Hopp til hovudinnhald

Rapport

Tilsynsrapport Sunnfjord kommune

Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Sunnfjord kommune. Tilsynet avdekka brot på 7 av 12 krav som blei testa.

2023:04
15. november 2023

    1 Innleiing

    Rettsleg grunnlag for tilsyn er likestillings- og diskrimineringslova (ldl) § 36 første ledd jf. ldl § 18 og forskrifta om universell utforming av ikt-løysingar § 5.

    Vi gjennomførte tilsyn med Sunnfjord kommune i tidsrommet 06.03.2023 til 20.04.2023. Tilsynet retta seg mot sunnfjord.kommune.no.

    Rapporten gjer greie for resultata innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som er testa. Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av nettstaden.

    Resultata med grunngjeving og rettsgrunnlag står i kapittel 2.

    2 Resultat

    Resultata byggjer på informasjon frå testinga av nettstaden.

    Resultata er framstilt inndelt i kategoriar. Der det er påvist brot på minstekrava vil dette gå fram under den enkelte kategorien. Dersom det er avdekt brot på minstekrava vil dette følgjast opp med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.

    Det er avdekka brot frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4b første og andre ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.1:

    2.1 Alternativt format

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Meiningsberande bilde manglar tekstalternativ.
    NrSideElementReferanse
    1Side 4Bilde av Åge Ansgar Stafsnes1.1.1a-6
    2Side 6Organisering av team i Sunnfjord kommune1.1.1a-10
    3Side 6Føresette: Modell for organisering og rolleavklaring for arbeid med tidleg innsats, tilpassa opplæring og spesialpedagoikk1.1.1a-8
    4Side 6Elevar som har fylt 15 år: Modell for organisering og rolleavklaring for arbeid med tidleg innsats, tilpassa opplæring og spesialpedagoikk1.1.1a-9

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka gjer at brukarar som har vanskeleg for å oppfatte visuelt innhald, ikkje alltid får innhaldet presentert i alternativt format. Til dømes skal ein person med nedsett syn få lest opp tekstalternativ som formidlar innhald i ikkje-tekstleg informasjon.

    • Meiningsberande bilde skal ha eit kort tekstalternativ som gjer att same informasjon som biletet.

    2.2 Presentasjon

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Nettside manglar/har mangelfull mekanisme for forstørring. Tekst kan ikkje forstørrast til minst 200 % utan at innhald eller funksjonalitet går tapt.
    NrSideElementReferanse
    1Side 1Side1.4.4a-1
    2Side 2Side1.4.4a-2
    3Side 3Side1.4.4a-3
    4Side 4Side1.4.4a-4
    5Side 5Side1.4.4a-5
    6Side 6Side1.4.4a-6
    7Side 7Side1.4.4a-7
    b) Sider med syntaksfeil i koden.
    NrSideElement som ikkje er avslutta korrektElement som har same attributt fleire gongerElement som har IDar som ikkje er unikeSumFatal error
    1Side 10033Nei
    2Side 20022Nei
    3Side 30022Nei
    4Side 40022Nei
    5Side 50022Nei
    6Side 61023Nei
    7Side 71023Nei

    Kommentar til brot

    Det skal vere mogleg å forstørre tekst slik at personar med moderat nedsett syn, kan lese teksten utan bruk av hjelpemiddel. Kravet skal i særleg grad ivareta svaksynte.

    Koden på nettsida skal ha rett syntaks. Syntaksfeil fører til at innhaldet ikkje blir presentert på ein påliteleg måte i ulike nettlesarar og hjelpemiddel. Korrekt kode er viktig for å sikre at alle brukaragentar, som for eksempel ulike nettlesarar og hjelpemiddel, presenterer innhald på nettsida på rett måte for brukaren.

    2.3 Skjema

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Skjemaelement er kopla til ein ledetekst i koden. Skjemaelement er plassert i ei gruppe som ikkje er identifisert i koden.
    NrSideElementReferanse
    1Side 2Svaret ditt i "Fann du det du leitte etter?"4.1.2a-2
    b) Knapp er ikkje koda med <input> eller <button>. Knapp er ikkje koda med role="button".
    NrSideElementReferanse
    1Side 1Translate/oversett4.1.2b-1
    2Side 1Til toppen4.1.2b-3
    3Side 5Skuleruta sortere-knapp i tabell Skuleruta 2023-20244.1.2b-10
    4Side 5Datoar sortere-knapp i tabell Skuleruta 2023-20244.1.2b-11
    5Side 5Skuleruta sortere-knapp i tabell Skuleruta 2022-20234.1.2b-8
    6Side 5Datoar sortere-knapp i tabell Skuleruta 2022-20234.1.2b-9

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka gjer skjemaet vanskeleg å bruke for alle. Krava som ikkje er oppfylte skal særleg ivareta brukarar som er blinde, fargeblinde eller har nedsett syn, nedsett motorikk eller nedsett kognisjon.

    • Element som ikkje kan veljast uavhengig av kvarandre, skal være koda som ei gruppe og ledeteksten skal gjelde for gruppa.
    • Knappar som ikkje er koda med standardelementa i (X)HTML, skal ha informasjon om rolle.

    2.4 Struktur

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Visuell overskrift er ikkje koda som overskrift.
    NrSideElementReferanse
    1Side 1Koronavaksine1.3.1a-1
    2Side 1Beredskap og krisehandtering1.3.1a-2
    3Side 4Barnehage1.3.1a-8
    4Side 5Åge Ansgar Stafnes1.3.1a-10
    5Side 7Føresette1.3.1a-14
    b) Visuell unummerert liste er ikkje koda med <ul>.
    NrSideElementReferanse
    1Side 1Besøk oss1.3.1c-2
    2Side 6Lesing og skriving1.3.1c-10
    3Side 6Læreverk1.3.1c-9

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka gjer det vanskeleg for brukaren å finne relevant informasjon, og forstå samanhengar og struktur i informasjonen som blir presentert. Krava som ikkje er oppfylte skal særleg ivareta brukarar som er blinde, har nedsett syn, er døvblinde, eller har nedsett motorikk eller nedsett kognisjon.

    • Visuelle overskrifter skal vere koda som overskrift.
    • Unummererte lister skal vere koda som unummerert liste.

    2.5 Tastaturbetjening

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Det er ikkje mogleg å nå og betene alt innhald/funksjonalitet med tastatur.
    NrSideElementReferanse
    1Side 5Skuleruta sortere-knapp i tabell Skuleruta 2022-20232.1.1a-5
    2Side 5Datoar sortere-knapp i tabell Skuleruta 2022-20232.1.1a-6
    3Side 5Skuleruta sortere-knapp i tabell Skuleruta 2023-20242.1.1a-7
    4Side 5Datoar sortere-knapp i tabell Skuleruta 2023-20242.1.1a-8
    b) Element det er mogeleg å betene med tastaturet som ikkje får synleg fokusmarkering.
    NrSideElementReferanse
    1Side 1Hjem-knappen2.4.7a-1
    2Side 2Send i "Fann du det du leitte etter?"2.4.7a-2
    3Side 2Avbryt i "Fann du det du leitte etter?"2.4.7a-3
    4Side 2x i "Fann du det du leitte etter?"2.4.7a-4

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka, gjer at nettstaden er vanskeleg å bruke for personar som må, eller ønsker å navigere med tastatur. Dette rammer særleg synshemma og personar med varig eller mellombels nedsett motorikk.

    • Alt innhald og funksjonalitet som er naturleg å bruke med tastatur skal kunne nåast og brukast.
    • Ved tastaturnavigasjon skal innhald brukaren navigerer til, ha synleg fokusmarkering slik at brukaren kan orientere seg på sida og identifisere innhaldet. Når ei nettside inneheld fleire element som kan nåast med tastatur, skal brukaren alltid kunne sjå kva innhaldselement han har navigert til.

    3 Om kontrollen

    3.1 Tema

    Føremålet med tilsynet er å kontrollere om Sunnfjord kommune etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for kontrollen. Tilsynet omfatta følgjande tema

    • alternativt format
    • kontrast
    • presentasjon
    • skjema
    • struktur
    • tastaturbetjening

    3.2 Krav

    Oversikt over krav (suksesskriterium) som er testa i kontrollen

    3.3 Testreglar

    Oversikt over testreglar som er brukt i kontrollen

    • 1.1.1a Bilde har tekstalternativ
    • 1.2.2a Førehandsinnspelt video med lyd, er teksta
    • 1.3.1a Overskrifter er rett koda
    • 1.3.1b Tabellar og overskriftsceller er rett koda
    • 1.3.1c Lister er rett koda
    • 1.3.3a Instruksjonar for betening av skjema, er ikkje utelukkande avhengige av sensoriske eigenskapar
    • 1.4.3c Det er tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn
    • 1.4.4a Tekst kan forstørrast til minst 200 % utan tap av innhald og funksjonalitet
    • 2.1.1a Det er mogleg å nå og betene innhald med tastatur
    • 2.4.7a Innhald som kan betenast med tastatur, får synleg fokusmarkering
    • 3.3.1a Skjema gir feilmelding viss tomme obligatoriske skjemafelt blir oppdaga automatisk
    • 3.3.2a Skjemaelement har instruksjon eller ledetekst
    • 4.1.1a Koden inneheld ikkje syntaksfeil
    • 4.1.2a Skjemaelement er identifiserte i koden
    • 4.1.2b Knappar er identifiserte i koden

    3.4 Testinga av nettstaden

    Vi har testa 12 av dei 47 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta og vi har brukt 15 testreglar.
    Verifikasjonen er gjort ved testing av 7 enkeltsider på nettstaden. Oversikt over testsider går fram av punkt 3.5.
    Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:

    • Google Chrome versjon 111.0.5563.65
    • Kodevalidatoren til W3C
    • Siteimprove Accessibility Checker (Utviding i Chrome)

    Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar. For informasjon om målemetodane vi har brukt, viser vi til testregelsettet vårt.

    3.5 Enkeltsider som vart testa

    Vi har testa følgjande enkeltsider:

    sunnfjord.kommune.no

    Sidene som ikkje er lenka i lista, er sider som har ei nettadresse som er unik for kvar brukar.

    3.6 Aktivitet under tilsynet

    Tilsynet med Sunnfjord kommune omfatta følgjande aktivitetar:

    1. Tilsynsvarselet vart sendt 06.03.2023.
    2. Vi fekk tilbakemelding/dokumentasjon frå verksemda 29.03.2023 (datert 27.03.2023) og 12.04.2023 (datert 04.04.2023).
    3. Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 13.
    4. Førebels rapport og bildedokumentasjon av feil vart sendt 20.04.2023.

    5 Standarden for nettløysingar

    Ved å følgje WCAG 2.1 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:

    • Syn
    • Kognisjon
    • Lese- og skrivevanskar
    • Norsk som andrespråk
    • Motorikk
    • Høyrsel
    • Epilepsi
    • Belastningsskadar

    Nettløysingar som følgjer krava vil vere meir brukarvennlege for alle.

    Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4b første og andre ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.1 nivå A og AA.

    47 av 78 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta.

    WCAG 2.1 er bygd opp av 4 prinsipp, 13 retningslinjer og 78 testbare suksesskriterium:

    • Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
    • Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
    • Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.

    I tillegg viser WCAG 2.1 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylle suksesskriteria.