Hopp til hovudinnhald

Tilsyn med digitale læremiddel i grunnskulen

Uu-tilsynet har gjennomført eit sektortilsyn med opplæringssektoren og kontrollert elleve digitale læremiddel, mot eit utval av krava til universell utforming av ikt. Tilsyna famnar om digitale læremiddel i form av nettsider og appar.

Status for universell utforming av digitale læremiddel

Diagrammet viser kor stor prosentdel av eit utval krav til universell utforming som ikkje var ivaretekne i dei digitale læremidla på kontrolltidspunktet.

Kort oppsummert

  • Alle dei digitale læremidla det er ført tilsyn med har mangelfull universell utforming. Læremidla er i bruk i svært mange grunnskular. Merk at løysingane vert utbetra som ein del av oppfølginga av tilsyn og at vi her viser resultat på tilsynstidspunktet.
  • Salaby hadde brot med alle regelverkskrava som vart testa i sektortilsynet. Salaby er i bruk i 59 % av grunnskulane i kartlegginga Oslo Economics utførte for Uu-tilsynet i 2023.
  • Askiraski hadde brot med ni av ti krav som vart testa i sektortilsynet. Læremiddelet er i bruk i 45 % av grunnskulane i Oslo Economics si kartlegging.
  • Læremidla Creaza, Afteposten junior skole, Aschehoug univers hadde brot med mellom 80 og 90 % av krava som inngjekk i sektortilsynet.
  • Brettboka, Skolen Cappelen Damm, og Multi Smart Øving hadde brot med mellom 70 og 80 % av krava som inngjekk i sektortilsynet.
  • Showbie og Campus matte hadde brot med høvesvis 67 % og 64 % av krava som inngjekk i sektortilsynet
  • Færrast regelverksbrot vart avdekka i UniBok.

Kjelde: Uu-tilsynet og Oslo Economics

Regelverksbrot avdekka i tilsyn med digitale læremiddel

Diagrammet viser kort stor prosentdel av dei digitale læremidla som hadde førekomstar av brot med ulike krav til universell utforming. Diagrammet listar opp dei vanlegaste regelverksbrota i synkande rekkefølge, målt i kor stor prosentdel av ikt-løysingane dei førekjem i.

Utfyllande forklaring til diagrammet

  • Diagrammet viser testresultat på kontrolltidspunktet. Brot på regelverket vert utbetra før tilsyna vert avslutta.
  • For personar med lese- og skrivevanskar eller synshemming er det avgjerande at ikkje-tekstleg innhald har tekstalternativ og at kodegrunnlaget er slik at datahjelpemiddel kan nyttast:
    • 100 % (11 av 11 digitale læremiddel) har innhaldstypar som ikkje er koda i samsvar med den visuelle presentasjonen av for eksempel tabellar og overskrifter. (SK 1.3.1)
    • 100 % (11 av 11 digitale læremiddel) har ikkje-tekstleg innhald som for eksempel illustrasjonar og diagram på nettsidene sine, men manglar tekstlege alternativ til denne typen innhald (SK 1.1.1)
    • 91 % (10 av 11 digitale læremiddel) har innhaldskomponentar som for eksempel knappar i skjema som ikkje er koda på rett måte, slik at dei som brukar hjelpemiddel ikkje får nødvendig informasjon for å fylle ut og sende inn skjemaet. (SK 4.1.2)
    • 80 % (4 av 5 digitale læremiddel) har skjema der feil utfylling vert oppdaga automatisk, men manglar funksjonalitet for å vise kvar i skjema det er gjort feil og informasjon om kva som er fylt ut feil. (SK 3.3.1)
    • 67 % (6 av 9 digitale læremiddel) har ufullstendig kodegrunnlag eller feil i kodesyntaks. (SK 4.1.1)
    • 60 % (6 av 10 digitale læremiddel) bryt med krav til digitale skjema som seier at det skal visast ledetekstar eller instruksjonar når skjemafelt må fyllast ut (er obligatoriske). (SK 3.3.2)
  • Personar med nedsett høyrsel eller som er døve, er avhengige av teksting av lydinnhald
    • 83 % (5 av 6 digitale læremiddel) har videoar som manglar eller har mangelfull teksting. (SK 1.2.2)
  • Mange med motoriske funksjonsnedsettingar eller personar som er blinde kan ikkje bruke mus på nettsider. Derfor skal alle nettløysingar også kunne brukast med tastatur.
    • 82 % (9 av 11 digitale læremiddel) bryt med kravet om at du skal kunne nå og betene alt innhald med tastatur. (SK 2.1.1)
    • 67 % (6 av 9 digitale læremiddel) manglar synleg fokusmarkering når brukaren navigerer ved hjelp av tastatur. (SK 2.4.7)
  • Personar med moderate synshemmingar har behov for god kontrast mellom tekst og bakgrunn og moglegheiter til å kunne forstørre innhald.
    • 73 % (8 av 11 digitale læremiddel) har for svak kontrast mellom tekst og bakgrunn på nettsidene. (SK 1.4.3)
    • 56 % (5 av 9 digitale læremiddel) har sider der forstørring av tekst ikkje er mogleg utan at anna innhald eller funksjonalitet blir utilgjengeleg for brukaren. (SK 1.4.4)

Oppfølging av tilsyn med digitale læremiddel

Diagrammet viser oppfølging og reaksjonsbruk frå tilsynet i samband med kontrollar av digitale læremiddel. Tilsynet ser alvorleg på alle brot på regelverket om universell utforming, og særleg i opplæring og utdanning, der barn og unge vert ramma.

Kort oppsummert

  • Det er iverksett reaksjonar i alle tilsyna med digitale læremiddel i grunnskulen.
  • For ein tredjedel (4 av 11 digitale læremiddel) er det gjennomført tiltak for utbetring i samsvar med regelverket for universell utforming innan fristen.
  • For to tredjedelar (7 av 11 digitale læremiddel) er det gjort vedtak om tvangsmulkt. Dette har form av dagbøter inntil regelverksbrot er utbetra.
  • Alle dei 11 digitale læremidla vart utbetra innan frist for iverksetting av tvangsmulkt.

Kjelde: Uu-tilsynet