Hopp til hovudinnhald

Vi bidrar til at digital inkludering aukar verdiskaping

Universell utforming kan vere eit strategisk verktøy for auka inntening og konkurransefortrinn. At fleire kan delta, opnar for fleire kundar, betre omdømme og meir effektive løysingar.

Oppretta: 19. juni 2025

Dette er det vi jobbar for

Uu-tilsynet vil samarbeide med teknologimiljø og bidra til at næringslivet kan utvikle innovative og universelt utforma løysingar. Tilsynet vil styrke rettleiinga om korleis verksemdene kan sikre universell utforming i innkjøp og utvikling. Dette kan bidra til høgare bevisstheit blant verksemdene om at digital inkludering inneber auka kundemasse, betre omdømme, ei meir saumlaus kundereise, høgare effektivitet og lågare oppfølgingskostnader.

Uu-tilsynet ynskjer å etablere ei regulatorisk sandkasse – i første omgang for digitale løysingar i utdanning. Sandkassa gir rom for eksperimentering utan risiko for sanksjonar i utviklingsfasen. Dette vil stimulere til innovasjon, gi innsikt i utfordringane i marknaden og bidra til meir smidig regelverkspraksis.

Så langt det er mogleg – teknisk, juridisk og økonomisk – vil vi jobbe for at verksemdene får dei ressursane dei treng for å lykkast med inkludering. Det skal bli enklare for marknaden å ta i bruk tilsynet si testmetodikk, og vi vil legge til rette for bruk av våre metodar og data til innovasjon, mellom anna gjennom API-løysingar for testverktøy.

Gjennom desse tiltaka skal vi styrke samspelet mellom regulering og innovasjon, og gjere det lettare for verksemder å utvikle inkluderande og konkurransedyktige digitale løysingar.

Dette skal vi gjere gjennom å

  • vere pådrivar for teknologisk utvikling og innovasjon innan digital inkludering
  • gi verksemder kunnskap til å bruke innkjøp som eit verkemiddel for digital inkludering
  • etablere ein regulatorisk sandkasse som gjer det mogleg for verksemder å teste innovative løysingar for digital inkludering
  • gi verksemder verktøy og informasjon til å gjennomføre test av eigne løysingar