Strategi oppsummert
                                Laga: 19. juni 2025
                                                            
                            
                                Vi fremmar auka etterleving av regelverk
- Auke tal kontrollar med digitale løysingar i offentleg og privat sektor.
 - Bruke sjølvdeklarering som eit verktøy for å auke etterleving av regelverk.
 - Gi målretta informasjon og rettleiing til verksemder og innbyggjarar.
 
Vi skal vere Noregs leiande fagorgan innan digital inkludering
- Bygge og dele kunnskap om barrierar for digital inkludering.
 - Bidra til utvikling av regelverk og standardar for digital inkludering.
 - Styrke samarbeid med nasjonale og internasjonale aktørar.
 - Motverke diskriminerande bruk av ny teknologi og kunstig intelligens.
 
Vi bidrar til at digital inkludering aukar verdiskaping
- Vere pådrivar for teknologisk utvikling og innovasjon innan digital inkludering.
 - Gi verksemder kunnskap til å bruke innkjøp som eit verkemiddel for digital inkludering.
 - Etablere ein regulatorisk sandkasse som gjer det mogleg for verksemder å teste innovative løysingar for digital inkludering.
 - Gi verksemder verktøy og informasjon til å gjennomføre test av eigne løysingar.
 
Vi arbeider innsiktsdrive og effektivt
- Bruk av kunstig intelligens for å identifisere brot på universell utforming.
 - Automatisert overvaking av tilgjengelegheit på nettsider og appar.
 - Auka bruk av datadrivne metodar for effektivisering av tilsynet.