Hopp til hovudinnhald

Rapport

Tilsynsrapport Skedsmo kommune

Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Skedsmo kommune. Ettersynet avdekte 4 avvik på områda navigasjon, kontrast, koding og skjema.

2017:6
13. desember 2017

    1 Innleiing

    Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.

    Rettsleg grunnlag for tilsyn er diskriminerings- og tilgjengelegheitslova (dtl.) § 29 første ledd jf. dtl. § 14 og forskrifta om universell utforming av ikt-løysingar § 5.

    Vi gjennomførte tilsyn med Skedsmo kommune i tidsrommet 21.08.2017 – 30.10.2017. Tilsynet vart gjort som ettersyn, og retta seg mot nettstaden https://www.skedsmo.kommune.no/

    Rapporten gjer greie for avvika som vart avdekt innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som inngjekk i testinga. Resultata med grunngjeving og heimelstilvising er gitt i kapittel 3.

    Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av Skedsmo kommune sitt arbeid med universell utforming av ikt.

    2 Om ettersynet

    2.1 Tema

    Tilsynet omfatta følgjande tema

    • skjema
    • navigasjon
    • tastaturnavigasjon
    • koding av innhald
    • struktur og presentasjon
    • tekstalternativ

    Føremålet med ettersynet er å kontrollera om Skedsmo kommune etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema.

    2.2 Om verifikasjonen

    Vi har testa 10 av dei 35 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta, og brukt 12 indikatorar.

    Verifikasjon er gjort ved testing av 11 enkeltsider på nettstaden.

    Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:

    • Internet Explorer 11
    • Firefox for Windows, versjon 55
    • Colour Contrast Analyser, versjon 2.4.0.23
    • Kodevalidatoren til W3C

    Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar. For informasjon om målemetodane vi har brukt, viser vi til indikatorsettet vårt.

    2.3 Enkeltsider som vart testa

    1. Startsida
    2. Skoleruta
    3. Vigernes skole
    4. Finn ansatt
    5. Kulturkalenderen
    6. Fortellerkveld
    7. Gebyrtabell vann og avløp
    8. Grensejustering
    9. Plass og barnehage i SFO
    10. Tilbudet i kommunen (oversikt over barnehagar)
    11. Fylle ut søknad om barnehageplass

    3 Resultat

    Resultata byggjer på informasjon frå testinga som er gjort under tilsynet. Resultata er dokumentert med skjermbilete og skriftleg grunngjeving.

    • Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant, og skal levere ein plan for retting. Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
    • Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Det er opp til verksemda å vurdera om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.

    3.1 Avvik 1: Navigasjon

    Skedsmo kommune sikrar ikkje alltid tilstrekkelege navigasjonsmogelegheiter på nettstaden.

    Avvik frå følgjande krav dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium

    a) Sider der tekst forsvinn i 200 %-visning
    Nr Side Element
    1 Side 10, Side 11 Statuslinje med oversyn over steg og framgang i skjemaet
    2 Side 2 Brødsmulesti
    3 Side 3 E-postadresser til skulen og tilsette
    b) Element det ikkje er mogeleg å bruke tastaturet
    Nr Side Element
    1 Side 2 Oppføring i kalender
    2 Side 2 Google Kalender (legg til i kalender)
    3 Side 2 Svaralternativa og kommentarfelt under Fant du det du lette etter?
    c) Nettsider utan snarveglenke for å hoppe direkte til hovudinnhaldet
    Nr Side Element
    1 Side 1-11 Heile nettsida
    d) Nettside med sidetittel som ikkje gir ei relevant beskriving av innhaldet på sida
    Nr Side Element
    1 Side 6 Kulturkalenderen - Skedsmo kommune
    2 Side 10, 11 Foresattes nettsted for tilbud, søknad og plassering
    e) Element som ikkje får synleg fokusmarkering ved tastaturnavigasjon
    Nr Side Element
    1 Side 1 Logo Skedsmo kommune
    2 Side 9-11 Du er ikke innlogget
    3 Side 10-11 Valgte enheter
    4 Side 1 Søkeknapp
    5 Side 2 Knappane Ja og Nei i skjemaet Fant du det du lette etter?
    6 Side 3 Vis skole i kart +
    7 Side 5 Kalenderen og datoar (finn arrangement på dato)

    3.1.1 Kommentar avvik 1

    Feila som er avdekka, gjer nettstaden vanskeleg å bruke for alle, spesielt for personar som ønskjer, eller må, navigere med tastatur. Det rammar særleg synshemma og personar med varig eller mellombels nedsett handfunksjon.

    • Det skal vere mogleg å forstørre tekst opp til 200 %-visning, slik at personar med moderat nedsett syn kan lese tekst utan bruk av hjelpemiddel.
    • Innhald på nettsider skal du kunne bruke med berre tastatur. Dette gjer nettstaden tilgjengeleg for dei som ikkje kan bruke mus.
    • Synleg fokusmarkering er nødvendig for at brukarar som navigerer med tastatur skal vite kvar dei er på nettsida til ei kvar tid.

    3.2 Avvik 2: Kontrast

    Skedsmo kommune sikrar ikkje alltid tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn på nettstaden.

    Avvik frå følgjande krav dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium

    a) Liten tekst med kontrast på mindre enn 4,5:1
    Nr Side Element
    1 Side 9-11 Lenker i hjelpetekst (blå lenker på blå bakgrunn)
    2 Side 9-11 Lenker i botntekst
    3 Side 10 Lenker i skjema, på kvit bakgrunn
    4 Side 10-11 Aktivt steg i skjemaprosessen
    5 Side 2 Dato på vald dag i kalenderen
    6 Side 2 Arrangement i skoleruta (Google-kalenderen)
    7 Side 2-8 Instruksjon og i ReCaptcha med bilete
    8 Side 2-8 Knappen Skip/Verify i ReCaptcha
    9 Side 9-11 Søke barnehager, Søke SFO, Generell søknad (ikkje valde menypunkt)
    10 Side 9-11 Logg inn med ID-porten
    11 Side 9-11 Hjelpetekst (blå tekst på blå bakgrunn)
    b) Tekst med kontrast på mindre enn 3,0:1
    Nr Side Element
    1 Side 9-11 Lenker i brødtekst på grå bakgrunn
    2 Side 9-11 Botntekst, med info om utviklar og kontakt
    3 Side 9-11 Min side (aktivt menypunkt)

    3.2.1 Kommentar avvik 2

    Feila som er avdekka, gjer at nettstaden er vanskelegare å bruke for alle. Det rammar særleg synshemma og brukarar med redusert fargesyn.

    • Det skal vere tilstrekkeleg kontrast mellom bakgrunn og tekst på nettstaden. Minstekravet til kontrast mellom bakgrunnen og liten tekst er 4,5:1. Minstekravet for stor tekst er 3:1.

    3.3 Avvik 3: Koding

    Skedsmo kommune sikrar ikkje alltid korrekt koding av innhaldet på nettstaden.

    Avvik frå følgjande krav dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium

    a) Overskriftsceller i tabell er ikkje koda med <th>
    Nr Side Element
    1 Side 7 Gebyrtabell vann og avløp
    2 Side 8 Grensejustering av grunneiendom, festegrunn og jordsameie
    3 Side 8 Klarlegging av eksisterende grense
    b) Sider med syntaksfeil i koden
    Side Feil nøsting av element Element som ikkje er avslutta korrekt Element som har same attributt fleire gonger Element som har ID-ar som ikkje er unike Sum
    1 1 0 0 0 1
    9 7 0 0 2 9
    Sum 8 0 0 2 10
    c) Skjemaelement er ikkje kopla til ein ledetekst i koden
    Nr Side Element
    1 Side 2 Måned/år i kalender
    2 Side 2-8 Skriv inn lydkode i ReCaptcha
    3 Side 4 Navn på ansatt
    4 Side 4 Vet du hvor personen jobber?
    d) Knapp er ikkje koda med standardelementa <input> eller <button> og har ikkje role="button"
    Nr Side Element
    1 Side 2 Pil i nedtrekkslister for å velje mnd/år
    2 Side 2-8 Svaralternativ Ja og Nei
    e) Knapp med ledetekst som ikkje identifiserer skjemaelementet, fordi ledeteksten ikkje er på norsk
    Nr Side Element
    1 Side 2-8 Get a new challenge, Get an audio challenge, Get visual challenge, Help (i ReCaptcha)
    2 Side 2-8 Verify (i ReCaptcha)
    3 Side 2-8 Play (i ReCaptcha)

    3.3.1 Kommentar avvik 3

    Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg og uoversiktleg for dei som brukar skjermlesar. Korrekt kode er viktig for å sikre at alle brukaragentar, som for eksempel ulike nettlesarar og hjelpemiddel, presenterer innhald på nettsida på rett måte for brukaren.

    • Det skal vere samsvar mellom den visuelle presentasjonen av innhaldet på nettstaden og kodinga av det same innhaldet. Eksempel på slikt innhald er overskrifter, tabellar og lister.
    • Språket på innhaldet på nettsida skal vere rett koda, slik at brukaragentar og skjermlesarar les opp innhaldet på rett måte.
    • Koden på nettsida skal ha rett syntaks. Syntaksfeil fører til at innhaldet ikkje blir presentert på ein påliteleg måte i ulike nettlesarar og hjelpemiddel.
    • Innhald i koden skal ha ein identifikasjon. Identifikasjon på iframe, gjer at brukaren veit kva innhald som blir henta inn.

    3.4 Avvik 4: Skjema

    Skedsmo kommune sikrar ikkje alltid tilstrekkelege feilmeldingar i skjema.

    Avvik frå følgjande krav dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium

    a) Skjemaelement med automatisk oppdaging av feil som ikkje får tekstleg feilmelding
    Nr Side Element
    1 Side 1 Søkefelt
    2 Side 2-8 Felt for å skrive inn lydcaptcha
    3 Side 4 Vet du navnet?
    4 Side 4 Vet du hvor personen jobber?
    b) Skjemaelement med automatisk oppdaging av feil, får feilmelding som ikkje identifiserer kvar feilen har oppstått
    Nr Side Element
    1 Side 2-8 Bildecaptcha (utan vald bilete), får feilmelding på engelsk
    2 Side 11 (og fleire sider i skjemaet) To skjemafelt (personnummer til søker, og barnet)
    3 Side 4 Vet du navnet?
    4 Side 4 Vet du hvor personen jobber?
    c) Skjemaelement der inndata forsvinn når feil blir oppdaga automatisk
    Nr Side Element
    1 Side 2-8 Skriv inn lydcaptcha

    3.4.1 Kommentar avvik 4

    Feila som er avdekka gjer at skjema er vanskeleg å bruke for alle.

    • Feilmeldingar skal vere tekst og eintydig identifisere skjemaelementet som inneheld feil, eller som ikkje er fylt ut.

    5 Standarden for nettløysingar

    Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.0 nivå A og AA, med tre unntak.

    35 av 61 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.

    WCAG 2.0 er bygd opp av 4 prinsipp, 12 retningslinjer og 61 testbare suksesskriterium:

    • Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
    • Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
    • Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.

    I tillegg viser WCAG 2.0 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.

    Ved å følgje WCAG 2.0 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:

    • Syn
    • Kognisjon
    • Lese- og skrivevanskar
    • Norsk som andrespråk
    • Motorikk
    • Høyrsel
    • Epilepsi
    • Belastningsskadar

    Nettløysingar som følgjer krava vil vera meir brukarvennlege for alle.

    6 Aktivitet under tilsynet

    Tilsynet med Skedsmo kommune omfatta følgjande aktivitetar:

    1. Tilsynsvarselet vart sendt 21.08.2017.
    2. Vi fekk dokumentasjon 11.09.2017 og 12.09.2017. Det er gitt eit oversyn over dokumentasjonen i kapittel 7.
    3. Formøte vart gjennomført 19.09.2017. Felles for kommunane Skedsmo, Oslo, Bærum, Sarpsborg, Moss og Horten.
    4. Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 35 og 36.
    5. Førebels rapport vart sendt 31.10.2017.
    6. Vi fekk kommentarar frå kommunen på førebels rapport 20.11.2017.

    7 Dokumentgrunnlag

    Aktuell dokumentasjon blei etterspurt i tilsynsvarselet. Verksemda treng ikkje å utarbeida ny dokumentasjon for tilsynet. Skedsmo kommune sendte følgjande dokumentasjon:

    • E-post med følgebrev
    • Rapport frå Google Analytics over mest besøkte sider i perioden 1. januar 2016 – 1. september 2017
    • Rapport frå Siteimprove
    • Oversyn over uu-krav – Eksterne leverandørar
    • Plan for feilretting
    • Oversyn over sidetypar og blokktypar på nettstaden
    • Oversyn over standardar og teknologi i innbyggjarportalen