Hopp til hovudinnhald

Rapport Den digitale skulen – kan alle delta på like vilkår?

8. Status for universell utforming av ikt

Sjølv om det sidan 2018 er stilt krav om at ikt-løysingar i skule og utdanning skal vere universelt utforma, viser analyse av data frå tilsynet sine kontrollar av digitale læremiddel i 2023, at det framleis er ein lang veg å gå. Dette vert også stadfesta i andre kartleggingar.

8.1 Resultat av tilsyn med digitale læremiddel

Tilsyn med digitale løysingar i opplæringssektoren i 2023, famnar om digitale læremiddel i form av nettsider og appar. Læremidla er i bruk i svært mange grunnskular.

Alle dei elleve digitale læremidla som vart kontrollerte i sektortilsynet, braut med krava til universell utforming av ikt. Det er likevel stor variasjon mellom læremidla når det kjem til omfanget av manglande universell utforming:

  • Løysinga som hadde best resultat, braut med 44 prosent av krava til universell utforming som vart testa i tilsyna.
  • Om lag halvparten av dei elleve kontrollerte digitale læremidla hadde brot med minst 80 prosent av regelverkskrava som var tema for tilsyna.
  • Eitt av dei digitale læremidla som braut med alle krav som inngjekk i kontrollen, er i bruk i nærare 60 prosent av grunnskulane.

Diagrammet under viser samla resultat på kontrolltidspunktet for alle dei elleve digitale læremidla. Brot på regelverket vert utbetra før tilsyna vert avslutta.

Figur 15: Prosentdel av dei digitale læremidla som bryt med eit utval krav til universell utforming av ikt

For informasjon om resultata for dei enkelte læremidla viser vi til Uu-tilsynet sine statistikksider og tilsynsrapportane.

Sjølv om det er avdekka manglande etterleving av regelverket for universell utforming av ikt i alle læremidla, er det stor spreiing i kor omfattande regelverksbrota er og kva konsekvensar dei har for elevar med ulike funksjonsnedsettingar og for føresetnader for bruk.

8.1.1 Elevar med lese- og skrivevanskar, er blinde eller har sterkt nedsett syn

Det er avdekka omfattande regelverksbrot som særleg rammar elevar med lese- og skrivevanskar eller synshemming:

  • 11 av 11 læremiddel braut med krav om at innhald skal vere koda i samsvar med den visuelle presentasjonen av for eksempel tabellar og overskrifter.
  • 11 av 11 læremiddel braut med krav om at ikkje-tekstleg innhald, som for eksempel illustrasjonar og diagram, har tekstalternativ som beskriv innhaldet.
  • 10 av 11 digitale læremiddel hadde innhald (for eksempel knappar i skjema) som ikkje er koda slik at dei som brukar hjelpemiddel får nødvendig informasjon for å fylle ut og sende inn eit digitalt skjema.
  • 6 av 9 digitale læremiddel har ufullstendig kodegrunnlag eller feil i kodesyntaks, noko som gjer det vanskeleg eller umogleg å bruke datahjelpemiddel.
  • 6 av 10 digitale læremiddel bryt med krav til digitale skjema som seier at det skal visast ledetekstar eller instruksjonar når skjemafelt må fyllast ut (er obligatoriske).
  • 4 av 5 digitale læremiddel har skjema der feil utfylling vert oppdaga automatisk, men manglar funksjonalitet for å vise kvar i skjema det er gjort feil og informasjon om kva som er feil.

8.1.2 Elevar med motoriske funksjonsnedsettingar, er blinde eller har sterkt nedsett syn

Mange med motoriske funksjonsnedsettingar eller personar som er blinde, kan ikkje bruke mus ved navigering på nettsider. Derfor skal alle nettløysingar også kunne brukast med tastatur.

  • 9 av 11 digitale læremiddel braut med kravet om at du skal kunne nå og bruke alt innhald med tastatur.
  • 6 av 9 digitale læremiddel manglar synleg fokusmarkering når brukaren navigerer ved hjelp av tastatur.

8.1.3 Elevar med moderat nedsett syn

Personar med moderate synshemmingar har behov for god kontrast mellom tekst og bakgrunn og moglegheiter til å kunne forstørre innhald.

  • 8 av 11 digitale læremiddel har for svak kontrast mellom tekst og bakgrunn på nettsidene.
  • 5 av 9 digitale læremiddel har sider der forstørring av tekst ikkje er mogleg utan at anna innhald eller funksjonalitet blir utilgjengeleg for brukaren.

8.1.4 Elevar som er døve eller har nedsett høyrsel

Personar med nedsett høyrsel eller som er døve, er avhengige av teksting av lydinnhald.

  • 5 av 6 digitale læremiddel har videoar som manglar eller har mangelfull teksting.
Portrettfoto Inger Helene Venås

«Teksting av alle digitale læremidler gjør at elever med nedsatt hørsel kan lære på lik linje som andre.

Forskning viser at manglende tilrettelegging i skolen fører til at hørselshemmede barn mister viktig læring og sosial deltakelse. Derfor tekst alt, alltid!»

8.1.5 Reaksjonar etter tilsyn

Uu-tilsynet ser alvorleg på alle brot på regelverket for universell utforming av ikt, og særleg i opplæring og utdanning, der barn og unge vert ramma. Reaksjonar på regelverksbrot er å gi pålegg om retting, og eventuelt gi tvangsmulkt i form av dagbøter dersom dei digitale løysingane ikkje vert utbetra innan fristane tilsynet set.

Verksemdene, i dette tilfellet skuleeigarane, som tek i bruk digitale læremiddel, er dei som er ansvarlege for at dei digitale løysingane er universelt utforma. Dette stiller nokså store krav til kompetanse i universell utforming av ikt blant skuleeigarar, skuleleiarar og andre med ansvar for innkjøp og bruk av digitale læringsressursar.

Diagrammet viser oppfølging av tilsyna i opplæringssektoren 2023.

Figur 16: Oppfølging med reaksjonsbruk etter kontroll av digitale læremiddel 2023

Fire av dei digitale læremidla vart utbetra innan fristen, medan det vart varsla tvangsmulkt for sju digitale læremiddel. I og med at verksemdene etter vedtak om tvangsmulkt såg til at dei digitale læremidla vart utbetra, er vedtaka om tvangsmulkt ikkje sett i verk.

8.2 Status for universell utforming i klagesaker om diskriminering

Diskrimineringsnemnda gjer vedtak i klagesaker om diskriminering etter likestillings- og diskrimineringslova. Uu-tilsynet si rolle er å gi ikt-faglege uttalar og teste dei innklaga ikt-løysingane opp mot krava til universell utforming, på oppdrag frå Diskrimineringsnemnda.

I perioden 2021–2023 har Uu-tilsynet testa 21 innklaga digitale løysingar som er i bruk i opplærings- og utdanningssektoren, og avdekka mangelfull universell utforming i alle løysingane. Analyse av data frå klagesakene viser stor grad av overlapp med regelverksbrota som vert avdekka i tilsyn.

Figur 17: Dei vanlegaste brota med krav til universell utforming avdekka i samband med ikt-faglege uttaler i individklager om diskriminering

Dei mest vanlege regelverksbrota som er avdekka i samband med ikt-faglege uttalar i klagesaker:

  • 20 av 20 digitale løysingar hadde for eksempel knappar i skjema som ikkje er koda slik at dei som brukar hjelpemiddel får nødvendig informasjon for å fylle ut og sende inn
  • 18 av 19 digitale løysingar braut med krav om at du skal kunne bruke alt innhald med tastatur
  • 15 av 17 digitale løysingar braut med krav om at ikkje-tekstleg innhald har tekstalternativ som beskriv innhaldet
  • 15 av 16 digitale løysingar braut med krav om at innhald skal vere koda i samsvar med den visuelle presentasjonen av for eksempel tabellar og overskrifter
  • 8 av 10 digitale løysingar braut med krav om at du skal kunne hoppe direkte til hovudinnhaldet på sida utan å måtte navigere gjennom menyar, søkefelt m.m.
  • 8 av 12 digitale løysingar manglar synleg fokusmarkering når brukaren navigerer med tastatur

8.3 Resultat frå andre kartleggingar for universell utforming av digitale læremiddel

Analyse av testresultat i individklager til Diskrimineringsnemnda, inngår i tilsynet si områdeovervaking og utgjer, saman med analyse av tilsynsresultat, eit viktig fundament for å avdekke risikoområde for nærare kontroll.

Det finst fleire kartleggingar av status for universell utforming av digitale løysingar i opplærings- og utdanningssektoren.

Rapporten Universell utforming av digitale læremidler – en analyse av status av relevante tiltak, vart utarbeidd av Oslo Economics og Useit på oppdrag frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, i januar 2022. Det overordna inntrykket er at digitale læremiddel er lite tilgjengelege for elevar med funksjonsnedsetting.

Rapporten bygger på testar av ti digitale læremiddel opp mot krav til universell utforming og intervju med leverandørar av digitale læremiddel, innkjøparar av digitale læremiddel, pedagogiske støttefunksjonar, skular og lærarar, elevar og føresette.

Oppsummert viser rapporten frå Oslo Economics og Useit Consulting følgjande:

  • Det er vesentlege utfordringar med universell utforming i digitale læremiddel.
  • Det er stor variasjon på tvers av leverandørar, men for dei aller fleste læremidla som er testa, finn ein vesentlege avvik frå krava til universell utforming av ikt.
  • Leverandørane opplever at det kan vere vanskeleg å tolke lovverket for universell utforming av ikt, noko også skulane og kommunane som kjøper inn læremiddel opplever.
  • Enkelte av kommunane ønskjer at ansvaret for å kontrollere at læremidla oppfyller krav til universell utforming ikkje skal falle på kvar enkelt kommune, men løftast til nasjonalt nivå.
  • Det verkar å vere varierande kompetanse på universell utforming av ikt i kommunen, hos skuleeigarar som kjøper inn digitale læremiddel og hos lærarane som underviser elevane.
  • Det vert likevel presisert at utviklinga synest å gå i rett retning.

Oslo Economics og Useit Consulting tilrår følgjande tiltak i rangert rekkefølgje:

  1. Betre nasjonal kontroll av dei mest brukte læremidla
  2. Rettleiar om korleis lov og forskrift skal tolkast og forståast
  3. Kompetanseheving for lærarar
  4. Plattform for auka dialog
  5. Styrke innkjøpsrolla – universell utformingsansvarleg ved skulane eller i kommunen
  6. Økonomisk tilskot til skular

Det går fram av rapporten at

«Vår samlede vurdering er at tiltaket som innebærer nasjonal kontroll eller økt tilsyn av digitale læremidler vil gi høyest sannsynlighet for at digitale læremidler blir universell utformet. Det er også dette tiltaket som vurderes som mest treffsikkert for å kunne realisere nytten forbundet med universell utforming av digitale læremidler.»

Tilsvarande resultat som Oslo Economics og Useit Consulting har funne av mangelfull universell utforming av digitale løysingar i opplæring og utdanning, finn ein også i andre studiar og testar:

8.4 Skulane manglar kompetanse på universell utforming av ikt

Kompetanse på universell utforming hos skulane som brukar digitale løysingar i undervisning og anna skulearbeid, er kartlagt i Bruk av digitale løsninger i grunnskolen og universell utforming av IKT. I alt 232 grunnskular over heile landet har delteke i undersøkinga.

Kartlegginga indikerer at skulane er opptekne av universell utforming av digitale løysingar. Men svært få skular vurderer at dei har tilstrekkeleg kompetanse på universell utforming av ikt.

Diagrammet under viser korleis skulane som deltok i undersøkinga vurderer eigen kompetanse på dette området.

Figur 18: Skulane si vurdering av kompetanse på universell utforming av ikt, 2023

Sjølv om 86 prosent av skulane som svara på undersøkinga vurderer at dei manglar eller har mangelfull kompetanse på området universell utforming av ikt, svarar over halvparten av skulane at dei verken har gjennomført eller planlagt å gjennomføre opplæring. Vi nemner her at datagrunnlaget for Oslo Economics sin rapport 26-2023, er innhenta før Utdanningsdirektoratet rulla ut eit e-læringskurs til skulane med mål om å auke kompetansen på universell utforming.

Utdanningsdirektoratet sin rettleiar for vurdering av læremiddel i samband med innkjøp, skal bidra til at elevane får læremiddel som støttar effektiv læring og som engasjerer og er relevante. Lærarar, skuleleiarar og skuleeigarar skal få rettleiing i å velje læremiddel med god kvalitet, få støtte til effektive og kollektive prosessar og bli betre bestillarar av læremiddel. Dei som utviklar læremiddel skal få signal om kva som er læremiddel med god kvalitet, og få støtte til målretta treffsikker og kostnadseffektiv produksjon av læremiddel. I tråd med regelverket er universell utforming eitt av tema.

Rettleiaren er lite i bruk. Data frå 2023 viser at under halvparten av leiarane i barne- og ungdomsskulane (høvesvis 45 prosent og 43 prosent) har nytta rettleiinga frå Utdanningsdirektoratet.

Fleirtalet (55 prosent) av skuleleiarane i grunnskulen visste ikkje om at rettleiaren fanst og 21 prosent har ikkje hatt tid til å gjere seg nytte av rettleiaren.

Det er utfordrande for skulane å både skulle sikre at læremiddel er i tråd med regelverk og samstundes ha kapasitet til å vurderer ulike alternativ og ha moglegheit til å nytte seg av tilbod frå ulike leverandørar. Skuleeigarane ønskjer at ansvaret for at læremiddel oppfyller krav til personvern og universell utforming vert løfta til eit nasjonalt nivå. Dette går fram m.a. av ein marknadsanalyse Oslo Economics utarbeidde for Utdanningsdirektoratet i 2022.

8.5 Oppsummering status for universell utforming

Det er avdekka manglande universell utforming i alle digitale løysingar som anten har inngått i sektortilsynet med opplæringssektoren, er testa i samband med individklager om diskrimering eller er testa i samband med kartleggingar.

Dei digitale læremidla har stor skilnad i kompleksitet. Uu-tilsynet tok høgde for dette ved å kontrollere læremidla mot dei mest grunnleggande krava til universell utforming, som uansett skal kunne ivaretakast i alle digitale løysingar.

Regelverksbrota er omfattande og har konsekvensar for elevar med ulike brukarføresetnader og funksjonsnedsettingar.

Manglande universell utforming kan gjere det umogleg eller vanskeleg for barn med lese- og skrivevanskar, synshemming, høyrselshemming eller motoriske funksjonsnedsettingar å delta i skulearbeidet på likeverdige vilkår. Elevar som brukar hjelpemiddel er ofte avhengige av at digitale læremiddel er universelt utforma for at hjelpemiddelet skal fungere. Med omfanget og farten i digitaliseringa i opplæring og utdanning, er universelt utforma ikt-løysingar ein av grunnpilarane for å sikre lik rett til utdanning. Det kan ha store menneskelege og samfunnsmessige konsekvensar å bli stengt ute i ung alder.

Dette er bakgrunnen for at vi følgjer opp manglande universell utforming med pålegg om retting og eventuelt tvangsmulkt. Vi erfarer likevel at både kommunane det vert ført tilsyn med og leverandørar av digitale løysingar til skulesektoren, ønskjer å legge til rette for at teknologi i skulen vert brukt på ein inkluderande måte.

8.6 Utfordringar med regelverk, handheving og etterleving

Uu-tilsynet har omfattande dialog med verksemdene vi fører tilsyn med, bransjeorganisasjonar og leverandørar, brukarorganisasjonar og myndigheitsorgan med ansvar for skule og opplæring, likestilling og barn sine rettar. Dette er ein del av tilsynet si områdeovervaking og gir viktige innspel til handheving, rettleiing og arbeid med regelverksutvikling.

8.6.1 Store krav til kompetanse hos kommunane/skuleeigarane

Eit av formåla med tilsyn er at verksemdene skal ha læringsutbyte. Uu-tilsynet gjennomførte derfor møte med kommunar/skuleeigarar det vart ført tilsyn med i 2023, for å få tilbakememeldingar på om og korleis tilsyna kan gjerast betre slik at kommunar og skuleeigarar får godt læringsutbyte. Leverandørar av dei digitale læremidla deltok også.

Tilbakemeldingane frå kommunane/skuleeigarane kan oppsummerast til:

  • Det kan vere utfordrande for mindre kommunar å følgje opp tilsyn med universell utforming av ikt, då kompetanseutfordringar gjerne er større i mindre kommunar.
  • Den enkelte kommunen/skuleeigaren har liten påverknad på korleis digitale læremiddel vert utforma, og finn det utfordrande å følgje opp med at 3. partsleverandør utbetrar løysingane på tilfredsstillande måte.
  • Uro for det pedagogiske i digitale læremiddel i tilfelle der 3. partsleverandør vel å fjerne eller endre innhald i ei ikt-løysing.

Leverandørane vurderer at

  • dei har eit godt samarbeid med kommunane i tilsyna med digitale læremiddel
  • det er likevel utfordrande å ikkje ha partsstatus i tilsyna

Kommunane/skuleeigarane har kvar for seg ansvar for å sikre at digitale læremiddel og andre digitale ressursar er universelt utforma. Dette gjeld sjølv om den digitale løysinga er i bruk i eit stort fleirtal av kommunane/skulane i landet. Det er lite formålseffektivt at kvar enkelt kommune eller skule skal vurdere om ei og same digitale løysing er utforma i samsvar med krav til universell utforming.

8.6.2 Ineffektiv prosess for klagesaker om diskriminering

Elevar og føresette set fram klager om diskriminering, mellom anna knytt til manglande universell utforming av digitale læremiddel. Uu-tilsynet gir ikt-fagleg uttale etter å ha testa den innklaga løysinga opp mot regelverket for universell utforming av ikt.

Det er fleire utfordringar med klagesystemet slik det fungerer i dag, både for den som klagar, for verksemda som er innklaga og for myndigheitsorgana som er involverte i sakene:

  • Kommunar/skuleeigarar som er innklaga i saker som for eksempel gjeld digitale læremiddel, og dermed er part i saka, opplever at dei i tillegg fungerer som mellomledd mellom Diskrimineringsnemnda og leverandør. Ein kommune har formidla at dei hadde 26 kontaktpunkt frå dei tok imot klagen til saka var ferdig behandla av alle partar.
  • Leverandørane har uttalt at det er utfordrande å ikkje vere part i saka. Dei vert involverte for seint i prosessen og kjem då bakpå i arbeidet med å utbetre løysingane.
  • Det er lite ressursar til behandling av klagesaker og Uu-tilsynet har lite ressursar til å arbeidet med ikt-faglege uttalar.

Prosessen frå innlevert klage til ei ikt-løysing er retta tek tid. Omsynet til kontradiksjon og det at både Diskrimineringsnemnda og Uu-tilsynet er inne i ei og same sak fleire gonger er blant årsakene til lang saksbehandlingstid.

Prosessen kan beskrivast på følgjande måte:

  1. Diskrimineringsnemnda mottek klage, er i dialog med partane og innhentar dokumentasjon frå partane i saka, den som set fram klagen og verksemda som er innklaga
  2. Uu-tilsynet testar innklaga løysingar som er omfatta av regelverket, mot krav til universell utforming og gir ikt-fagleg uttale til Diskrimineringsnemnda
  3. Diskrimineringsnemnda står for vidare saksbehandling og vedtak/pålegg
  4. Uu-tilsynet kontrollerer så om den innklaga ikt-løysinga er utbetra i samsvar med vedtak/pålegg
  5. Diskrimineringsnemnda står for vidare oppfølging av verksemda som er innklaga, for eksempel kommunen/skuleeigar, med eventuelle pålegg og reaksjonar

Elevane har ikkje god tid. Eit skuleår går fort i denne samanhengen. Lang saksbehandlingstid betyr i praksis at ein elev som ikkje får tilgang til dei digitale løysingane i skulen grunna manglande universell utforming, potensielt kan gå glipp av heile eller store delar av læringsmåla i faga. Dette er svært alvorleg.

Det er også peika på at det er utfordrande at ein kommune som er under tilsyn også er part i klagesaker som vert behandla av Diskrimineringsnemnda.

8.6.3 Dialog med brukarorganisasjonar, leverandørar, kommunar og myndigheitsorgan

Uu-tilsynet har mellom anna årlege dialogmøte med brukarorganisasjonar som arbeider for å ivareta menneske med funksjonsnedsetting, og kontakt med leverandørar av digitale løysingar og tenester. Også Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) har arrangert fleire møte (rundebordskonferansar) mellom brukarorganisasjonar, representantar frå forlaga og kommunal sektor, Barneombodet, Statped, Utdanningsdirektoratet, Uu-tilsynet og Kunnskapsdepartementet.

Alle partane ønskjer ein norsk fellesskule der alle elevar skal kunne lukkast, uavhengig av bakgrunn og funksjonsevne. Her listar vi opp utfordringar som vert løfta fram i dialogmøte, rundebordskonferansar og andre treffpunkt:

  • Ansvaret for at elevane skal ha universelt utforma digitale læremiddel er fragmentert.
  • Statlege styringsmakter må legge til rette for korleis digitale læremiddel skal takast i bruk.
  • Brukarorganisasjonane meiner at det er for vanskeleg å klage på dei digitale løysingane. Klagesystemet er tungvint, og det tek for lang tid frå ei sak er innklaga til ho er løyst.
  • Det vert også framheva at tilsyn gir resultat og må halde fram.
  • Kommunane må stille krav til leverandørane om mellom anna universell utforming, men peikar på at dei som innkjøparar har avgrensa moglegheit til å styre korleis læremidla blir utvikla.
  • KS, kommunane og leverandørane tek opp utfordringa med at dagens regelverk ikkje opnar for at myndigheitene rettar ansvaret for universell utforming direkte til produsent eller forlag. Dette ville lette prosessen både i klagesaker og i arbeidet med å gjere dei digitale læremidla betre.
  • Eksisterande digitale læremiddel har eit stort forbetringspotensiale og leverandørar må sette seg godt inn i krava til universell utforming.
  • Forleggarane og IKT-Norge er positive til universell utforming og meiner at ikt-løysingane vert betre når dei er universelt utforma. Dei vurderer også at dei fleste digitale læremiddel kan gjerast universelt utforma, men er opptekne av ressursbruk knytt til å sikre universell utforming av digitale læremiddel som er utvikla over mange år.
  • Det kan vere utfordrande for ein mindre del av oppgåvene i digitale læremiddel å samstundes ivareta universell utforming, oppfylle læringsmåla, halde vanskegraden på rett nivå for elevens alder og ivareta pedagogikk og læreglede.
  • Enkelte har også ytra uro for at universell utforming av ikt ville vere eit hinder for innovasjon.

8.6.4 Står krav til universell utforming i vegen for pedagogiske formål?

I dialog med leverandørar og kommunar har vi sett nærare på spørsmålet om det kan vere ein motsetnad mellom pedagogiske og didaktiske omsyn og krav til universell utforming av ikt. Mange digitale læremiddel – særleg for småskulen – kombinerer ulike visuelle og interaktive element. Det visuelle i slike oppgåver er viktige aspekt for å understøtte læring. Måten ein utfører oppgåva på, er først og fremst tenkt pedagogisk. Sjølv om ei slik oppgåve kan gjerast universelt utforma etter dei fleste krava, kan det vere krevjande og lite formålstenleg å oppfylle alle krav til universell utforming.

Regelverket står likevel ikkje i motstrid til pedagogiske omsyn. Det er ei misforståing at alt innhald i eit digitalt læremiddel eller andre typar av ikt-løysingar skal kunne brukast på same måte av alle elevar. Regelverket stenger ikkje for ulike spor i ei og same ikt-løysing, gitt at dei parallelle spora tek i vare ulike brukarføresetnader. Formålet er uansett at dei ulike spora sikrar likeverdig læringsglede, meistring og bidreg til at eleven oppnår læringsmålet.

I dei tilfella enkeltkrava til universell utforming ikkje harmonerer godt med til dømes pedagogikk og læringsmål, kan det gjerast unntak frå krava. Dette gjeld i tilfelle etterleving av krav medfører uhøveleg stor byrde.

Det er ei utfordring når leverandørane ikkje er i forkant. Etter tilsyn er verksemdene gjerne mest opptekne av å rette opp i eksisterande løysing og unngå sanksjonar. Alternative sløyfer har i mindre grad vore brukt.

I arbeidet med å gjere digitale løysingar meir tilgjengelege framover, er det viktig at leverandørane er innovative og tek høgde for at regelverket opnar for fleire spor i ei og same ikt-løysing. Det er opp til leverandørar og verksemdene å gjere seg nytte av moglegheitene regelverket gir.

Portrettfoto Eva Kirkevik

«Tilsynet har gitt økt fokus på uu

Etter et tilsyn med tre av våre digitale læremidler i 2023, har vi fått økt oppmerksomhet, mer oversikt og bedre forankring for arbeidet med krav til universell utforming.

Læringspunkter og erfaringer fra tilsynsprosessen

  • Tilsynet var basert på stikkprøver, og mange feil ble avdekket. Bare utvalgte sider og krav ble testet. Det er grunn til å tro at det er mange flere feil enn de som ble avdekket i tilsynet, og vi må derfor fortsette å utfordre leverandørene på dette.
  • Våre egne tester med bruk av skjermleser avdekker flere feil enn de som kommer frem i tilsynet. Vi erfarer derfor at testmetodene ikke garanterer for at elever med nedsatt syn kan bruke læremidlene på en god måte etter endt tilsyn.
  • Vi opplevde at det er svært ulikt nivå på kompetanse og rutiner rundt testing hos de tre leverandørene.
  • Større leverandører har gjerne et stort apparat og fagmiljø, men også mer omfattende og komplekse produkter.
  • Mindre leverandører kan være mer sårbare med tanke på kompetanse, men kan samtidig ha et mer smidig apparat for å gjøre endringer. Dermed kan de klare å snu seg rundt raskere for å rette feil.
  • Leverandørene har stort fokus på å lage pedagogiske oppgaver, men har hatt for lite fokus på det tekniske og kodemessige i utformingen.
  • Leverandørene er positive og lærevillige, men er åpne på at de trenger mer kompetanse.
  • Alt i alt har tilsynet hjulpet oss med å sette standarden for hvilket detaljnivå vi og leverandørene må legge oss på for å etterleve kravene.

Digitalisering i skolen har medført utstrakt bruk av nye medieformer og metoder. En så stor endring krever omstilling, økt kompetanse og bevisstgjøring. Selv om IKT har vært i bruk i undervisningen i mange år, representerer den siste læreplanen et kraftig skille med overgang til en mer digitalisert skolehverdag. En slik endring tar tid. Nye undervisningsformer skaper nye utfordringer, som det tar tid å identifisere og løse. Universell utforming av læremidler er en av disse utfordringene.

Vurdering av kvalitet i læreverk ligger som tidligere hos pedagogene. Å vurdere den tekniske kvaliteten på nettressurser og oppfylling av uu-krav er et helt nytt fagområde for denne sektoren. Kompetanse på dette feltet kommer ikke av seg selv, selv om en ny læreplan blir vedtatt. Dermed har det vokst fram et behov for en sentralisert instans som kan ta et felles ansvar for kvalitet på universell utforming. Det er krevende for enkelte kommuner å ha nok spesialisert kompetanse på dette feltet, og det er lite ressurseffektivt at alle kommuner skal gjøre samme jobben overfor de samme leverandørene.

Tilgjengelighetserklæring – et godt hjelpemiddel

Det var en stor jobb å få på plass tilgjengelighetserklæringer for alle våre digitale læremidler og andre nettløsninger. Når vi nå har fått inn dette som en rutine, ser vi at det styrker arbeidet med systematisk oppfølging av uu.

Den største gevinsten er likevel at vi nå, med større tyngde, kan kreve at leverandørene selv må teste nettløsningene sine opp mot alle de 47 kravene i forskriften. Dermed har den lovpålagte tilgjengelighetserklæringen hjulpet oss med å ansvarliggjøre leverandørene på en helt ny måte, slik at vi sammen kan heve kvaliteten.»