Hopp til hovudinnhald

Rapport

Tilsynsrapport Bodø kommune, Aftenposten junior skole

Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Bodø kommune, Aftenposten junior skole. Tilsynet avdekka brot på 8 av 12 krav som blei testa.

2023:17
07. juni 2023

    1 Innleiing

    Digitaliseringsdirektoratet er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.

    Rettsleg grunnlag for tilsyn er likestillings- og diskrimineringslova (ldl) § 36 første ledd jf. ldl § 18 og forskrifta om universell utforming av ikt-løysingar § 5.

    Vi gjennomførte tilsyn med Bodø kommune i tidsrommet 13.03.2023 til 24.04.2023. Tilsynet retta seg mot det digitale læremiddelet Aftenposten junior skole.

    Rapporten gjer greie for resultata innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som er testa. Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av nettstaden.

    Resultata med grunngjeving og rettsgrunnlag står i kapittel 2.

    2 Resultat

    Resultata byggjer på informasjon frå testinga av nettstaden.

    Resultata er framstilt inndelt i kategoriar. Der det er påvist brot på minstekrava vil dette gå fram under den enkelte kategorien. Dersom det er avdekt brot på minstekrava vil dette følgjast opp med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.

    Det er avdekka brot frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4b første og andre ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.1:

    2.1 Alternativt format

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Meiningsberande bilde manglar tekstalternativ.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 2 Under vann opp mot overflaten, sola skinner i vannet 1.1.1a-3
    2 Side 2 Grønt smilefjes 1.1.1a-6
    3 Side 2 Rødt kryss 1.1.1a-7
    4 Side 3 Foto: J. Scott Applewhite, AP/NTB 1.1.1a-18
    5 Side 3 Portrett av Sigmund Falch 1.1.1a-9
    6 Side 4 Ikon i turkis for å vise nåværende tekst. 1.1.1a-11
    b) Bilde som er pynt/dekor/bakgrunn/formatering, manglar alt-attributt.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 6 Spørsmåltegn 1.1.1a-13

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka gjer at brukarar som har vanskeleg for å oppfatte visuelt innhald, ikkje alltid får innhaldet presentert i alternativt format. Til dømes skal ein person med nedsett syn få lest opp tekstalternativ som formidlar innhald i ikkje-tekstleg informasjon.

    • Meiningsberande bilde skal ha eit kort tekstalternativ som gjer att same informasjon som biletet.
    • Dekorative bilde skal vere koda på ein slik måte at dei ikkje er til støy for brukare med skjermlesar.

    2.2 Kontrast

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Testside har kontrastfeil.
    Nr Side Tal element med kontrastfeil
    1 Side 1 1
    2 Side 2 1
    3 Side 3 4
    4 Side 4 1
    5 Side 5 1
    6 Side 6 1
    7 Side 7 2

    Kommentar til brot

    Det skal vere tilstrekkeleg kontrast mellom bakgrunn og tekst på nettstaden. Dette gjer at brukarar med moderat nedsett syn i større grad kan lese teksten. Dette gjelder også brukarar med redusert fargesyn. Tilstrekkeleg kontrast gir auka brukarvennlegheit for alle brukarar.

    2.3 Presentasjon

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Nettside manglar/har mangelfull mekanisme for forstørring. Tekst kan ikkje forstørrast til minst 200 % utan at innhald eller funksjonalitet går tapt.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 1 Side 1.4.4a-1
    2 Side 4 Side 1.4.4a-4
    b) Sider med syntaksfeil i koden.
    Nr Side Element som ikkje er nøsta korrekt
    1 Side 5 12
    2 Side 7 5
    3 Side 8 28

    Kommentar til brot

    Det skal vere mogleg å forstørre tekst slik at personar med moderat nedsett syn, kan lese teksten utan bruk av hjelpemiddel. Kravet skal i særleg grad ivareta svaksynte.

    Koden på nettsida skal ha rett syntaks. Syntaksfeil fører til at innhaldet ikkje blir presentert på ein påliteleg måte i ulike nettlesarar og hjelpemiddel. Korrekt kode er viktig for å sikre at alle brukaragentar, som for eksempel ulike nettlesarar og hjelpemiddel, presenterer innhald på nettsida på rett måte for brukaren.

    2.4 Skjema

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Skjemaelement er kopla til ein ledetekst i koden. Skjemaelement er plassert i ei gruppe som ikkje er identifisert i koden.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 1 Alt mulig: 4.1.2a-2
    2 Side 1 Bokmål (Bokmål) 4.1.2a-3
    3 Side 2 Velg språk 4.1.2a-4
    4 Side 3 Spørsmål 1 Hva heter skuespillerne som spiller Frode og Lisbeth? 4.1.2a-6
    5 Side 3 Avslutt - Hva vil du gjøre nå? 4.1.2a-7
    6 Side 8 Radioknapper med ikoner 4.1.2a-12
    b) Skjemaelement er ikkje er kopla til ein ledetekst i koden.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 2 Keiserpingvin 4.1.2a-5
    c) Knapp er ikkje er kopla til ein ledetekst i koden.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 5 Playback rate 4.1.2b-10
    d) Knapp er kopla til ein ledetekst i koden. Ledeteksten identifiserer ikkje knappen.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 3 Play knapp - Lytt til denne artikkelen 4.1.2b-6
    2 Side 3 speedRate knapp i spilleren Lytt til denne artikkelen 4.1.2b-7
    3 Side 5 Playback rate 4.1.2b-11
    4 Side 5 Spill 4.1.2b-12

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka gjer skjemaet vanskeleg å bruke for alle. Krava som ikkje er oppfylte skal særleg ivareta brukarar som er blinde, fargeblinde eller har nedsett syn, nedsett motorikk eller nedsett kognisjon.

    • Alle skjemaelement skal ha ledetekstar i koden som set brukaren i stand til å betene skjemaet.
    • Element som ikkje kan veljast uavhengig av kvarandre, skal være koda som ei gruppe og ledeteksten skal gjelde for gruppa.
    • Knappar skal vere kopla til ein ledetekst i koden og ledeteksten skal identifisere knappen. Ledeteksten skal vere på norsk. Innhald i koden skal ha ein identifikasjon. Identifikasjon av skjemaelement og knappar gjer at brukeran veit kva han skal skrive inn og kva som skjer når han trykker på knappen.

    2.5 Struktur

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Visuelt overskriftsnivå samsvarar ikkje med koda overskriftsnivå.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 8 Hva liker du å lese om? 1.3.1a-11
    b) Visuell overskrift er ikkje koda som overskrift.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 1 Ta en quiz! 1.3.1a-3
    2 Side 2, Side 3 Spørsmål 1 1.3.1a-4
    3 Side 5 Forklart Junior 1.3.1a-8
    c) Visuell unummerert liste er ikkje koda med <ul>.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 1 Lenkeliste i footer 1.3.1c-3
    d) Visuell beskrivande liste er ikkje koda med <dl>, <dt> og <dd>.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 5 Først publisert: Sist oppdatert: 1.3.1c-7
    2 Side 6 Skrevet av: Først publisert: Sist oppdatert: 1.3.1c-8

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka gjer det vanskeleg for brukaren å finne relevant informasjon, og forstå samanhengar og struktur i informasjonen som blir presentert. Krava som ikkje er oppfylte skal særleg ivareta brukarar som er blinde, har nedsett syn, er døvblinde, eller har nedsett motorikk eller nedsett kognisjon.

    • Visuelle overskrifter, unummererte lister og beskrivande lister skal vere koda semantisk rett.
    • Overskrifter som inngår i eit visuelt overskriftshierarki, skal vere koda med rett overskriftsnivå.

    2.6 Tastaturbetjening

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Det er ikkje mogleg å nå og betene alt innhald/funksjonalitet med tastatur.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 4 Slider navigering (forrige foil) 2.1.1a-4
    2 Side 7 Hva liker du å lese om? 2.1.1a-7
    b) Element det er mogeleg å betene med tastaturet som ikkje får synleg fokusmarkering.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 1 Forside 2.4.7a-1
    2 Side 1 Nyheter 2.4.7a-2
    3 Side 1 Quiz 2.4.7a-3
    4 Side 2 Svaralternativene 2.4.7a-4
    5 Side 3 Knappen lydeffekter 2.4.7a-5
    6 Side 3 Steiner Sagen og Pernille Fillern 2.4.7a-6
    7 Side 4 Neste stopp er Belgia 2.4.7a-7
    8 Side 6 Kongressen knapp 2.4.7a-9
    9 Side 7 Logg ut 2.4.7a-10
    10 Side 7 Nedtrekk språkmeny 2.4.7a-11
    11 Side 8 Radio knapper med ikoner 2.4.7a-12

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka, gjer at nettstaden er vanskeleg å bruke for personar som må, eller ønsker å navigere med tastatur. Dette rammer særleg synshemma og personar med varig eller mellombels nedsett motorikk.

    • Alt innhald og funksjonalitet som er naturleg å bruke med tastatur skal kunne nåast og brukast.
    • Ved tastaturnavigasjon skal innhald brukaren navigerer til, ha synleg fokusmarkering slik at brukaren kan orientere seg på sida og identifisere innhaldet. Når ei nettside inneheld fleire element som kan nåast med tastatur, skal brukaren alltid kunne sjå kva innhaldselement han har navigert til.

    3 Om kontrollen

    3.1 Tema

    Føremålet med tilsynet er å kontrollere om Bodø kommune etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for kontrollen.

    Tilsynet omfatta følgjande tema:

    • Alternativt format
    • Kontrast
    • Presentasjon
    • Skjema
    • Struktur
    • Tastaturbetjening

    3.2 Krav

    Oversikt over krav (suksesskriterium) som er testa i kontrollen:

    3.3 Testreglar

    Oversikt over testreglar som er brukt i kontrollen:

    • 1.1.1a Bilde har tekstalternativ
    • 1.2.2a Førehandsinnspelt video med lyd, er teksta
    • 1.3.1a Overskrifter er rett koda
    • 1.3.1b Tabellar og overskriftsceller er rett koda
    • 1.3.1c Lister er rett koda
    • 1.3.3a Instruksjonar for betening av skjema, er ikkje utelukkande avhengige av sensoriske eigenskapar
    • 1.4.3c Det er tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn
    • 1.4.4a Tekst kan forstørrast til minst 200 % utan tap av innhald og funksjonalitet
    • 2.1.1a Det er mogleg å nå og betene innhald med tastatur
    • 2.4.7a Innhald som kan betenast med tastatur, får synleg fokusmarkering
    • 3.3.1a Skjema gir feilmelding viss tomme obligatoriske skjemafelt blir oppdaga automatisk
    • 3.3.2a Skjemaelement har instruksjon eller ledetekst
    • 4.1.1a Koden inneheld ikkje syntaksfeil
    • 4.1.2a Skjemaelement er identifiserte i koden
    • 4.1.2b Knappar er identifiserte i koden

    3.4 Testinga av nettstaden

    Vi har testa 12 av dei 47 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta og vi har brukt 15 testreglar.

    Verifikasjonen er gjort ved testing av 8 enkeltsider på nettstaden. Oversikt over testsider går fram av punkt 3.5.

    Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:

    • Google Chrome, versjon 112.0.5615.50 og 112.0.5615.138
    • Kodevalidatoren til W3C
    • Siteimprove Accessibility Checker (Utviding i Chrome)

    Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar. For informasjon om målemetodane vi har brukt, viser vi til testregelsettet vårt.

    3.5 Enkeltsider som vart testa

    Vi har testa følgjande enkeltsider:

    Aftenposten Junior Skole

    3.6 Aktivitet under tilsynet

    Tilsynet med Bodø kommune omfatta følgjande aktivitetar:

    1. Tilsynsvarselet vart sendt 13.03.2023.
    2. Vi fekk tilbakemelding/dokumentasjon frå verksemda 18.04.2023.
    3. Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 15.
    4. Førebels rapport og bildedokumentasjon av feil vart sendt 24.04.2023.
    5. Vi mottok tilbakemelding frå kommunen 09.05.2023.

    5 Standarden for nettløysingar

    Ved å følgje WCAG 2.1 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande

    • Syn
    • Kognisjon
    • Lese- og skrivevanskar
    • Norsk som andrespråk
    • Motorikk
    • Høyrsel
    • Epilepsi
    • Belastningsskadar

    Nettløysingar som følgjer krava vil vere meir brukarvennlege for alle.

    Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4b første og andre ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.1 nivå A og AA.

    47 av 78 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta.

    WCAG 2.1 er bygd opp av 4 prinsipp, 13 retningslinjer og 78 testbare suksesskriterium:

    • Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
    • Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
    • Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.

    I tillegg viser WCAG 2.1 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.