Hopp til hovudinnhald

Rapport Den digitale skulen – kan alle delta på like vilkår?

4. Omfang av digitale løysingar i grunnskulen

4.1 Dei mest brukte digitale einingane

Fakta om grunnskulen 2023–2024 bygger på Grunnskolens informasjonssystem (GSI) som alle offentlege og private grunnskular leverer opplysningar til. I dette kapittelet presenterer vi data som viser omfanget av bruk av ulike typar digitale einingar i grunnskulen.

Tala frå Utdanningsdirektoratet viser at 93 prosent av elevane i grunnskulen har tilgang til eiga digital eining som for eksempel nettbrett, pc eller Mac. Dei eldste elevane har best tilgang. Medan 20 prosent av førsteklassingane er utan eiga digital eining, er tilsvarande tal for tiande klasse berre éin prosent.

Tabellen under viser prosentdel elevar med tilgang til digitale einingar, fordelt på utvalde klassesteg.

  1. klasse
5. klasse10. klasseAlle/SUM
Nettbrett (iPad eller andre)63 %42 %16 %40 %
Berbar pc eller Mac4 %27 %55 %30 %
Chromebook12 %28 %27 %23 %
Ikkje tilgang på digital eining20 %2 %1 %7 %

Bruk av ulike typar digitale einingar endrar seg med alderen. Nettbrett dominerer i småskulen. Berbar pc eller Mac dominerer bruken i tiande klasse.

4.2 Kva legg skulane vekt på ved val av læremiddel?

Tilnærma alle skular som deltok i ei undersøking blant skuleleiarar og skuleeigarar våren 2023, utført av NIFU på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet, brukar både digitale og trykte læremiddel, og i særleg grad dei som primært er utvikla for bruk i opplæring.

Diagrammet under viser kor stor prosentdel av skulane som brukar digitale og trykte læremiddel i opplæring.

Figur 1: Oversikt over kva type læringsressursar som er i bruk i kommunar og fylkeskommunar, 2023

Alle vidaregåande skular og 98 prosent av grunnskulane brukar digitale læremiddel som primært er utvikla for bruk i opplæring. Tilsvarande brukar 94 prosent trykte læremiddel som primært er innretta mot opplæring. Dei aller fleste skulane brukar altså ein kombinasjon av digitale og trykte læremiddel.

Eit tydelegare skilje viser seg i bruk av læringsressursar som ikkje primært er utvikla med tanke på opplæring. Her dominerer bruk av digitale læringsressursar. Medan 86 prosent av skulane brukar denne typen digitale læringsressursar, er tilsvarande tal for trykte læremiddel 56 prosent.

Ein analyse av tilgang på, balanse mellom og val av trykte og digitale læremiddel i grunnskule og vidaregåande skule, utført av NIFU på oppdrag frå Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, indikerer at tre av fire grunnskular ønskjer å auke bruken av digitale læremiddel.

Rammefaktorar som tid og økonomi er vesentlege for val av læremiddel – både når det faktisk vert kjøpt inn og når det ikkje vert kjøpt inn. Det er særleg lågare kostnader som vert halde fram som vesentleg. 57 prosent av skuleleiarane i grunnskulen vurderer pris som viktig, medan 42 prosent peikar på innhaldskvalitet. Personvern, informasjonssikkerheit og universell utforming er det vesentleg færre, under 20 prosent, av skuleleiarane som er opptekne av.

4.3 Dei mest brukte digitale løysingane

For å få tilsvarande oversikt over omfanget av bruk av digitale læremiddel og andre digitale løysingar, gjennomførte Oslo Economics ei kartlegging av bruk av digitale løysingar i opplæringssektoren, på oppdrag frå Uu-tilsynet. Kartlegginga famnar om digitale læremiddel, læringsressursar, læringsplattformer og samhandlings- og filutvekslingsløysingar. I alt 232 grunnskular over heile landet har delteke i undersøkinga. Datagrunnlaget er mellom anna brukt til utval av digitale læremiddel for kontroll.

4.3.1 Dei mest brukte digitale læremidla og læringsressursane

Dei mest brukte digitale løysingane famnar om både læremiddel som primært er utvikla for bruk i undervisning og digitale læringsressursar som skular og lærarar tek i bruk som støtteverktøy. Dette går fram av diagrammet under.

Figur 2: Dei mest bruke digitale læremidla og digitale læringsressursane i grunnskulen. Oslo Economics, 2023

Meir enn 70 prosent av skulane brukar NRK skole og YouTube i undervisninga. Book Creator, Salaby og Geogebra vert nytta av mellom 50 og 70 prosent av skulane. 57 prosent av skulane brukar Microsoft sine produkt som Word, Excel, og PowerPoint.

Eit fleirtal av skulane vurderer følgjande læremiddel/læringsressursar som viktige for å sikre utbyte av undervisninga og for å nå måla i læreplanen:

  • Microsoft Office-365 (skrivebordsprogramma)
  • Skolen frå Cappelen Damm
  • Campus Matte frå Inkrement
  • Skolestudio Basis, Explore Skolestudio, Multi skolestudio og Salto Skolestudio frå Gyldendal

4.3.2 Dei mest brukte digitale læringsplattformene

Digitale læringsplattformer er løysingar for å administrere brukarar og organisere læringsinnhald. I dei fleste læringsplattformene kan brukarane kommunisere ved hjelp av synkrone og asynkrone verktøy, som chat, e-post og forum.

Diagrammet under viser dei mest brukte læringsplattformene i grunnskulane i 2023.

Figur 3: Dei mest bruke digitale læringsplattformene i grunnskulen. Oslo Economics, 2023

Microsoft ser ut til å vere ein dominerande aktør når det gjeld bruk av læringsplattformer. Office 365 er i bruk i 68 prosent av skulane som deltok i undersøkinga, Microsoft Teams i 64 prosent og OneNote i 49 prosent av skulane.

Visma Flyt Skole, Showbie og Google sine plattformer er i bruk i mellom 22 og 36 prosent av skulane i undersøkinga.

4.3.3 Dei mest brukte digitale samhandlings- og fildelingsløysingane

Samhandlingsløysingar vert brukte til fjernundervisning, møte eller utveksling av dokument. Dei vert brukte både i undervisning og leksearbeid. Med restriksjonar som vart innførte under pandemien, spelar samhandlingsløysingar ei vesentleg større rolle også i grunnskulen.

Figur 4: Dei mest bruke digitale samhandlingsløysingane i grunnskulen. Oslo Economics, 2023

Diagrammet viser at 75 prosent av skulane i undersøkinga brukar Microsoft Teams som samhandlingsløysing. 30 prosent av skulane brukar Visma Flyt Skole. 20 prosent brukar Google Meet. Andre digitale løysingar for samhandling vert brukte av færre enn ti prosent av skulane i undersøkinga.

4.4 Stor spreiing i bruk av digitale løysingar i skulen

Kartlegginga frå Oslo Economics viser at det er nokså stor spreiing i bruk av digitale læremiddel og læringsressursar. Det er også omfattande bruk av digitale læringsressursar som ikkje primært er utvikla for bruk i skulen, for eksempel NRK, YouTube og skrivebordsprogramma til Microsoft.

Microsoft ser også ut til å vere ein dominerande aktør når det gjeld læringsplattformer og samhandlings- og filutvekslingsløysingar.

For å sikre likeverdig tilgang til opplæring og utdanning er det svært viktig at alle digitale verktøy og læringsressursar, og ikkje berre digitale læremiddel, er universelt utforma og vert tekne i bruk i skulen på måtar som sikrar at alle har tilgang. Dette set krav til både utforming av løysingane og til kompetanse hos skuleleiarar og undervisningspersonell.

«I Cappelen Damm Utdanning har vi de siste årene opplevd en stor modning i både kompetanse og systemstøtte for universell utforming i våre produkter og tjenester. Vi har samarbeidet med store deler av bransjen for digitale læremidler og læringsressurser, både gjennom Forleggerforeningen, IKT-Norge og Standard Norge, og med representanter for ulike brukergrupper, Statped og Udir/KD. Dette samarbeidet oppsto før tilsynsrunden tok til, men da tilsynene ble varslet ble dette arbeidet intensivert. Dessverre opplevde vi at selve tilsynet (vår/sommer/høst 2023) snarere bremset dette samarbeidet enn å stimulere videre. Mange av ressurspersonene i bransjen ble fullt opptatt med å tolke de IKT-faglige rapportene, finne løsninger på det som for oss var uklare problemstillinger og holde i dialog med tilsyn, kommuner og underleverandører.

Portrettfoto Fredrik Pharo

Tilsynsprosessen kunne med fordel vært lagt opp på en måte som stimulerte mer til dialog og samarbeid. Da ville trolig løsningene også blitt bedre og lettere å implementere. Samtidig må vi understreke at Uu-tilsynet har vært svært konstruktive og samarbeidsorienterte i etterkant av selve tilsynsprosessen, noe vi er veldig glade for. Vi ser fram mot et godt samarbeid i årene som kommer, der vi sammen kan finne gode løsninger for en enklere skolehverdag for alle elever.»

Fredrik Pharo, salgs- og markedssjef i Cappelen Damm utdanning