Hopp til hovudinnhald

Rapport

Tilsynsrapport Bergen kommune

Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Bergen kommune. Tilsynet avdekka brot på 4 av 12 krav som blei testa.

2023:6
06. juni 2023

    1 Innleiing

    Digitaliseringsdirektoratet er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.

    Rettsleg grunnlag for tilsyn er likestillings- og diskrimineringslova (ldl) § 36 første ledd jf. ldl § 18 og forskrifta om universell utforming av ikt-løysingar § 5.

    Vi gjennomførte tilsyn med Bergen kommune i tidsrommet 24.03.2023 til 21.04.2023. Tilsynet retta seg mot bergen.kommune.no.

    Rapporten gjer greie for resultata innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som er testa. Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av nettstaden.

    Resultata med grunngjeving og rettsgrunnlag står i kapittel 2.

    2 Resultat

    Resultata byggjer på informasjon frå testinga av nettstaden.

    Resultata er framstilt inndelt i kategoriar. Der det er påvist brot på minstekrava vil dette gå fram under den enkelte kategorien. Dersom det er avdekt brot på minstekrava vil dette følgjast opp med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.

    Det er avdekka brot frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4b første og andre ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.1:

    2.1 Alternativt format

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    b) Meiningsberande bilde manglar tekstalternativ.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 10 (i) Informasjonsikon 1.1.1a-6

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka gjer at brukarar som har vanskeleg for å oppfatte visuelt innhald, ikkje alltid får visuelt innhald presentert i alternativt format. Til dømes skal ein person med nedsett syn få lest opp tekstalternativ som formidlar innhald i ikkje-tekstleg informasjon.

    • Meiningsberande bilde på nettstaden skal ha ein alternativ tekst, slik at føremålet med eller innhaldet i bilde blir presentert for blinde eller svaksynte som nytter hjelpemiddel. Den alternative teksten skal vere beskrivande for bildet.

    2.2 Skjema

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Obligatoriske skjemaelement der feil utfylling vert oppdaga automatisk, gir ikkje tekstleg feilmelding.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 5 Skjema tilbakemelding 3.3.1a-4
    b) Skjemaelement utan identifikasjon i form av tekst eller ikon/symbol/bilde.
    Nr Side Element Referanse
    2 Side 8 Fant du det du lette etter 3.3.2a-5

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka gjer skjemaet vanskeleg å bruke for alle. Krava som ikkje er oppfylte skal særleg ivareta brukarar som er blinde, fargeblinde eller har nedsett syn, nedsett motorikk eller nedsett kognisjon.

    • Dersom det oppstår feil ved utfylling av skjema, skal brukarane få tilstrekkeleg informasjon om feilen, kor feilen er, og hjelp til korleis feilen kan rettast.
    • Skjemaelement skal ha ledetekst eller instruksjonar som set brukaren i stand til å betene skjemaet ved visuell identifikasjon i form av ledetekst, instruksjon eller ikon, symbol eller bilde.

    2.3 Struktur

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Visuell overskrift er ikkje koda som overskrift.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 4 Veiledende skolerute for Bergen kommune 1.3.1a-6
    2 Side 10 Slette søknaden din selv 1.3.1a-8
    b) Tabell er ikkje koda med <table>.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 5 Tabell Byggesaker 1.3.1b-4

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka fører til at nettstaden er vanskeleg og uoversikteleg for blinde og svaksynte.

    • Visuelle overskrifter skal vere koda som overskrift.
    • Tabellar skal kodast korrekt med <table>.

    3 Om kontrollen

    3.1 Tema

    Føremålet med tilsynet er å kontrollere om Bergen kommune etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for kontrollen.

    Tilsynet omfatta følgjande tema:

    • Alternativt format
    • Kontrast
    • Presentasjon
    • Skjema
    • Struktur
    • Tastaturbetjening

    3.2 Krav

    Oversikt over krav (suksesskriterium) som er testa i kontrollen:

    3.3 Testreglar

    Oversikt over testreglar som er brukt i kontrollen:

    • 1.1.1a Bilde har tekstalternativ
    • 1.2.2a Førehandsinnspelt video med lyd, er teksta
    • 1.3.1a Overskrifter er rett koda
    • 1.3.1b Tabellar og overskriftsceller er rett koda
    • 1.3.1c Lister er rett koda
    • 1.3.3a Instruksjonar for betening av skjema, er ikkje utelukkande avhengige av sensoriske eigenskapar
    • 1.4.3c Det er tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn
    • 1.4.4a Tekst kan forstørrast til minst 200 % utan tap av innhald og funksjonalitet
    • 2.1.1a Det er mogleg å nå og betene innhald med tastatur
    • 2.4.7a Innhald som kan betenast med tastatur, får synleg fokusmarkering
    • 3.3.1a Skjema gir feilmelding viss tomme obligatoriske skjemafelt blir oppdaga automatisk
    • 3.3.2a Skjemaelement har instruksjon eller ledetekst
    • 4.1.1a Koden inneheld ikkje syntaksfeil
    • 4.1.2a Skjemaelement er identifiserte i koden
    • 4.1.2b Knappar er identifiserte i koden

    3.4 Testinga av nettstaden

    Vi har testa 12 av dei 47 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta og vi har brukt 15 testreglar.

    Verifikasjonen er gjort ved testing av 6 enkeltsider på nettstaden. Oversikt over testsider går fram av punkt 3.5

    Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:

    • Google Chrome, versjon 112.0.5615.121
    • Kodevalidatoren til W3C
    • Siteimprove Accessibility Checker (Utviding i Chrome)

    Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar. For informasjon om målemetodane vi har brukt, viser vi til testregelsettet vårt.

    3.5 Enkeltsider som vart testa

    Vi har testa følgjande enkeltsider:

    3.6 Aktivitet under tilsynet

    Tilsynet med Bergen kommune omfatta følgjande aktivitetar:

    1. Tilsynsvarselet vart sendt 06.03.2023.
    2. Vi fekk tilbakemelding/dokumentasjon frå verksemda 17.03.2023
    3. Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 15.
    4. Førebels rapport og bildedokumentasjon av feil vart sendt 21.04.2023.
    5. Det vart gjennomført møte med Bergen kommune 27.04.2023.
    6. Vi mottok kommentarar på førebelse rapporter 28.04.2023.

    5 Standarden for nettløysingar

    Ved å følgje WCAG 2.1 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:

    • Syn
    • Kognisjon
    • Lese- og skrivevanskar
    • Norsk som andrespråk
    • Motorikk
    • Høyrsel
    • Epilepsi
    • Belastningsskadar

    Nettløysingar som følgjer krava vil vere meir brukarvennlege for alle.

    Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første og andre ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.1 nivå A og AA, med tre unntak.

    47 av 78 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.

    WCAG 2.1 er bygd opp av 4 prinsipp, 13 retningslinjer og 78 testbare suksesskriterium:

    • Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
    • Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
    • Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.

    I tillegg viser WCAG 2.1 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.