Hopp til hovudinnhald

Vi arbeider innsiktsdrive og effektivt

Uu-tilsynet er leiande i å bruke data, analyse og teknologi i tilsynsarbeidet for å fremme universell utforming på ein effektiv og treffsikker måte. Vi skal vidareutvikle løysingane i det datadrivne tilsynet.

Oppretta: 19. juni 2025

Dette er det vi jobbar for

Tilsynet jobbar innsiktsdrive, tverrfagleg og smidig i alle våre prosessar med mål om å få størst mogleg effekt av alle våre tiltak.

Vi vil fortsette å jobbe for å effektivisere testing av universell utforming både for tilsynet og verksemdene. Vi vil lansere ein leverandørportal som vil gjere det mogleg å overføre resultat frå testing direkte inn i den sentrale løysinga for tilgjengelegheitserklæring, noko som vil gje mindre ressursbruk for verksemdene. På sikt vil tilsynet legge til rette for at også private verksemder frivillig kan ta i bruk løysing for tilgjengelegheitserklæring.

Uu-tilsynet vil utforske moglegheita for å ta i bruk ny teknologi og kunstig intelligens for effektivisering av tilsyn. Vi skal etablere samarbeid med forskingsinstitusjonar og teknologiaktørar for å teste og ta i bruk innovativ teknologi for å styrke tilsynet sitt arbeid. Bruken av kunstig intelligens vil gjere det mogleg å kontinuerleg overvake og analysere store datamengder og effektivisere testing i tilsynet. Slik kan vi identifisere mønster og risikoområde raskt, slik at tilsynet kan prioritere oppfølginga der det trengst mest. Dette gir eit meir presist, målretta og effektivt tilsyn, og ei meir framsynt tilnærming til tilsynsarbeidet.

Vi skal fortsette med å fremme ein kultur for kontinuerleg læring og tverrfagleg samarbeid, som skal sikre at vår interne kompetanse veks, og at denne kunnskapen blir delt internt i tilsynet og med eksterne interessentar.

Gjennom desse tiltaka skal vi vidareutvikle eit framtidsretta og kunnskapsbasert tilsyn som fremmar innovasjon, styrker etterlevinga og bidreg til betre digitale tenester for alle.

Dette skal vi gjere gjennom å

  • bruke innsikt og teknologi for effektive prosessar og målretting av tilsyn
  • samarbeide med teknologi- og forskingsmiljø for å ta i bruk ny teknologi
  • fremme kultur for tverrfagleg samarbeid, kunnskapsdeling og kontinuerleg læring