan effektivisere kontrollarbeidet og samtidig gi verksemdene nyttige reiskap for eigentesting.
Vi har fått på plass eit datadrive tilsyn som effektiviserer gjennomføringa av kontrollar. Ved hjelp av automatiserte verktøy og dataanalysar kan ein tilsett i dag utføre kontrolloppgåver meir effektivt. Dette gir oss større kapasitet og presisjon i tilsynsarbeidet.

Det datadrivne digitale tilsynet legg til rette for at vi kan utvikle våre metodar vidare, tilpassa ny teknologi som for eksempel kunstig intelligens (KI). KI gir nye moglegheiter for korleis tilsyn kan gjennomførast og vil styrke tilsynsarbeidet gjennom raskare og meir presise analysar.
Framtidsretta utvikling og innovasjon
Vi skal vidareutvikle ein kultur der bruk av teknologi, innsikt og samarbeid pregar arbeidsmåten vår. Gjennom datadrivne avgjerder og analysar kan vi effektivisere prosessane og rette innsatsen mot risikoområde der vi kan gjere størst forskjell. Samarbeid med forskingsmiljø og teknologiselskap vil sikre at vi held oss oppdaterte på ny teknologi og utnyttar dei beste verktøya for digital inkludering.
For å lukkast med måla våre, må vi skape ein organisasjonskultur der kontinuerleg læring og samarbeid står sentralt. Ved å dele kunnskap og jobbe tverrfagleg sikrar vi at vi utnyttar all kompetanse som finst i organisasjonen og held oss i front i utviklinga av digital inkludering.
Vi har fått på plass
- Ei sentral løysing for tilgjengelegheitserklæring (TE), som er ein sjølvdeklareringsløysing kor verksemder fyller ut i kvar grad løysingane deira er i samsvar med krav til universell utforming.
- Leverandørportal.
- Automatisert kontroll av TE.
- Dataplattform, som er ein plass for å lagre og hente ut informasjon på ein strukturert måte.
- Løysing for automatisert områdeovervaking.
- Digital støtte for tilsyn og kontroll.
- Resultatvisning.