Hopp til hovudinnhald

Rapport

Tilsynsrapport Bergen kommune, Aski Raski

Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Bergen kommune, Aski Raski. Tilsynet avdekka brot på 9 av 12 krav som blei testa.

2023:5
06. juni 2023

    1 Innleiing

    Digitaliseringsdirektoratet er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.

    Rettsleg grunnlag for tilsyn er likestillings- og diskrimineringslova (ldl) § 36 første ledd jf. ldl § 18 og forskrifta om universell utforming av ikt-løysingar § 5.

    Vi gjennomførte tilsyn med Bergen kommune i tidsrommet 06.03.2023 til 21.04.2023. Tilsynet retta seg mot Aski Raski.

    Rapporten gjer greie for resultata innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som er testa. Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av nettstaden.

    Resultata med grunngjeving og rettsgrunnlag står i kapittel 2.

    2 Resultat

    Resultata byggjer på informasjon frå testinga av nettstaden.

    Resultata er framstilt inndelt i kategoriar. Der det er påvist brot på minstekrava vil dette gå fram under den enkelte kategorien. Dersom det er avdekt brot på minstekrava vil dette følgjast opp med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.

    Det er avdekka brot frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4b første og andre ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.1:

    2.1 Alternativt format

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Meiningsberande bilde manglar tekstalternativ.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 5 Grønt smilefjes i lilla sirkel 1.1.1a-11
    2 Side 5, Side 4 Rødt kryss 1.1.1a-12
    3 Side 5 Stjerne 1.1.1a-5
    4 Side 5 Grønn hake 1.1.1a-6
    5 Side 5 Rødt kryss i lilla sirkel 1.1.1a-7
    6 Side 5 Lilla sirkler 1.1.1a-8
    7 Side 6 Grønt smilefjes 1.1.1a-13

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka gjer at brukarar som har vanskeleg for å oppfatte visuelt innhald, ikkje alltid får visuelt innhald presentert i alternativt format. Til dømes skal ein person med nedsett syn få lest opp tekstalternativ som formidlar innhald i ikkje-tekstleg informasjon.

    • Meiningsberande bilde på nettstaden skal ha ein alternativ tekst, slik at føremålet med eller innhaldet i bildet blir presentert for blinde eller svaksynte som nytter hjelpemiddel.

    2.2 Presentasjon

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Nettside manglar/har mangelfull mekanisme for forstørring. Tekst kan ikkje forstørrast til minst 200 % utan at innhald eller funksjonalitet går tapt.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 5 Side 1.4.4a-7
    b) Sider med syntaksfeil i koden.
    Nr Side Element som ikkje er nøsta korrekt Element som ikkje er avslutta korrekt Element som har same attributt fleire gonger Element som har IDar som ikkje er unike Sum Fatal error
    1 Side 1 33 0 0 0 33 Nei
    2 Side 2 33 0 0 0 33 Nei
    3 Side 3 33 0 0 0 33 Nei
    4 Side 7 33 0 0 0 33 Nei
    5 Side 4 33 0 0 0 33 Nei
    6 Side 6 33 0 0 0 33 Nei
    7 Side 5 33 0 0 0 33 Nei

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg å bruke for personar med nedsett syn. Feila gjer også at nettstaden er uoversiktleg og vanskeleg for dei som brukar skjerlesar. Korrekt kode er viktig for å sikre at alle brukaragenter, som for eksempel ulike nettlesarar og hjelpemiddel presenterer innhald på nettsida på rett måte for brukaren.

    • Det skal vere mogleg å forstørre tekst slik at personar med moderat nedsett syn kan lese teksten utan bruk av hjelpemiddelet. Kravet skal i særleg grad ivareta svaksynte. Forstørring av tekst er testa med ei oppløysing på 1920*1080 som er den mest brukte oppløysinga.
    • Koden på nettsida skal ha rett syntaks. Syntaksfeil fører til at innhaldet ikkje blir presentert på ein påliteleg måte i ulike nettlesarar og hjelpemiddel.

    2.3 Skjema

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    b) Obligatoriske skjemaelement der feil utfylling vert oppdaga automatisk, gir ikkje tekstleg feilmelding.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 4 i 3.3.1a-5
    2 Side 5 Første oppgave 3.3.1a-7
    c) Skjemaelement med identifikasjon i form av: - ikon/symbol/bilde, som ikkje er rett identifisert i koden.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 3 Første grønne brikke 3.3.2a-4
    2 Side 3 Blå brikke 3.3.2a-5
    d) Skjema manglar informasjon om at skjemaelement er obligatoriske.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 4 i 3.3.2a-6
    e) Skjemaelement utan identifikasjon i form av tekst eller ikon/symbol/bilde.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 5 Første oppgave 3.3.2a-8
    f) Skjemaelement er ikkje er kopla til ein ledetekst i koden.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 1 Glidebryter 4.1.2a-1
    2 Side 3 Puslespill 4.1.2a-3
    3 Side 5 Skriv det du hører 4.1.2a-7
    4 Side 6 Slider 4.1.2a-6
    g) Knapp er ikkje koda med <input> eller <button>. Knapp er ikkje koda med role="button".
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 3 Neste > 4.1.2b-11
    2 Side 3 Forrige < 4.1.2b-12
    3 Side 4 Ord-knapper 4.1.2b-10
    4 Side 4 S knapp i oppgave 4.1.2b-5
    5 Side 4 Lyd knapp 4.1.2b-7
    6 Side 4 Instruksjonsknapp 4.1.2b-9
    7 Side 5 ? 4.1.2b-17
    8 Side 5 Start 4.1.2b-18
    9 Side 5 lyd-knapp 4.1.2b-19
    10 Side 5 Neste 4.1.2b-20
    11 Side 5 Gjenta oppgave 4.1.2b-21
    12 Side 5 Høytaler-ikon 4.1.2b-22
    13 Side 6 stopp Knapp 4.1.2b-13
    14 Side 6 start Knapp 4.1.2b-14
    15 Side 6 x Knapp 4.1.2b-15
    16 Side 6 redo Knapp 4.1.2b-16
    17 Side 7 Middels 4.1.2b-3
    18 Side 7 Stavelser blir til ord, ^ 4.1.2b-8

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka gjer skjemaet vanskeleg å bruke for alle. Krava som ikkje er oppfylte skal særleg ivareta brukarar som er blinde, fargeblinde eller har nedsett syn, nedsett motorikk eller nedsett kognisjon.

    • Der det oppstår feil ved utfylling av skjema, skal brukarane få tilstrekkeleg informasjon om feilen, kor feilen er, og hjelp til korleis feilen kan rettast.
    • Skjemaelement skal ha ledetekst eller instruksjonar som set brukaren i stand til å betene skjemaet ved visuell identifikasjon i form av ledetekst, instruksjon eller ikon, symbol eller bilete.
    • Det skal opplysast om et skjemaelement er obligatorisk. Dette kan til dømes gjerast ved bruk av (*) og tekstleg forklaring.
    • Skjemaelement skal ha ledetekst eller instruksjonar som set brukaren i stand til å betene skjemaet ved visuell identifikasjon i form av ledetekst, instruksjon eller ikon, symbol eller bilete.
    • Skjemaelement skal vere kopla til ein ledetekst i koden slik at hjelpemiddelteknologi presenterer riktig ledetekst, og brukaren veit kva informasjon som skal fyllast ut i feltet.
    • Knappar skal vere kopla til ein ledetekst i koden, og ledeteksten skal identifisere knappen. Ledeteksten skal samsvare med hovudspråket på sida. Innhald i koden skal ha ein identifikasjon. Identifikasjon av skjemaelement og knappar gjer at brukaren veit kva han skal skrive inn, og kva som skjer når han trykker på knappen.
    • Knappar som ikkje er koda med standardelementa i (X)HTML, skal ha informasjon om rolle.

    2.4 Struktur

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Visuell overskrift er ikkje koda som overskrift.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 1 Ei og au, bokmål 1.3.1a-1
    2 Side 2 Innhold øverst 1.3.1a-2
    3 Side 7 Syntese - forberedelse til lesing 1.3.1a-4
    b) Visuell unummerert liste er ikkje koda med <ul>.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 1 Opplisting av EI ord 1.3.1c-1
    c) Visuell nummerert liste er ikkje koda med <ol>.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 2 Nivå 1-2-3 osv 1.3.1c-2

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka fører til at nettstaden er vanskeleg og uoversikteleg for blinde og svaksynte.

    • Visuelle overskrifter skal samsvare kodemessig med korleis overskrifta framstår visuelt.
    • Visuell unummerert lise skal vere koda med <ul>.
    • Visuell nummerert lise skal vere koda med <ol>.

    2.5 Tastaturbetjening

    Suksesskriterium i WCAG 2.1:

    a) Det er ikkje mogleg å nå og betene alt innhald/funksjonalitet med tastatur.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 1 xknapp 2.1.1a-1
    2 Side 3 De grønne puslespillbrikkene 2.1.1a-4
    3 Side 3 Den blå puslespillbrikken 2.1.1a-5
    4 Side 5, Side 4 Skriv det du hører 2.1.1a-6
    b) Element det er mogeleg å betene med tastaturet som ikkje får synleg fokusmarkering.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 5 Start-knapp 2.4.7a-13
    2 Side 5 Lukk oppgave 2.4.7a-14
    3 Side 5 Gjenta oppgave 2.4.7a-15
    4 Side 5 Neste oppgave 2.4.7a-16
    5 Side 6, Side 4 Små bokstaver 2.4.7a-10
    6 Side 6, Side 4 Store bokstaver 2.4.7a-11
    7 Side 6 Spesielle lyder 2.4.7a-12
    8 Side 7 "Lyder blir til ord" 2.4.7a-3
    9 Side 7 "Rimeord" 2.4.7a-4
    10 Side 7 "Rimeord- puslespill" 2.4.7a-5
    11 Side 7 "Stavelser blir ord" 2.4.7a-6

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka, gjer at nettstaden er vanskeleg å bruke for personar som må, eller ønskjer å navigere med tastatur. Dette rammer særleg blinde, personar med nedsett syn, og personar med varig eller mellombels nedsett handfunksjon.

    • Alt innhald og funksjonalitet som er naturleg å bruke med tastatur skal kunne nåast og betenast.
    • Ved tastaturnavigasjon skal innhald brukaren navigerer til, ha synleg fokusmarkering slik at brukaren kan orientere seg på sida og identifisere innhaldet. Når ei nettside inneheld fleire element som kan nåast med tastatur, skal brukaren alltid kunne sjå kva innhaldselement han har navigert til.

    3 Om kontrollen

    3.1 Tema

    Føremålet med tilsynet er å kontrollere om Bergen kommune etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for kontrollen.

    Tilsynet omfatta følgjande tema:

    • Alternativt format
    • Kontrast
    • Presentasjon
    • Skjema
    • Struktur
    • Tastaturbetjening

    3.2 Krav

    Oversikt over krav (suksesskriterium) som er testa i kontrollen:

    3.3 Testreglar

    Oversikt over testreglar som er brukt i kontrollen:

    • 1.1.1a Bilde har tekstalternativ
    • 1.2.2a Førehandsinnspelt video med lyd, er teksta
    • 1.3.1a Overskrifter er rett koda
    • 1.3.1b Tabellar og overskriftsceller er rett koda
    • 1.3.1c Lister er rett koda
    • 1.3.3a Instruksjonar for betening av skjema, er ikkje utelukkande avhengige av sensoriske eigenskapar
    • 1.4.3c Det er tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn
    • 1.4.4a Tekst kan forstørrast til minst 200 % utan tap av innhald og funksjonalitet
    • 2.1.1a Det er mogleg å nå og betene innhald med tastatur
    • 2.4.7a Innhald som kan betenast med tastatur, får synleg fokusmarkering
    • 3.3.1a Skjema gir feilmelding viss tomme obligatoriske skjemafelt blir oppdaga automatisk
    • 3.3.2a Skjemaelement har instruksjon eller ledetekst
    • 4.1.1a Koden inneheld ikkje syntaksfeil
    • 4.1.2a Skjemaelement er identifiserte i koden
    • 4.1.2b Knappar er identifiserte i koden

    3.4 Testinga av nettstaden

    Vi har testa 12 av dei 47 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta og vi har brukt 15 testreglar.

    Verifikasjonen er gjort ved testing av 7 enkeltsider på nettstaden. Oversikt over testsider går fram av punkt 3.5.

    Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:

    • Google Chrome, versjon112.0.5615.121
    • Kodevalidatoren til W3C
    • Siteimprove Accessibility Checker (Utviding i Chrome)

    Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar. For informasjon om målemetodane vi har brukt, viser vi til testregelsettet vårt.

    3.5 Enkeltsider som vart testa

    Vi har testa følgjande enkeltsider:

    Aski Raski

    3.6 Aktivitet under tilsynet

    Tilsynet med Bergen kommune omfatta følgjande aktivitetar:

    1. Tilsynsvarselet vart sendt 06.03.2023.
    2. Vi fekk tilbakemelding/dokumentasjon frå verksemda 17.03.2023.
    3. Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 15.
    4. Førebels rapport og bildedokumentasjon av feil vart sendt 21.04.2023.
    5. Det vart gjennomført møte med Bergen kommune 27.04.2023.
    6. Vi mottok kommentarar på førebelse tilsynsrapportar 28.04.2023.

    5 Standarden for nettløysingar

    Ved å følgje WCAG 2.1 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:

    • Syn
    • Kognisjon
    • Lese- og skrivevanskar
    • Norsk som andrespråk
    • Motorikk
    • Høyrsel
    • Epilepsi
    • Belastningsskadar

    Nettløysingar som følgjer krava vil vere meir brukarvennlege for alle.

    Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 b første og andre ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.1 nivå A og AA, med tre unntak.

    47 av 78 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.

    WCAG 2.1 er bygd opp av 4 prinsipp, 13 retningslinjer og 78 testbare suksesskriterium:

    • Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
    • Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
    • Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.

    I tillegg viser WCAG 2.1 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.