Hopp til hovudinnhald

Rapport

Tilsynsrapport Stavanger kommune

Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Stavanger kommune. Tilsynet avdekka brot på 4 av 12 krav som blei testa.

2023:2
06. juni 2023

    1 Innleiing

    Digitaliseringsdirektoratet er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.

    Rettsleg grunnlag for tilsyn er likestillings- og diskrimineringslova (ldl) § 36 første ledd jf. ldl § 18 og forskrifta om universell utforming av ikt-løysingar § 5.

    Vi gjennomførte tilsyn med Stavanger kommune i tidsrommet 06.03.2023-21.04.2023. Tilsynet retta seg mot stavanger.kommune.no.

    Rapporten gjer greie for resultata innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som er testa. Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av nettstaden.

    Resultata med grunngjeving og rettsgrunnlag står i kapittel 2.

    2 Resultat

    Resultata byggjer på informasjon frå testinga av nettstaden.

    Resultata er framstilt inndelt i kategoriar. Der det er påvist brot på minstekrava vil dette gå fram under den enkelte kategorien. Dersom det er avdekt brot på minstekrava vil dette følgjast opp med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.

    Det er avdekka brot frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4b første og andre ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.1:

    2.1 Alternativt format

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Bilde som er pynt/dekor/bakgrunn/formatering, har ikkje tomt alt-attributt.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 4 Dekorativt bilde av sykler 1.1.1a-5

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka, gjer at nettstaden er vanskeleg å bruke for personer som må, eller ønskjer å navigere med tastatur. Dette rammer særleg blinde, personer med nedsett syn, og personar med varig eller mellombels nedsett handfunksjon.

    • Det ikkje tekstlege innhaldet skal ha tomt alt-attributt slik at innhaldet vert formidla korrekt til alle brukarar.

    2.2 Skjema

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Skjemaelement er kopla til ein ledetekst i koden. Ledeteksten identifiserer ikkje skjemaelementet.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 2 Textarea 4.1.2a-2
    b) Knapp er kopla til ein ledetekst i koden. Ledeteksten identifiserer ikkje knappen.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 1 Kommune Kari 4.1.2b-3
    2 Side 2 Tommel opp liten 4.1.2b-5
    3 Side 2 Tommel opp liten 4.1.2b-6
    4 Side 2 Tommel opp stor 4.1.2b-7
    5 Side 2 Tommel ned stor 4.1.2b-8
    c) Knapp er ikkje koda med <input> eller <button>. Knapp er ikkje koda med role="button".
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 2 Last ned samtalen 4.1.2b-4

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka gjer skjemaet vanskeleg å bruke for alle. Krava som ikkje er oppfylte skal særleg ivareta brukarar som er blinde, fargeblinde eller har nedsett syn, nedsett motorikk eller nedsett kognisjon.

    • Skjemaelement skal vere kopla til ein ledetekst i koden slik at hjelpemiddelteknologi presenterer riktig ledetekst, og brukaren veit kva informasjon som skal fyllast ut i feltet.
    • Knappar skal vere kopla til ein ledetekst i koden, og ledeteksten skal identifisere knappen. Ledeteksten skal vere på norsk. Innhald i koden skal ha ein identifikasjon. Identifikasjon av skjemaelement og knappar gjer at brukaren veit kva han skal skrive inn, og kva som skjer når han trykker på knappen.
    • Knappar som ikkje er koda med standardelementa i (X)HTML, skal ha informasjon om rolle.

    2.3 Struktur

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Tabell har overskriftsceller som ikkje er koda med <th>.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 3 Tabell med telefonnummer/kontaktinformasjon, tlf.nr. 1.3.1b-5
    2 Side 3 Tabell med telefonnummer/kontaktinformasjon, Vakt 1.3.1b-6

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka fører til at nettstaden er vanskeleg og uoversikteleg for blinde og svaksynte.

    • Tabellar som inneheld overskriftsceller skal kodast med <th>.

    2.4 Tastaturbetjening

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Element det er mogeleg å betene med tastaturet som ikkje får synleg fokusmarkering.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 1, Side 3, Side 4 Meny. For dårlig synlighet 2.4.7a-1
    2 Side 3, Side 4 Søk. For dårlig synlighet 2.4.7a-3

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka, gjer at nettstaden er vanskeleg å bruke for personer som må, eller ønskjer å navigere med tastatur. Dette rammer særleg blinde, personer med nedsett syn, og personar med varig eller mellombels nedsett handfunksjon.

    • Ved tastaturnavigasjon skal innhald brukaren navigerer til, ha synleg fokusmarkering slik at brukaren kan orientere seg på sida og identifisere innhaldet. Når ei nettside inneheld fleire element som kan nåast med tastatur, skal brukaren alltid kunne sjå kva innhaldselement han har navigert til.

    3 Om kontrollen

    3.1 Tema

    Føremålet med tilsynet er å kontrollere om Stavanger kommune etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for kontrollen.

    Tilsynet omfatta følgjande tema:

    • Alternativt format
    • Kontrast
    • Presentasjon
    • Skjema
    • Struktur
    • Tastaturbetjening

    3.2 Krav

    Oversikt over krav (suksesskriterium) som er testa i kontrollen:

    3.3 Testreglar

    Oversikt over testreglar som er brukt i kontrollen:

    • 1.1.1a Bilde har tekstalternativ
    • 1.2.2a Førehandsinnspelt video med lyd, er teksta
    • 1.3.1a Overskrifter er rett koda
    • 1.3.1b Tabellar og overskriftsceller er rett koda
    • 1.3.1c Lister er rett koda
    • 1.3.3a Instruksjonar for betening av skjema, er ikkje utelukkande avhengige av sensoriske eigenskapar
    • 1.4.3c Det er tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn
    • 1.4.4a Tekst kan forstørrast til minst 200 % utan tap av innhald og funksjonalitet
    • 2.1.1a Det er mogleg å nå og betene innhald med tastatur
    • 2.4.7a Innhald som kan betenast med tastatur, får synleg fokusmarkering
    • 3.3.1a Skjema gir feilmelding viss tomme obligatoriske skjemafelt blir oppdaga automatisk
    • 3.3.2a Skjemaelement har instruksjon eller ledetekst
    • 4.1.1a Koden inneheld ikkje syntaksfeil
    • 4.1.2a Skjemaelement er identifiserte i koden
    • 4.1.2b Knappar er identifiserte i koden

    3.4 Testinga av nettstaden

    Vi har testa 12 av dei 47 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta og vi har brukt 15 testreglar.

    Verifikasjonen er gjort ved testing av 5 enkeltsider på nettstaden. Oversikt over testsider går fram av punkt 2.3.

    Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:

    • Google Chrome, versjon 111.0.5563.65
    • Kodevalidatoren til W3C
    • Siteimprove Accessibility Checker (Utviding i Chrome)

    Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar. For informasjon om målemetodane vi har brukt, viser vi til testregelsettet vårt.

    3.5 Enkeltsider som vart testa

    Vi har testa følgjande enkeltsider:

    • Side 1: Stavanger kommune forside + søk og meny
    • Side 2: Chatbot
    • Side 3: Kontakt
    • Side 4: Vilkårlig artikkel, Støtte til kjøp av elektriske lastesykler
    • Side 6: Varsle om feil

    3.6 Aktivitet under tilsynet

    Tilsynet med Stavanger kommune omfatta følgjande aktivitetar:

    1. Tilsynsvarselet vart sendt 06.03.2023.
    2. Vi fekk tilbakemelding/dokumentasjon frå verksemda 17.03.2023.
    3. Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 15.
    4. Førebels rapport og bildedokumentasjon av feil vart sendt 21.04.2023.
    5. Det vart gjennomført møte med Stavanger kommune 02.05.2023.
    6. Vi mottok kommentarar til førebelse rapporter 08.05.2023.

    5 Standarden for nettløysingar

    Ved å følgje WCAG 2.1 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:

    • Syn
    • Kognisjon
    • Lese- og skrivevanskar
    • Norsk som andrespråk
    • Motorikk
    • Høyrsel
    • Epilepsi
    • Belastningsskadar

    Nettløysingar som følgjer krava vil vere meir brukarvennlege for alle.

    Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første og andre ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.1 nivå A og AA, med tre unntak.

    47 av 78 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.

    WCAG 2.1 er bygd opp av 4 prinsipp, 13 retningslinjer og 78 testbare suksesskriterium:

    • Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
    • Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
    • Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.

    I tillegg viser WCAG 2.1 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.