Hopp til hovudinnhald

Rapport

Tilsynsrapport Sunnfjord kommune, Multi Smart Øving

Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Sunnfjord kommune, Multi Smart Øving. Tilsynet avdekka brot på 5 av 12 krav som blei testa.

2023:03
15. november 2023

    1 Innleiing

    Digitaliseringsdirektoratet er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.

    Rettsleg grunnlag for tilsyn er likestillings- og diskrimineringslova (ldl) § 36 første ledd jf. ldl § 18 og forskrifta om universell utforming av iktløysingar § 5.

    Vi gjennomførte tilsyn med Sunnfjord kommune i tidsrommet 20.04.2023 til 30.08.2023. Tilsynet retta seg mot Multi Smart Øving.

    Rapporten gjer greie for resultata innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som er testa. Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av nettstaden.

    Resultata med grunngjeving og rettsgrunnlag står i kapittel 2.

    2 Resultat

    Resultata byggjer på informasjon frå testinga av nettstaden.

    Resultata er framstilt inndelt i kategoriar. Der det er påvist brot på minstekrava vil dette gå fram under den enkelte kategorien. Dersom det er avdekt brot på minstekrava vil dette følgjast opp med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.

    Det er avdekka brot frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4b første og andre ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.1:

    2.1 Alternativt format

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Meiningsberande bilde har tekstalternativ som ikkje er beskrivande.
    NrSideElementReferanse
    1Side 1Bilde av 4 fisker, 3 båter og 2 gravemaskiner1.1.1a-11
    b) Bilde som er pynt/dekor/bakgrunn/formatering, er koda med attributta aria-label eller aria-labelledby.
    NrSideElementReferanse
    1Side 2Stjerne i elevoversikt1.1.1a-12
    2Side 2Premie-ikon i elevoversikt1.1.1a-13
    3Side 2Stjerne i Elevoversikten nederst1.1.1a-4
    4Side 2Klokke i Elevoversikten nederst1.1.1a-5

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka gjer at brukarar som har vanskeleg for å oppfatte visuelt eller auditivt innhald, ikkje alltid får innhaldet presentert i alternativt format. Til dømes skal ein person med nedsett syn få lest opp tekstalternativ som formidlar innhald i ikkje-tekstleg informasjon, og ein person med nedsett høyrsel skal få et tekstleg alternativ til tale.

    • Meiningsberande bilete skal ha eit kort tekstalternativ som skildrar det same innhaldet som bilete.
    • Bilete som ikkje er meiningsberande skal ha tomt alt-attributt.

    2.2 Presentasjon

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Nettside manglar/har mangelfull mekanisme for forstørring. Tekst kan ikkje forstørrast til minst 200 % utan at innhald eller funksjonalitet går tapt.
    NrSideElementReferanse
    1Side 1Side1.4.4a-1
    2Side 2Side1.4.4a-5
    3Side 3Side1.4.4a-7
    4Side 5Side1.4.4a-4
    5Side 7Side1.4.4a-2

    Kommentar til brot

    Det skal vere mogleg å forstørre tekst slik at personar med moderat nedsett syn kan lese teksten utan bruk av hjelpemiddel. Kravet skal i særleg grad ivareta svaksynte.

    2.3 Skjema

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Skjemaelement med identifikasjon i form av: - tekst, som ikkje er plassert i/ved skjemaelementet. Skjemaelement har ikkje identifikasjon i form av ikon/symbol/bilde.
    NrSideElementReferanse
    1Side 1Tallinja3.3.2a-2
    2Side 7role="slider",slider3.3.2a-1
    b) Skjemaelement er ikkje er kopla til ein ledetekst i koden.
    NrSideElementReferanse
    1Side 1Tell opp og plasser antallet på tallinja4.1.2a-3
    2Side 7Slider4.1.2a-1
    c) Knapp er ikkje koda med <input> eller <button>. Knapp er ikkje koda med role="button".
    NrSideElementReferanse
    1Side 2Farge-endrer på UFO til kap14.1.2b-15

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka gjer skjemaet vanskeleg å bruke for alle. Krava som ikkje er oppfylte skal særleg ivareta brukarar som er blinde, fargeblinde eller har nedsett syn, motorikk eller nedsett kognisjon.

    • Identifikasjon av skjemaelementet, i form av tekst/ikon/symbol/bilde, skal være plassert i eller rett ved skjemaelementet.
    • Skjemaelement skal vere kopla til ein ledetekst i koden slik at hjelpemiddelteknologi presenterer riktig ledetekst, og brukaren veit kva informasjon som skal fyllast ut i feltet.
    • Knapper som ikkje er koda med standardelementa i (X)HTML, skal ha informasjon om rolle.

    2.4 Tastaturbetjening

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Det er ikkje mogleg å nå og betene alt innhald/funksjonalitet med tastatur.
    NrSideElementReferanse
    1Side 2Fargeendring på UFO og planet for kap12.1.1a-5

    Kommentar til brot

    Feilen som er avdekka gjer at personer som må eller ønsker å navigere med tastatur ikkje kan betjene funksjonaliteten. Feilen rammer personer med varlig eller mellombels nedsett handfunksjon.

    3 Om kontrollen

    3.1 Tema

    Føremålet med tilsynet er å kontrollere om Sunnfjord kommune etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for kontrollen. Tilsynet omfatta følgjande tema

    • alternativt format
    • kontrast
    • presentasjon
    • skjema
    • struktur
    • tastaturbetjening

    3.2 Krav

    Oversikt over krav (suksesskriterium) som er testa i kontrollen

    3.3 Testreglar

    Oversikt over testreglar som er brukt i kontrollen

    • 1.1.1a Bilde har tekstalternativ
    • 1.2.2a Førehandsinnspelt video med lyd, er teksta
    • 1.3.1a Overskrifter er rett koda
    • 1.3.1b Tabellar og overskriftsceller er rett koda
    • 1.3.1c Lister er rett koda
    • 1.3.3a Instruksjonar for betening av skjema, er ikkje utelukkande avhengige av sensoriske eigenskapar
    • 1.4.3c Det er tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn
    • 1.4.4a Tekst kan forstørrast til minst 200 % utan tap av innhald og funksjonalitet
    • 2.1.1a Det er mogleg å nå og betene innhald med tastatur
    • 2.4.7a Innhald som kan betenast med tastatur, får synleg fokusmarkering
    • 3.3.1a Skjema gir feilmelding viss tomme obligatoriske skjemafelt blir oppdaga automatisk
    • 3.3.2a Skjemaelement har instruksjon eller ledetekst
    • 4.1.1a Koden inneheld ikkje syntaksfeil
    • 4.1.2a Skjemaelement er identifiserte i koden
    • 4.1.2b Knappar er identifiserte i koden

    3.4 Testinga av nettstaden

    Vi har testa 12 av dei 47 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta og vi har brukt 15 testreglar. Verifikasjonen er gjort ved testing av 7 enkeltsider på nettstaden. Oversikt over testsider går fram av punkt 3.5. Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:

    • Google Chrome, versjon 115.0.5790.171
    • Kodevalidatoren til W3C
    • Siteimprove Accessibility Checker (Utviding i Chrome)

    Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar. For informasjon om målemetodane vi har brukt, viser vi til testregelsettet vårt.

    3.5 Enkeltsider som vart testa

    Vi har testa følgjande enkeltsider:

    Multi Smart Øving

    Sidene som ikkje er lenka i lista, er sider som har ei nettadresse som er unik for kvar brukar.

    3.6 Aktivitet under tilsynet

    Tilsynet med Sunnfjord kommune omfatta følgjande aktivitetar:

    1. Tilsynsvarselet vart sendt 14.08.2023.
    2. Vi fekk tilbakemelding/dokumentasjon frå verksemda 29.03.2023 og 12.04.2023.
    3. Tilsynet vart utsett ved brev 26.05.2023 då ikt-løysinga vart opplyst å skulle over på ny teknologisk plattform.
    4. Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 32-33.
    5. Førebels rapport og bildedokumentasjon av feil vart sendt 30.08.2023.

    5 Standarden for nettløysingar

    Ved å følgje WCAG 2.1 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:

    • Syn
    • Kognisjon
    • Lese- og skrivevanskar
    • Norsk som andrespråk
    • Motorikk
    • Høyrsel
    • Epilepsi
    • Belastningsskadar

    Nettløysingar som følgjer krava vil vere meir brukarvennlege for alle.

    Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4b første og andre ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.1 nivå A og AA.

    47 av 78 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta.

    WCAG 2.1 er bygd opp av 4 prinsipp, 13 retningslinjer og 78 testbare suksesskriterium:

    • Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
    • Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
    • Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.

    I tillegg viser WCAG 2.1 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylle suksesskriteria.