Hopp til hovudinnhald

Diskriminering på ikt-området

Diskrimineringsnemnda gjer vedtak i saker som gjeld diskriminering etter likestillings- og diskrimineringslova. Tilsynet si rolle er å gi ikt-faglege uttalar. I saker som gjeld klage på manglande universell utforming av ikt, utfører tilsynet testar av ikt-løysingane saka gjeld, på oppdrag frå Diskrimineringsnemnda.

Aukande antal saker om diskriminering på ikt-området

Talet på saker som tilsynet får oversendt frå Diskrimineringsnemnda, har auka vesentleg dei to siste åra.

Kort oppsummert

  • Diagrammet viser talet på saker om manglande universell utforming av ikt-løysingar som er oversendt frå Diskrimineringsnemnda til tilsynet, for testing i perioden 2015–2022.
  • I ein periode på sju år (2015–2021), fekk vi 28 saker til uttale. I 2022 fekk vi oversendt 50 saker til testing etter krava i regelverket for universell utforming av ikt.

Resultat av testar mot regelverket for universell utforming av ikt

Tilsynet utfører testar av ikt-løysingane det er sett fram klage på, mot eit utval av krav i regelverket for universell utforming av ikt.

Kort oppsummert

  • Diagrammet viser resultat av tilsynet sine testar i saker om manglande universell utforming. Periode: 2016–2022.
  • Det er utfordringane klagar har peika på som gjer det vanskeleg eller umogleg å bruke ei ikt-løysing, som er avgjerande for kva krav i regelverket ikt-løysingane vert testa mot. Diskrimineringsnemnda gjer vedtak etter at tilsynet har gitt ikt-fagleg uttale.
  • Hittil har vi testa og gitt ikt-fagleg uttale i 69 saker.
    • I 51 saker er det avdekka manglande samsvar med regelverket for universell utforming av ikt.
    • I fire sak er det ikkje avdekka brot på regelverket.
    • I 14 saker var ikt-løysinga ikkje underlagt regelverket.

Sakene dekker mange samfunnsområde

Sakene tilsynet får til testing og uttale gjeld ikt-løysingar på mange samfunnsområde.

Kort oppsummert

  • Diagrammet viser saker om diskriminering som tilsynet har fått oversendt frå Diskrimineringsnemnda for testing mot krav til universell utforming av ikt, fordelt på ulike samfunnsområde og sektorar. Periode: 2015–april 2023.
  • Tilsynet har i alt gitt 69 ikt-faglege uttalar hittil, der flest saker gjeld til digitale læremiddel. Vi set eit særskilt søkelys på utdanningssektoren, då manglande universell utforming av læremiddel og andre ikt-løysingar brukt til undervisning, kan få store konsekvensar for elevar og studentar.
  • Tilsvarande ser vi for saker vi løpande får oversendt. I alt fem av ti ikt-løysingar som er til testing no, gjeld skule- og utdanningssektoren.

Sakene gjeld ulike typar ikt-løysingar

Tilsynet gir uttale i saker som gjeld både nettstader, appar og sjølvbeteningsautomatar.

Kort oppsummert

  • Diagrammet viser talet på saker om manglande universell utforming som tilsynet har utført testar i, etter avtale med Diskrimineringsnemnda. Periode: januar 2016–april 2023.
  • Sakene tilsynet får oversendt til uttale gjeld i 40 tilfelle nettstader, 28 saker er knytt til appar og éi sak gjeld sjølvbeteningsautomat.

Oversikt over brot på krav til universell utforming

I saker som gjeld nettstader og appar, vert desse testa mot relevante krav i standarden Web Content Accessibility Guidelines (WCAG).

Kort oppsummert

  • Diagrammet viser resultat av tilsynet sine testar i klagesaker som gjeld nettstader og appar. Periode: januar 2016–april 2023.
  • Krava ikt-løysingane vert testa mot, bygger på innhaldet i klagesaka, nærare bestemt kva handlingar klagar opplyser om at ikkje er mogleg å få utført i ikt-løysinga. Diagrammet viser kor mange saker ei retningslinje (eller krav) i WCAG har vore relevant å teste mot, og i kor mange saker det er avdekka brot.
  • Krava skal ivareta brukarar med ulike brukarføresetnader og ulike funksjonsnedsetjingar. Brot med krav til universell utforming avdekka i diskrimineringssakene, skaper digitale barrierar for personar som er blinde, har nedsett syn eller nedsett motorikk, kognitive funksjonsnedsetjingar, dysleksi eller dei som har lite erfaring med bruk av digitale løysingar.

Utfyllande forklaring til retningslinjene det er avdekka manglande samsvar med i flest saker:

  • Retningslinje 1.1. Tekstalternativ. Formålet er å sikre at alt ikkje-tekstleg innhald også er tilgjengeleg som tekst, for å sikre at brukarar som ikkje kan sjå bilde får lese opp eit tekstalternativ som formidlar innhaldet. Det er avdekka manglande samsvar i 34 av 42 saker der dette har vore tema.
  • Retningslinje 1.3. Innhald skal tilpassast slik at det kan presenterast på ulike måtar, utan at struktur eller informasjon går tapt. Alle innhaldstypar skal vere koda slik at brukarar som for eksempel brukar hjelpemiddelteknologi, får tilgang til same informasjon og struktur som er visuelt presentert på ei nettside. Det er avdekka manglande samsvar i 25 av 32 saker der dette har vore tema.
  • Retningslinje 1.4. Det skal vere mogleg å skilje forgrunn frå bakgrunn, slik at brukarar lettare skal sjå innhald. Dette gjeld i hovudsak for dårleg kontrast mellom tekst og bakgrunn. Det er også avdekka manglande moglegheiter til å endre tekststørrelse slik at tekst skal kunne lesast utan bruk av hjelpemiddel. Det er avdekka manglande samsvar i 17 av 22 saker der dette har vore tema.
  • Retningslinje 2.1. All funksjonalitet skal vere tilgjengeleg med tastatur. Nettsider skal brukast av brukarar som ikkje navigerer ved hjelp av mus og dei som brukar alternativ til tastatur, for eksempel taleinput, brytarstyring eller skjermtastatur. Det er avdekka manglande samsvar i 31 av 47 saker der dette har vore tema.
  • Retningslinje 2.4. Det skal vere mogleg å navigere, finne innhald og vite kvar på nettsida ein er. I sakene tilsynet har testa, har vi funne manglande samsvar med krav til beskrivande lenketekstar og krav til synleg fokus ved tastaturnavigasjon, noko som gjer det vanskeleg for brukaren å orientere seg og finne innhald. Det er avdekka manglande samsvar i 21 av 33 saker der dette har vore tema.
  • Retningslinje 3.3. Inndatahjelp. Hjelp brukarar med å unngå feil og rette opp i feil. Ved feil utfylling av skjema, skal brukaren skal brukaren få ei presis, tekstleg feilmelding om at ein feil har oppstått, kva som er feil og kvar feilen er. Vidare er det eit krav at skjemafelt skal ha ledetekstar og instruksjonar slik at brukarane forstår korleis eit skjema skal fyllast ut. Det er avdekka manglande samsvar i 19 av 24 saker der dette har vore tema.
  • Retningslinje 4.1. Krav om best mogleg kompatibilitet med brukaragentar (inkl. hjelpemiddelteknologi). Retningslinja famnar mellom anna om krav til brukargrensesnittkomponentar, som for eksempel at skjemaelement og knappar skal vere tilgjengelege for personar som brukar hjelpemiddelteknologi. Det er avdekka manglande samsvar i 45 av 51 saker der dette har vore tema.