Hopp til hovudinnhald

Rapport

Tilsynsrapport Tromsø kommune, Unibok

Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Tromsø kommune, Unibok. Tilsynet avdekka brot på 4 av 12 krav som blei testa.

2023:14
07. juni 2023

    1 Innleiing

    Digitaliseringsdirektoratet er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.

    Rettsleg grunnlag for tilsyn er likestillings- og diskrimineringslova (ldl) § 36 første ledd jf. ldl § 18 og forskrifta om universell utforming av ikt-løysingar § 5.

    Vi gjennomførte tilsyn med Tromsø kommune i tidsrommet 13.03.2023 til 25.04.2023. Tilsynet retta seg mot UniBok.

    Rapporten gjer greie for resultata innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som er testa. Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av nettstaden.

    Resultata med grunngjeving og rettsgrunnlag står i kapittel 2.

    2 Resultat

    Resultata byggjer på informasjon frå testinga av nettstaden.

    Resultata er framstilt inndelt i kategoriar. Der det er påvist brot på minstekrava vil dette gå fram under den enkelte kategorien. Dersom det er avdekt brot på minstekrava vil dette følgjast opp med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.

    Det er avdekka brot frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4b første og andre ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.1:

    2.1 Alternativt format

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Bilde som er pynt/dekor/bakgrunn/formatering, manglar alt-attributt.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 2 Forsidebilde av bok 1.1.1a-2
    2 Side 2 Forsidebilde av gutt m is 1.1.1a-3
    3 Side 4 Eksempeltekst 1.1.1a-4
    4 Side 4 Eksempeltekst 1.1.1a-5

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka gjer at brukarar som har vanskeleg for å oppfatte visuelt innhald, ikkje alltid får visuelt innhald presentert i alternativt format. Til dømes skal ein person med nedsett syn få lest opp tekstalternativ som formidlar innhald i ikkje-tekstleg informasjon.

    • Bilde som ikkje er meiningsberande skal ha tomt alt-attributt.

    2.2 Presentasjon

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Nettside manglar/har mangelfull mekanisme for forstørring. Tekst kan ikkje forstørrast til minst 200 % utan at innhald eller funksjonalitet går tapt.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 5 Side 1.4.4a-2

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg å bruke for personar med nedsett syn.

    • Det skal vere mogleg å forstørre tekst slik at personar med moderat nedsett syn kan lese teksten utan bruk av hjelpemiddelet. Kravet skal i særleg grad ivareta svaksynte. Forstørring av tekst er testa med ei oppløysing på 1920*1080 som er den mest brukte oppløysinga.

    2.3 Skjema

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Skjemaelement med identifikasjon i form av: - tekst, som ikkje alltid er synleg når elementet er i fokus. Skjemaelement har ikkje identifikasjon i form av ikon/symbol/bilde.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 5 Bokmerker 3.3.2a-1

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka gjer skjemaet vanskeleg å bruke for alle. Krava som ikkje er oppfylte skal særleg ivareta brukarar som er blinde, fargeblinde eller har nedsett syn, nedsett motorikk eller nedsett kognisjon.

    • Skjemaelement skal ha ledetekst eller instruksjonar som set brukaren i stand til å betene skjemaet ved visuell identifikasjon i form av ledetekst, instruksjon eller ikon, symbol eller bilete.

    2.4 Struktur

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Visuell overskrift er ikkje koda som overskrift.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 5 Norsk bokmål 1.3.1a-9
    b) Tabell har overskriftsceller som ikkje er koda med <th>.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 3 Tabell 1.3.1b-1

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka fører til at nettstaden er vanskeleg og uoversikteleg for blinde og svaksynte.

    • Visuelle overskrifter skal samsvare kodemessig med korleis overskrifta framstår visuelt.
    • Tabellar skal vere korrekt koda.

    3 Om kontrollen

    3.1 Tema

    Føremålet med tilsynet er å kontrollere om Tromsø kommune etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for kontrollen.

    Tilsynet omfatta følgjande tema:

    • Alternativt format
    • Kontrast
    • Presentasjon
    • Skjema
    • Struktur
    • Tastaturbetjening

    3.2 Krav

    Oversikt over krav (suksesskriterium) som er testa i kontrollen:

    3.3 Testreglar

    Oversikt over testreglar som er brukt i kontrollen:

    • 1.1.1a Bilde har tekstalternativ
    • 1.2.2a Førehandsinnspelt video med lyd, er teksta
    • 1.3.1a Overskrifter er rett koda
    • 1.3.1b Tabellar og overskriftsceller er rett koda
    • 1.3.1c Lister er rett koda
    • 1.3.3a Instruksjonar for betening av skjema, er ikkje utelukkande avhengige av sensoriske eigenskapar
    • 1.4.3c Det er tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn
    • 1.4.4a Tekst kan forstørrast til minst 200 % utan tap av innhald og funksjonalitet
    • 2.1.1a Det er mogleg å nå og betene innhald med tastatur
    • 2.4.7a Innhald som kan betenast med tastatur, får synleg fokusmarkering
    • 3.3.1a Skjema gir feilmelding viss tomme obligatoriske skjemafelt blir oppdaga automatisk
    • 3.3.2a Skjemaelement har instruksjon eller ledetekst
    • 4.1.1a Koden inneheld ikkje syntaksfeil
    • 4.1.2a Skjemaelement er identifiserte i koden
    • 4.1.2b Knappar er identifiserte i koden

    3.4 Testinga av nettstaden

    Vi har testa 12 av dei 35 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta og vi har brukt 15 testreglar.

    Verifikasjonen er gjort ved testing av 5 enkeltsider på nettstaden. Oversikt over testsider går fram av punkt 3.5

    Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:

    • Google Chrome, versjon 111.0.0.5563.65
    • Kodevalidatoren til W3C
    • Siteimprove Accessibility Checker (Utviding i Chrome)

    Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar. For informasjon om målemetodane vi har brukt, viser vi til testregelsettet vårt.

    3.5 Enkeltsider som vart testa

    Vi har testa følgjande enkeltsider:

    3.6 Aktivitet under tilsynet

    Tilsynet med Tromsø kommune omfatta følgjande aktivitetar:

    1. Tilsynsvarselet vart sendt 13.03.2023.
    2. Vi fekk tilbakemelding/dokumentasjon frå verksemda 27.03.2023 og 14.04.2023
    3. Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 16.
    4. Førebels rapport og bildedokumentasjon av feil vart sendt 25.04.2023.
    5. Vi mottok tilbakemelding frå kommunen 10.05.2023.

    5 Standarden for nettløysingar

    Ved å følgje WCAG 2.1 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:

    • Syn
    • Kognisjon
    • Lese- og skrivevanskar
    • Norsk som andrespråk
    • Motorikk
    • Høyrsel
    • Epilepsi
    • Belastningsskadar

    Nettløysingar som følgjer krava vil vere meir brukarvennlege for alle.

    Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 b første og andre ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.1 nivå A og AA, med tre unntak.

    47 av 78 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.

    WCAG 2.1 er bygd opp av 4 prinsipp, 13 retningslinjer og 78 testbare suksesskriterium:

    • Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
    • Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
    • Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.

    I tillegg viser WCAG 2.1 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.