Hopp til hovudinnhald

Rapport

Tilsynsrapport Unit - Direktoratet For Ikt og Fellestjenester i Høyere Utdanning og Forskning

Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Unit - Direktoratet For Ikt og Fellestjenester i Høyere Utdanning og Forskning. Tilsynet avdekte brot på 7 av 11 krav som blei testa.

2021:3
07. september 2021

    1 Innleiing

    Digitaliseringsdirektoratet er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.

    Rettsleg grunnlag for tilsyn er likestillings- og diskrimineringslova (ldl) § 36 første ledd jf. ldl § 18 og forskrifta om universell utforming av ikt-løysingar § 5.

    Vi gjennomførte tilsyn med Unit - Direktoratet For Ikt og Fellestjenester i Høyere Utdanning og Forskning i tidsrommet 26.02.2021 til 12.05.2021. Tilsynet retta seg mot Søkerportalen (samordnaopptak.no).

    Rapporten gjer greie for resultata innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som er testa. Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av nettstaden.

    Resultata med grunngjeving og rettsgrunnlag står i kapittel 2.

    2 Resultat

    Resultata byggjer på informasjon frå testinga av nettstaden.

    Resultata er framstilt inndelt i kategoriar. Der det er påvist brot på minstekrava vil dette gå fram under den enkelte kategorien. Dersom det er avdekt brot på minstekrava vil dette følgjast opp med reaksjonar i form av pålegg om retting og eventuelt tvangsmulkt.

    Det vart avdekka brot på 7 av 11 krav som vart testa.

    Det er avdekka brot frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

    2.1 Alternativt format

    Suksesskriterium i WCAG 2.0:

    a) Meiningsberande bilde manglar tekstalternativ.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 1 Ikon til Søknad UNIVERSITET OG HØGSKOLE 1.1.1a-1
    2 Side 1 Ikon til Elektroniske vitnemål og dokumenter 1.1.1a-3
    3 Side 1 Ikon til Meldinger 1.1.1a-4
    4 Side 1 Ikon til Profil 1.1.1a-5
    b) Videoklipp har teksting som ikkje er mogleg å lese. Videoklipp har tekstalternativ som ikkje formidlar same bodskap som lyd og bilde.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 9 Skal du søkje studium? 1.2.2a-9

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka gjer at brukarar som har vanskeleg for å oppfatte visuelt innhald, ikkje alltid får informasjonen på annan måte enn visuelt. Til dømes skal ein person med nedsett syn få lest opp tekstalternativ som formidlar innhald i ikkje-tekstleg informasjon.

    • Teksting skal vere visuelt synleg og ikkje forstyrre innhaldet i videoen. Tekstinga skal samsvare med innhaldet som vert formidla av videoen. Tekst som forflytter seg, kan vere vanskeleg å lese. Tekst som ligger over anna tekst og tekst som har tilnærma same farge som bakgrunnen gjer det utfordrande å lese teksten.

    2.2 Kontrast

    Suksesskriterium i WCAG 2.0:

    a) Testside har kontrastfeil.
    Side Tal element med kontrastfeil
    Side 2 4
    Side 3 3
    Side 4 2
    Side 5 2
    Side 8 1

    Kommentar til brot

    Det skal vere tilstrekkeleg kontrast mellom bakgrunn og tekst på nettstaden. Dette gir at brukarar med moderat nedsett syn i større grad kan lese teksten. Dette gjelder også brukarar med redusert fargesyn. Tilstrekkeleg kontrast gir auka brukarvennlegheit for alle brukarar.

    Tekst eller bilder av tekst som utgjør en del av en inaktiv brukergrensesnittkomponent, som er ren dekorasjon, som ikke er synlig(e) for noen, eller som utgjør en del av et bilde som inneholder annet vesentlig visuelt innhold, er ikke underlagt kontrastkrav.

    2.3 Presentasjon

    Suksesskriterium i WCAG 2.0:

    a) Sider med syntaksfeil i koden.
    Side Element som ikkje er nøsta korrekt Element som ikkje er avslutta korrekt Element som har same attributt fleire gonger Element som har IDar som ikkje er unike Sum Fatal error
    Side 8 0 0 0 2 2 Nei
    Side 9 0 0 0 2 2 Nei

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg og uoversiktleg for dei som brukar skjermlesar. Korrekt kode er viktig for å sikre at alle brukaragentar, som for eksempel ulike nettlesarar og hjelpemiddel, presenterer innhald på nettsida på rett måte for brukaren.

    • Koden på nettsida skal ha rett syntaks. Syntaksfeil fører til at innhaldet ikkje blir presentert på ein påliteleg måte i høve ulike nettlesarar og hjelpemiddel.

    2.4 Skjema

    Suksesskriterium i WCAG 2.0:

    a) Skjemaelement med identifikasjon i form av: - tekst, som ikkje alltid er synleg når elementet er i fokus. Skjemaelement har ikkje identifikasjon i form av ikon/symbol/bilde.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 2 Institusjon 3.3.2a-4
    2 Side 2 Studienivå 3.3.2a-5
    3 Side 2 Utdanningsområde 3.3.2a-6
    b) Skjemaelement er kopla til ein ledetekst i koden. Skjemaelement er plassert i ei gruppe som ikkje er identifisert i koden.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 4 Fra hvilket land? 4.1.2a-18
    c) Knapp er ikkje koda med <input> eller <button>. Knapp er ikkje koda med role="button".
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 1 Søk her - Søknad UNIVERSITET OG HØGSKOLE 4.1.2b-1
    2 Side 1 Søk her - Søknad FAGSKOLE 4.1.2b-2
    3 Side 2 Knapp for å gå videre i søknaden 4.1.2b-13
    4 Side 3 Knapp for å gå tilbake i søknaden 4.1.2b-19
    5 Side 5 Knapp for å sende inn søknad 4.1.2b-21

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka gjer skjemaet vanskeleg å bruke for alle. Krava som ikkje er oppfylte skal særleg ivareta brukarar som er blinde, fargeblinde eller har nedsett syn, nedsett motorikk eller nedsett kognisjon.

    • Når skjemaelementet er i fokus skal ledeteksten være synlig.
    • Dersom skjemaelement høyrer til ei naturleg gruppe, skal ledeteksten vere identifisere og vere kobla til gruppa.
    • Knappar som ikkje er koda med standardelementa i (X)HTML, skal ha informasjon om rolle.

    2.5 Tastaturbetjening

    Suksesskriterium i WCAG 2.0:

    a) Element det er mogeleg å betene med tastaturet som ikkje får synleg fokusmarkering.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 8 Logo UNIT i footer 2.4.7a-10
    2 Side 8 Logo Samordna opptak i header 2.4.7a-8
    3 Side 8 Logo Kunnskapsdepartementet i footer 2.4.7a-9

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka, gjer at nettstaden er umogleg å bruke for personar som ønskjer, eller må, navigere med tastatur. Det rammar særleg synshemma og personar med varig eller mellombels nedsett handfunksjon.

    • Synleg fokusmarkering er nødvendig for at brukarar som navigerer med tastatur skal vite kvar dei er på nettsida til ei kvar tid.

    3 Om kontrollen

    3.1 Tema

    Føremålet med tilsynet er å kontrollere om Unit - Direktoratet For Ikt og Fellestjenester i Høyere Utdanning og Forskning etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for kontrollen.

    Tilsynet omfatta følgjande tema:

    • Alternativt format.
    • Kontrast.
    • Presentasjon.
    • Skjema.
    • Tastaturbetjening.

    3.2 Krav

    Oversikt over krav (suksesskriterium) som er testa i kontrollen:

    3.3 Testreglar

    Oversikt over testreglar som er brukt i kontrollen:

    • 1.1.1a Bilde har tekstalternativ.
    • 1.2.2a Førehandsinnspelt video med lyd, er teksta.
    • 1.4.3c Det er tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn.
    • 1.4.4a Tekst kan forstørrast til minst 200 % utan tap av innhald og funksjonalitet.
    • 2.1.1a Det er mogleg å nå og betene innhald med tastatur.
    • 2.1.2a Det finst ingen tastaturfeller på nettsida.
    • 2.4.7a Innhald som kan betenast med tastatur, får synleg fokusmarkering.
    • 3.3.1a Skjema gir feilmelding viss tomme obligatoriske skjemafelt blir oppdaga automatisk.
    • 3.3.2a Skjemaelement har instruksjon eller ledetekst.
    • 4.1.1a Koden inneheld ikkje syntaksfeil.
    • 4.1.2a Skjemaelement er identifiserte i koden.
    • 4.1.2b Knappar er identifiserte i koden.

    3.4 Testinga av nettstaden

    Vi har testa 11 av dei 35 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta og vi har brukt 12 testreglar.

    Verifikasjonen er gjort ved testing av 9 enkeltsider på nettstaden. Oversikt over testsider går fram av punkt 2.3.

    Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:

    • Google Chrome, versjon 89.0.
    • Kodevalidatoren til W3C.
    • Siteimprove Accessibility Checker (Utviding i Chrome).

    Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar. For informasjon om målemetodane vi har brukt, viser vi til testregelsettet vårt.

    3.5 Enkeltsider som vart testa

    Vi har testa søknadsprosessen til høgare utdanning og har testa følgjande enkeltsider:

    Samordna Opptak.

    Sidene som ikkje er lenka i lista, er sider som har ei nettadresse som er unik for kvar brukar.

    3.6 Aktivitet under tilsynet

    Tilsynet med Unit - Direktoratet For Ikt og Fellestjenester i Høyere Utdanning og Forskning omfatta følgjande aktivitetar:

    1. Tilsynsvarselet vart sendt 26.02.2021.
    2. Vi fekk tilbakemelding/dokumentasjon frå verksemda 04.03.2021.
    3. Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 12-16.
    4. Førebels rapport og bildedokumentasjon av feil/der feil oppstod vart sendt 12.05.2021.
    5. Vi mottok tilbakemeldingar frå verksemda 28.05.2021.
    6. Vi svarte på spørsmål knytt til funn 09.06.2021.

    5 Standarden for nettløysingar

    Ved å følgje WCAG 2.0 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:

    • Syn.
    • Kognisjon.
    • Lese- og skrivevanskar.
    • Norsk som andrespråk.
    • Motorikk.
    • Høyrsel.
    • Epilepsi.
    • Belastningsskadar.

    Nettløysingar som følgjer krava vil vere meir brukarvennlege for alle.

    Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.0 nivå A og AA, med tre unntak.

    35 av 61 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.

    WCAG 2.0 er bygd opp av 4 prinsipp, 12 retningslinjer og 61 testbare suksesskriterium:

    • Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
    • Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
    • Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.

    I tillegg viser WCAG 2.0 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.