Hopp til hovudinnhald

Rapport

Tilsynsrapport Bergen kommune, Brettboka

Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Bergen kommune, Brettboka. Tilsynet avdekka brot på 7 av 12 krav som blei testa.

2023:7
06. juni 2023

    1 Innleiing

    Digitaliseringsdirektoratet er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.

    Rettsleg grunnlag for tilsyn er likestillings- og diskrimineringslova (ldl) § 36 første ledd jf. ldl § 18 og forskrifta om universell utforming av ikt-løysingar § 5.

    Vi gjennomførte tilsyn med Bergen kommune i tidsrommet 24.03.2023 til 21.04.2023. Tilsynet retta seg mot Brettboka.

    Rapporten gjer greie for resultata innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som er testa. Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av nettstaden.

    Resultata med grunngjeving og rettsgrunnlag står i kapittel 2.

    2 Resultat

    Resultata byggjer på informasjon frå testinga av nettstaden.

    Resultata er framstilt inndelt i kategoriar. Der det er påvist brot på minstekrava vil dette gå fram under den enkelte kategorien. Dersom det er avdekt brot på minstekrava vil dette følgjast opp med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.

    Det er avdekka brot frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4b første og andre jf. suksesskriterium i WCAG 2.1:

    2.1 Alternativt format

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Meiningsberande bilde manglar tekstalternativ.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 7 Illustrasjonsbilde på s.17 1.1.1a-10
    2 Side 9 Illustrasjonsbilder på s.24 1.1.1a-14
    3 Side 9 Illustrasjonsbilder på s.25 1.1.1a-15
    b) Meiningsberande bilde har tekstalternativ som ikkje er beskrivande.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 3 Bilde av forside til bøken 1.1.1a-17
    2 Side 3 Bilde av læreboken: Matematikk Læreveiledning 2B 1.1.1a-4
    c) Meiningsberande bilde manglar alt-attributt.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 4 Funksjonsmeny Innholdsfortegnelse - Forsidebilde av boken i 1.1.1a-5

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka gjer at brukarar som har vanskeleg for å oppfatte visuelt innhald, ikkje alltid får visuelt innhald presentert i alternativt format. Til dømes skal ein person med nedsett syn få lest opp tekstalternativ som formidlar innhald i ikkje-tekstleg informasjon.

    • Meiningsberande bilde på nettstaden skal ha ein alternativ tekst, slik at føremålet med eller innhaldet i bildet blir presentert for blinde eller svaksynte som nytter hjelpemiddel.
    • Den alternative teksten skal vere beskrivande for bilete.
    • Det ikkje tekstlege innhaldet skal ha alt-attributt slik at innhaldet vert formidla korrekt til alle brukarar.

    2.2 Kontrast

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Testside har kontrastfeil.
    Nr Side Tal element med kontrastfeil
    1 Side 3 13
    2 Side 2 6

    Kommentar til brot

    Det skal vere tilstrekkeleg kontrast mellom bakgrunn og tekst på nettstaden. Dette gjer at brukarar med moderat nedsett syn i større grad kan lese teksten. Tilstrekkeleg kontrast gir auka brukarvennlegheit for alle brukarar.

    2.3 Presentasjon

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Nettside manglar/har mangelfull mekanisme for forstørring. Tekst kan ikkje forstørrast til minst 200 % utan at innhald eller funksjonalitet går tapt.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 3 Side 1.4.4a-2

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg å bruke for personar med nedsett syn.

    • Det skal vere mogleg å forstørre tekst slik at personar med moderat nedsett syn kan lese teksten utan bruk av hjelpemiddelet. Kravet skal i særleg grad ivareta svaksynte. Forstørring av tekst er testa med ei oppløysing på 1920*1080 som er den mest brukte oppløysinga.

    2.4 Skjema

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Knapp er ikkje er kopla til ein ledetekst i koden.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 1 Refresh knapp i bunnen 4.1.2b-1
    2 Side 1 Innhold knapp (hamburger meny knapp i bunnen) 4.1.2b-2

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka gjer skjemaet vanskeleg å bruke for alle. Krava som ikkje er oppfylte skal særleg ivareta brukarar som er blinde, fargeblinde eller har nedsett syn, nedsett motorikk, eller nedsett kognisjon.

    • Knappar skal vere kopla til ein ledetekst i koden og ledeteksten skal identifiser knappen. Ledeteksten skal vere på same språk som hovudspråket på nettsida.

    2.5 Struktur

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Visuell overskrift er ikkje koda som overskrift.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 5 Lesemål og lesemåter 1.3.1a-11
    2 Side 5 Sett deg et lesemål 1.3.1a-12
    3 Side 6 Verdens største krypdyr 1.3.1a-13
    4 Side 6 Øv på lesestrategi 1.3.1a-14
    5 Side 7 Hva vet du fra før? 1.3.1a-15
    6 Side 7 Før du leser 1.3.1a-16
    7 Side 7 Hvorfor forandrer månen utseende? 1.3.1a-17
    8 Side 8, Side 4 Innhold 1.3.1a-18
    9 Side 8 Det levende 1.3.1a-19
    10 Side 9 1.Bli en god leser 1.3.1a-10
    11 Side 10 Oppgaver 1.3.1a-20
    b) Tabell er ikkje koda med <table>.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 7 Tabell med overskrifter JEG VET/JEG HAR LÆRT s.16 1.3.1b-10
    2 Side 10 Tabell Oppgave side 29 1.3.1b-8
    c) Tabell har overskriftsceller som ikkje er koda med <th>.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 3 Tabell som inneholder opplysninger om format, forlag osv. 1.3.1b-2
    2 Side 3 Tabell som inneholder opplysninger om innholdsfortegnelse 1.3.1b-3
    d) Visuell unummerert liste er ikkje koda med <ul>.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 7 Før du leser s.16 1.3.1c-10
    e) Visuell beskrivande liste er ikkje koda med <dl>, <dt> og <dd>.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 4 Innholdsfortegnelse s.3 1.3.1c-4
    f) Visuell nummerert liste er ikkje koda med <ol>.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 5 Oppgaver til teksten s.12 1.3.1c-8
    2 Side 6 Øv på lesestrategi 1 1.3.1c-5
    3 Side 7 Før du leser s.16 1.3.1c-9
    4 Side 8 Innholdsfortegnelse 1.3.1c-6
    5 Side 10 Oppgaver Alt liv er i slekt s.29 1.3.1c-7

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka fører til at nettstaden er vanskeleg og uoversikteleg for blinde og svaksynte.

    • Visuelle overskrifter skal vere koda som overskrift.
    • Tabellar skal kodast korrekt med <table>.
    • Visuelle lister skal vere koda korrekt.

    2.6 Tastaturbetjening

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Det er ikkje mogleg å nå og betene alt innhald/funksjonalitet med tastatur.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 3 Fanen Privatkjøp i tabular meny 2.1.1a-2
    2 Side 3 Fanen Skolekjøp i tabular meny 2.1.1a-3
    3 Side 3 Fanen Kampanjekode i tabular meny 2.1.1a-4
    4 Side 4 Alle elementer utenom Innhold i fellesmeny for innhold 2.1.1a-6
    b) Element det er mogeleg å betene med tastaturet som ikkje får synleg fokusmarkering.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 1 Refresh ikon i bunnen 2.4.7a-1
    2 Side 1 Innhold ikon i bunnen 2.4.7a-2
    3 Side 3 Fanen Kampanjekode i tabuler meny 2.4.7a-5

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka, gjer at nettstaden er vanskeleg å bruke for personer som må, eller ønskjer å navigere med tastatur. Dette rammer særleg blinde, personer med nedsett syn, og personar med varig eller mellombels nedsett handfunksjon.

    • Alt innhald og funksjonalitet som er naturleg å bruke med tastatur skal kunne nåast og betenast.
    • Ved tastaturnavigasjon skal innhald brukaren navigerer til, ha synleg fokusmarkering slik at brukaren kan orientere seg på sida og identifisere innhaldet. Når ei nettside inneheld fleire element som kan nåast med tastatur, skal brukaren alltid kunne sjå kva innhaldselement han har navigert til.

    3 Om kontrollen

    3.1 Tema

    Føremålet med tilsynet er å kontrollere om Bergen kommune etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for kontrollen.

    Tilsynet omfatta følgjande tema:

    • Alternativt format
    • Kontrast
    • Presentasjon
    • Skjema
    • Struktur
    • Tastaturbetjening

    3.2 Krav

    Oversikt over krav (suksesskriterium) som er testa i kontrollen:

    3.3 Testreglar

    Oversikt over testreglar som er brukt i kontrollen:

    • 1.1.1a Bilde har tekstalternativ
    • 1.2.2a Førehandsinnspelt video med lyd, er teksta
    • 1.3.1a Overskrifter er rett koda
    • 1.3.1b Tabellar og overskriftsceller er rett koda
    • 1.3.1c Lister er rett koda
    • 1.3.3a Instruksjonar for betening av skjema, er ikkje utelukkande avhengige av sensoriske eigenskapar
    • 1.4.3c Det er tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn
    • 1.4.4a Tekst kan forstørrast til minst 200 % utan tap av innhald og funksjonalitet
    • 2.1.1a Det er mogleg å nå og betene innhald med tastatur
    • 2.4.7a Innhald som kan betenast med tastatur, får synleg fokusmarkering
    • 3.3.1a Skjema gir feilmelding viss tomme obligatoriske skjemafelt blir oppdaga automatisk
    • 3.3.2a Skjemaelement har instruksjon eller ledetekst
    • 4.1.1a Koden inneheld ikkje syntaksfeil
    • 4.1.2a Skjemaelement er identifiserte i koden
    • 4.1.2b Knappar er identifiserte i koden

    3.4 Testinga av nettstaden

    Vi har testa 12 av dei 47 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta og vi har brukt 15 testreglar.

    Verifikasjonen er gjort ved testing av 10 enkeltsider på nettstaden. Oversikt over testsider går fram av punkt 3.5

    Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:

    • Google Chrome, versjon 112.0.5615.121
    • Kodevalidatoren til W3C
    • Siteimprove Accessibility Checker (Utviding i Chrome)

    Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar. For informasjon om målemetodane vi har brukt, viser vi til testregelsettet vårt.

    3.5 Enkeltsider som vart testa

    Vi har testa følgjande enkeltsider:

    Brettboka

    3.6 Aktivitet under tilsynet

    Tilsynet med Bergen kommune omfatta følgjande aktivitetar:

    1. Tilsynsvarselet vart sendt 06.03.2023.
    2. Vi fekk tilbakemelding/dokumentasjon frå verksemda 17.03.2023
    3. Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 15.
    4. Førebels rapport og bildedokumentasjon av feil vart sendt 21.04.2023.
    5. Det vart gjennomført møte med Bergen kommune 27.04.2023.
    6. Vi mottok kommentarar på førebelse tilsynsrapportar 28.04.2023.

    5 Standarden for nettløysingar

    Ved å følgje WCAG 2.1 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:

    • Syn
    • Kognisjon
    • Lese- og skrivevanskar
    • Norsk som andrespråk
    • Motorikk
    • Høyrsel
    • Epilepsi
    • Belastningsskadar

    Nettløysingar som følgjer krava vil vere meir brukarvennlege for alle.

    Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4b første og andre ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.1 nivå A og AA, med tre unntak.

    47 av 78 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.

    WCAG 2.1 er bygd opp av 4 prinsipp, 13 retningslinjer og 78 testbare suksesskriterium:

    • Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
    • Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
    • Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.

    I tillegg viser WCAG 2.1 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.