Tilsynsrapport Tromsø kommune
Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Tromsø kommune. Tilsynet avdekka brot på 8 av 12 krav som blei testa.
1 Innleiing
Digitaliseringsdirektoratet er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.
Rettsleg grunnlag for tilsyn er likestillings- og diskrimineringslova (ldl) § 36 første ledd jf. ldl § 18 og forskrifta om universell utforming av ikt-løysingar § 5.
Vi gjennomførte tilsyn med Tromsø kommune i tidsrommet 13.03.2023 til 25.04.2023. Tilsynet retta seg mot Tromsø kommune.
Rapporten gjer greie for resultata innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som er testa. Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av nettstaden.
Resultata med grunngjeving og rettsgrunnlag står i kapittel 2.
2 Resultat
Resultata byggjer på informasjon frå testinga av nettstaden.
Resultata er framstilt inndelt i kategoriar. Der det er påvist brot på minstekrava vil dette gå fram under den enkelte kategorien. Dersom det er avdekt brot på minstekrava vil dette følgjast opp med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
Det er avdekka brot frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4b første og andre ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.1:
- 1.1.1 Ikke-tekstlig innhold
- 1.2.2 Teksting (forhåndsinnspilt)
- 1.3.1 Informasjon og relasjoner
- 2.4.7 Synlig fokus
- 3.3.1 Identifikasjon av feil
- 3.3.2 Ledetekster eller instruksjoner
- 4.1.1 Parsing (oppdeling)
- 4.1.2 Navn, rolle, verdi
2.1 Alternativt format
Suksesskriterium i WCAG 2.1:
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 1 | Bilde ved siden av Si din mening | 1.1.1a-1 |
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 1 | Kommunestyremøte 29.3 | 1.2.2a-1 |
Kommentar til brot
Feila som er avdekka gjer at brukarar som har vanskeleg for å oppfatte visuelt innhald, ikkje alltid får visuelt innhald presentert i alternativt format. Til dømes skal ein person med nedsett syn få lest opp tekstalternativ som formidlar innhald i ikkje-tekstleg informasjon.
- Bilde som ikkje er meiningsberande skal ha tomt alt-attributt.
- Video skal vere teksta eller ha eit tekstleg alternativ.
2.2 Presentasjon
Suksesskriterium i WCAG 2.1:
Nr | Side | Element som ikkje er nøsta korrekt | Element som ikkje er avslutta korrekt | Element som har same attributt fleire gonger | Element som har IDar som ikkje er unike | Sum | Fatal error |
---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Side 1 | 0 | 2 | 1 | 0 | 3 | Nei |
2 | Side 2 | 0 | 2 | 1 | 0 | 3 | Nei |
3 | Side 3 | 2 | 9 | 0 | 0 | 11 | Nei |
4 | Side 4 | 5 | 3 | 1 | 0 | 9 | Nei |
5 | Side 5 | 0 | 2 | 0 | 0 | 2 | Nei |
Kommentar til brot
Feila gjer også at nettstaden er uoversiktleg og vanskeleg for dei som brukar skjermlesar. Korrekt kode er viktig for å sikre at alle brukaragenter, som for eksempel ulike nettlesarar og hjelpemiddel presenterer innhald på nettsida på rett måte for brukaren.
- Koden på nettsida skal ha rett syntaks. Syntaksfeil fører til at innhaldet ikkje blir presentert på ein påliteleg måte i ulike nettlesarar og hjelpemiddel.
2.3 Skjema
Suksesskriterium i WCAG 2.1:
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 4 | Kategori | 3.3.1a-2 |
2 | Side 4 | Ditt navn | 3.3.1a-3 |
3 | Side 4 | Din epost | 3.3.1a-4 |
4 | Side 4 | Bilder og filer | 3.3.1a-5 |
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 2 | Søk | 3.3.2a-1 |
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 4 | Meld feil felt Lokasjon | 3.3.2a-2 |
2 | Side 4 | Meld feil felt Ditt navn | 3.3.2a-3 |
3 | Side 4 | Meld feil felt Din epost | 3.3.2a-4 |
4 | Side 4 | Meld feil felt Bilder/filer | 3.3.2a-5 |
5 | Side 4 | Meld feil felt Kategori | 3.3.2a-6 |
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 1 | Spill av knapp | 4.1.2b-1 |
Kommentar til brot
Feila som er avdekka gjer skjemaet vanskeleg å bruke for alle. Krava som ikkje er oppfylte skal særleg ivareta brukarar som er blinde, fargeblinde eller har nedsett syn, nedsett motorikk eller nedsett kognisjon.
- Dersom det oppstår feil ved utfylling av skjema, skal brukaren få tilstrekkeleg informasjon om feilen og hjelp til å rette denne.
- Skjemaelement skal ha ledetekst eller instruksjonar som set brukaren i stand til å betene skjemaet ved visuell identifikasjon i form av ledetekst, instruksjon eller ikon, symbol eller bilete.
- Det skal opplysast om et skjemaelement er obligatorisk. Dette kan til dømes gjerast ved bruk av (*) og tekstleg forklaring.
- Knappar skal vere kopla til ein ledetekst i koden, og ledeteksten skal identifisere knappen. Ledeteksten skal vere tilsvarande hovudspråket på nettsida. Innhald i koden skal ha ein identifikasjon. Identifikasjon av skjemaelement og knappar gjer at brukaren veit kva han skal skrive inn, og kva som skjer når han trykker på knappen.
2.4 Struktur
Suksesskriterium i WCAG 2.1:
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 1 | Opplisting i footer | 1.3.1c-1 |
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 2 | Opplisting telefonnummer | 1.3.1c-4 |
Kommentar til brot
Feila som er avdekka fører til at nettstaden er vanskeleg og uoversiktleg for blinde og svaksynte.
2.5 Tastaturbetjening
Suksesskriterium i WCAG 2.1:
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 5 | År 2022 | 2.4.7a-1 |
2 | Side 5 | År 2021 | 2.4.7a-2 |
3 | Side 5 | År 2023 | 2.4.7a-3 |
Kommentar til brot
Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg å bruke for personer med nedsett syn.
- Ved tastaturnavigasjon skal innhald brukaren navigerer til, ha synleg fokusmarkering slik at brukaren kan orientere seg på sida og identifisere innhaldet. Når ei nettside inneheld fleire element som kan nåast med tastatur, skal brukaren alltid kunne sjå kva innhaldselement han har navigert til.
3 Om kontrollen
3.1 Tema
Føremålet med tilsynet er å kontrollere om Tromsø kommune etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for kontrollen.
Tilsynet omfatta følgjande tema:
- Alternativt format
- Kontrast
- Presentasjon
- Skjema
- Struktur
- Tastaturbetjening
3.2 Krav
Oversikt over krav (suksesskriterium) som er testa i kontrollen:
- 1.1.1 Ikke-tekstlig innhold
- 1.2.2 Teksting (forhåndsinnspilt)
- 1.3.1 Informasjon og relasjoner
- 1.3.3 Sensoriske egenskaper
- 1.4.3 Kontrast (minimum)
- 1.4.4 Endring av tekststørrelse
- 2.1.1 Tastatur
- 2.4.7 Synlig fokus
- 3.3.1 Identifikasjon av feil
- 3.3.2 Ledetekster eller instruksjoner
- 4.1.1 Parsing (oppdeling)
- 4.1.2 Navn, rolle, verdi
3.3 Testreglar
Oversikt over testreglar som er brukt i kontrollen:
- 1.1.1a Bilde har tekstalternativ
- 1.2.2a Førehandsinnspelt video med lyd, er teksta
- 1.3.1a Overskrifter er rett koda
- 1.3.1b Tabellar og overskriftsceller er rett koda
- 1.3.1c Lister er rett koda
- 1.3.3a Instruksjonar for betening av skjema, er ikkje utelukkande avhengige av sensoriske eigenskapar
- 1.4.3c Det er tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn
- 1.4.4a Tekst kan forstørrast til minst 200 % utan tap av innhald og funksjonalitet
- 2.1.1a Det er mogleg å nå og betene innhald med tastatur
- 2.4.7a Innhald som kan betenast med tastatur, får synleg fokusmarkering
- 3.3.1a Skjema gir feilmelding viss tomme obligatoriske skjemafelt blir oppdaga automatisk
- 3.3.2a Skjemaelement har instruksjon eller ledetekst
- 4.1.1a Koden inneheld ikkje syntaksfeil
- 4.1.2a Skjemaelement er identifiserte i koden
- 4.1.2b Knappar er identifiserte i koden
3.4 Testinga av nettstaden
Vi har testa 12 av dei 35 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta og vi har brukt 15 testreglar.
Verifikasjonen er gjort ved testing av 6 enkeltsider på nettstaden. Oversikt over testsider går fram av punkt 3.5
Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:
- Google Chrome, versjon 111.0.0.5563.65
- Kodevalidatoren til W3C
- Siteimprove Accessibility Checker (Utviding i Chrome)
Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar. For informasjon om målemetodane vi har brukt, viser vi til testregelsettet vårt.
3.5 Enkeltsider som vart testa
Vi har testa følgjande enkeltsider:
- Side 1: Hjem + søk og meny
- Side 2: Finn ansatt
- Side 3: Artikkel, Evakuering opphører - Vasstrandvegen åpnes
- Side 4: Meld om feil eller mangler
- Side 5: Kalender
3.6 Aktivitet under tilsynet
Tilsynet med Tromsø kommune omfatta følgjande aktivitetar:
- Tilsynsvarselet vart sendt 13.03.2023.
- Vi fekk tilbakemelding/dokumentasjon frå verksemda 27.03.2023 og 14.04.2023.
- Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 16.
- Førebels rapport og bildedokumentasjon av feil vart sendt 25.04.2023.
- Vi mottok tilbakemelding frå kommunen 10.05.2023.
4 Regelverk
- Lov om likestilling og forbud mot diskriminering (likestillings- og diskrimineringsloven)
- Forskrift om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske (IKT)-løsninger
- Standarden for nettløysingar, Retningslinjer for tilgjengelig webinnhold (WCAG) 2.1
- Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)
- Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova)
5 Standarden for nettløysingar
Ved å følgje WCAG 2.1 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:
- Syn
- Kognisjon
- Lese- og skrivevanskar
- Norsk som andrespråk
- Motorikk
- Høyrsel
- Epilepsi
- Belastningsskadar
Nettløysingar som følgjer krava vil vere meir brukarvennlege for alle.
Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 b første og andre ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.1 nivå A og AA, med tre unntak.
47 av 78 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.
WCAG 2.1 er bygd opp av 4 prinsipp, 13 retningslinjer og 78 testbare suksesskriterium:
- Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
- Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
- Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.
I tillegg viser WCAG 2.1 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.