Hopp til hovudinnhald

Diskriminering på ikt-området

Diskrimineringsnemnda gjer vedtak i klagesaker om diskriminering etter likestillings- og diskrimineringslova. Tilsynet si rolle er å gi ikt-faglege uttalar og teste dei innklaga ikt-løysingane opp mot krava til universell utforming av ikt, på oppdrag frå Diskrimineringsnemnda. Periode 2016–2023.

Ikt-løysingar i klagesaker om diskriminering som er testa for universell utforming av ikt

Diagrammet viser talet på nettstader og appar som inngår i klagesaker om diskriminering på ikt-området og fell inn under regelverket for universell utforming av ikt.

Kort oppsummert

  • I perioden 2016–2023 har tilsynet testa i alt 41 ikt-løysingar opp mot regelverket for universell utforming av ikt, 30 nettstader og 11 appar.
  • I same periode er i tillegg 15 ikt-løysingar (nettstader, appar og sjølvbeteningsautomatar) klaga inn til Diskrimineringsnemnda, men som ikkje er testa av tilsynet då dei ikkje er omfatta av regelverket for universell utforming av ikt.

Resultat av testar mot regelverket for universell utforming av ikt

Tilsynet utfører testar av ikt-løysingane det er sett fram klage på, mot regelverket for universell utforming av ikt. Diagrammet viser kor stor prosentdel av ikt-løysingane som bryt med eit utval av krava til universell utforming av ikt. Periode 2016–2023.

Utfyllande forklaring til diagrammet

  • Det er utfordringane klagar har peika på som gjer det vanskeleg eller umogleg å bruke ei ikt-løysing, som er avgjerande for kva krav i regelverket ikt-løysingane vert testa mot. Diskrimineringsnemnda gjer vedtak etter at tilsynet har gitt ikt-fagleg uttale.
  • Diagrammet viser manglande samsvar med krav til universell utforming av ikt, som er avdekka i minst 50 % av ikt-løysingane.
  • 100 % (37 av 37 ikt-løysingar) har innhaldskomponentar som for eksempel knappar i skjema som ikkje er koda på rett måte, slik at dei som brukar hjelpemiddel ikkje får nødvendig informasjon for å fylle ut og sende inn skjemaet. (SK 4.1.2)
  • 89 % (8 av 9 ikt-løysingar) bryt med krav til digitale skjema som seier at det skal visast ledetekstar eller instruksjonar når skjemafelt må fyllast ut (er obligatoriske). (SK 3.3.2)
  • 88 % (23 av 26 ikt-løysingar) har innhaldstypar som ikkje er koda i samsvar med den visuelle presentasjonen av for eksempel tabellar og overskrifter på nettstadene. (SK 1.3.1)
  • 84 % (27 av 32 ikt-løysingar) har ikkje-tekstleg innhald på nettsidene sine, men manglar tekstlege alternativ til denne typen innhald. (SK 1.1.1)
  • 81 % (13 av 16 ikt-løysingar) har for svak kontrast mellom tekst og bakgrunn på nettsidene. (SK 1.4.3)
  • 80 % (8 av 10 ikt-løysingar) manglar funksjonalitet som let brukaren hoppe direkte til hovudinnhaldet på sida utan å måtte navigere gjennom for eksempel meny, søkefelt, topptekst og liknande. (SK 2.4.1)
  • 75 % (27 av 36 ikt-løysingar) bryt med kravet om at du skal kunne nå og betene alt innhald med tastatur. (SK 2.1.1)
  • 69 % (9 av 13 ikt-løysingar) manglar synleg fokusmarkering når brukaren navigerer ved hjelp av tastatur. (SK 2.4.7)
  • 50 % (5 av 10 ikt-løysingar) bryt med kravet om at formålet med ei lenke skal gå fram av lenketeksten. (SK 2.4.4)
  • 50 % (4 av 8 ikt-løysingar) har sider der forstørring av tekst ikkje er mogleg utan at anna innhald eller funksjonalitet blir utilgjengeleg for brukaren. (1.4.4)

Ikt-løysingane er i bruk på fleire samfunnsområde

Diagrammet viser talet på ikt-løysingar i saker om diskriminering som tilsynet har fått oversendt frå Diskrimineringsnemnda for testing mot krav til universell utforming av ikt, fordelt på ulike samfunnsområde og sektorar.

Kort oppsummert

  • Tilsynet har i alt gitt 41 ikt-faglege uttalar etter test av innklaga nettstader og appar. Det er avdekka manglande universell utforming i alle dei testa ikt-løysingane.
  • 51 % (21 av 41 ikt-løysingar) gjeld digitale læremiddel og digitale løysingar i opplærings- og utdanningssektoren.
  • Nettsidene til seks politiske parti har mangelfull universell utforming.