Hopp til hovudinnhald

Rapport Den digitale skulen – kan alle delta på like vilkår?

2. Samandrag

2.1 Overordna mål og føringar

Kunnskapsløftet har som formål at alle elevar skal tileigne seg grunnleggande ferdigheiter og nødvendig kompetanse for å klare seg i livet. I Utdanningsdirektoratet sitt rammeverk for grunnleggande ferdigheiter er digitale ferdigheiter rekna som ein av dei grunnleggande ferdigheitene.

Regjeringa sin strategi for digital kompetanse og infrastruktur i barnehage og skule set retning for digitalisering av skulen fram mot 2030. Det er sett mål om auka digital kompetanse, inkluderande læring og likeverdig tilgang til opplæring, inkluderande teknologi og tilpassa digitale hjelpemiddel. For å sikre likeverdig tilgang til opplæring må alle digitale løysingar vere universelt utforma og takast i bruk slik at alle har tilgang. Dette set krav til kompetanse hos skuleleiarar og undervisningspersonell.

2.2 Omfanget av digitalisering og brukarerfaringar

Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at 93 prosent av elevane i grunnskulen har tilgang til eiga digital eining som for eksempel nettbrett, pc eller Mac.

Tilnærma alle skular som deltok i ei undersøking blant skuleleiarar og skuleeigarar våren 2023, utført av NIFU, brukar både digitale og trykte læremiddel. 98 prosent av grunnskulane brukar digitale læremiddel. Tid og økonomi er vesentleg for val av læremiddel. Personvern, informasjonssikkerheit og universell utforming er mindre lagt vekt på.

Oslo Economics har utarbeidd kartlegginga Bruk av digitale løsninger i grunnskolen og universell utforming av ikt, på oppdrag frå Uu-tilsynet. Det er stor spreiing i bruk av digitale læremiddel og omfattande bruk av digitale læringsressursar som ikkje primært er utvikla for bruk i skulen. Meir enn 70 prosent av skulane brukar NRK skole og YouTube i undervisninga. Læremidla Book Creator, Salaby og Geogebra vert nytta av mellom 50 og 70 prosent av skulane. Microsoft ser ut til å vere ein dominerande aktør når det gjeld læringsplattformer og samhandlings- og filutvekslingsløysingar.

Proba samfunnsanalyse si kartlegging Erfaringer med digitale løsninger i skolen - Kartlegging og analyse av fordeler og ulemper med digitale løsninger utarbeidd på oppdrag frå Uu-tilsynet, bygger mellom anna på ei spørjeundersøking blant 2750 føresette til barn i grunnskulen, inkludert 533 intervju av foreldre som har barn med ulike typar funksjonsnedsettingar. Blant dei som deltok i undersøkinga, har 19 prosent barn med funksjonsnedsetting, lese- og skrivevanskar eller lærevanskar.

Dei føresette er delte i vurderingane av om bruken av digitale læremiddel er passeleg. Fleirtalet meiner dei digitale løysingane er brukarvennlege og forståelege, men dei er noko meir delte i vurderingar av læringsutbyte og i kva grad undervisninga er tilpassa den enkelte eleven.

Barn med lese- og skrivevanskar, lærevanskar eller andre funksjonsnedsettingar brukar digitale læremiddel meir enn dei brukar fysiske. Dei har større nytte av digitale løysingar og brukar digitale læremiddel i større grad enn elevar utan funksjonsnedsetting. Føresette til barn med funksjonsnedsetting vurderer også at dei digitale løysingane gir betre læringsutbyte og generelt fungerer betre, samanlikna med vurderingane til føresette til barn utan funksjonsnedsetting.

På nokre område fungerer dei digitale løysingane dårlegare for elevar med funksjonsnedsetting. Dei har meir tekniske utfordringar og utfordringar med forståing og navigasjon. Dette kan indikere at dei digitale løysingane ikkje er godt nok utforma, noko som underbygger eksisterande kunnskap om digitale løysingar generelt. Mange av elevane som opplever problem med digitale løysingar, er avhengige av foreldra sin innsats. For dei mest sårbare elevane, der foreldre ikkje klarar eller kan hjelpe dei, bidreg digitale løysingar til å forsterke skilnader i læringsutbyte.

2.3 Marknaden for digitale læremiddel

Statistikk frå Den norske forleggerforening viser kraftig vekst i omsetnad av digitale læremiddel. I 2021 utgjorde omsetnaden av digitale læremiddel 41 prosent av den totale omsetnaden av læremiddel. Tilsvarande tal i 2017 var tolv prosent.

Oslo Economics har utarbeidd ein analyse av Markedet for digitale læremidler og læringsressursar i grunnskolen og videregående opplæring. Dei store forlaga har ein sterk posisjon. Høge etableringsbarrierar reduserer trugsmål frå potensielle nye konkurrentar, noko som kan svekke insentiva til å investere i innovasjon og utvikling.

Oslo Economics sin rapport Bruk av digitale løsninger i grunnskolen og universell utforming av IKT inneheld også informasjon frå leverandørar av digitale læremiddel som viser at leverandørane verkar å vere godt kjende med krava til universell utforming av ikt. Universell utforming er ein viktig del av produktutviklinga, men ein del opplever utfordringar med å oppfylle krava, særleg i realfaga. Mange trekker fram Standard Norge sin komité for universell utforming av digitale læremiddel, SN/K 607, som eit nyttig forum for å heve kompetansen

2.4 Regelverk og status for universell utforming av ikt

Forskrift om universell utforming av ikt-løysingar vart i 2018 utvida til å også gjelde digitale læremiddel og andre digitale løysingar som er i bruk i opplærings- og utdanningssektoren. Det er skuleeigarane som har ansvar for at digitale løysingar som er i bruk i skulen er universelt utforma.

Regelverket for universell utforming av ikt er operasjonalisert gjennom standardar og tekniske krav. Standardiseringskomiteen (SN/K 607 (standard.no)) har mandat til å lage norske standardar for universell utforming av digitale læremiddel, samanfatte beste praksis, gi rettleiing og bidra til innovativ utvikling for inkluderande digital læring. Uu-tilsynet deltek i dette arbeidet.

Tilsyn med digitale løysingar i opplæringssektoren i 2023, famna om elleve digitale læremiddel i form av nettsider og appar. Læremidla er i bruk i svært mange grunnskular. Det var dei mest grunnleggande krava som vart plukka ut for kontroll. Dette er krav der eventuelle motsetnadar mellom universell utforming og omsyn til pedagogikk etter vår vurdering ikkje kjem på spissen. Det vart likevel avdekka brot med regelverket for universell utforming av ikt i alle læremidla. Regelverksbrota er omfattande og har konsekvensar for elevar med ulike brukarføresetnader og funksjonsnedsettingar.

Manglande universell utforming kan gjere det umogleg eller vanskeleg for barn med lese- og skrivevanskar, synshemming, høyrselshemming eller motoriske funksjonsnedsettingar å delta i skulearbeidet på likeverdige vilkår. Elevar som brukar hjelpemiddel er stort sett avhengige av at digitale læremiddel er universelt utforma for at hjelpemiddelet skal fungere.

Det er ei misforståing at alt innhald i eit digitale læremiddel eller andre typar av ikt-løysingar skal kunne brukast på same måte av alle elevar. Regelverket stenger ikkje for ulike spor i ei og same ikt-løysing, gitt at dei parallelle spora tek i vare ulike brukarføresetnader. Formålet er uansett at dei ulike spora sikrar likeverdig læringsglede og meistring, og bidreg til at eleven oppnår læringsmålet.

I dei tilfella enkeltkrava til universell utforming ikkje harmonerer godt med til dømes pedagogikk og læringsmål, kan det gjerast unntak frå krava. Dette gjeld i tilfelle der etterleving av krav medfører uhøveleg stor byrde.

2.5 Utfordringar med regelverk og handhevingsprosedyrar

Tilsyn gir resultat og må halde fram. Det er skuleeigarane som har ansvar for å sette krav til universell utforming gjennom innkjøp av digitale løysingar frå forleggarar og andre leverandørar. Pålegg og andre reaksjonar som dagmulkt etter tilsyn, vert retta mot kommunen som skuleeigar. Leverandørane er ikkje part i tilsynssaka. Dette er utforande for skuleeigarane og leverandørane.

Enkeltindivid kan sette fram klager om diskriminering. Diskrimineringsnemnda har vedtaksmyndigheit i slike saker, også på ikt-området. Uu-tilsynet gir ikt-faglege uttalar etter å ha testa dei innklaga ikt-løysingane opp mot relevante krav til universell utforming av ikt. Det tek for lang tid frå ei sak er innklaga til ho er løyst. Innrettinga av klageprosessen gjer at saksbehandlingstida blir lang og elevar risikerer å gå glipp av undervisning og læring medan sakene er til behandling. Dette er svært alvorleg.

2.6 Det trengst meir kunnskap for å sikre at digitalisering av skulen kjem elevane til nytte

Elevperspektiv på den digitale skulekvardagen er ein forskingsartikkel mellom anna bygd på intervju med elevar. Elevane er positive til moglegheitene i digitaliseringa av skulekvardagen, men er også medvitne om utfordringar og negative sider ved teknologien. For elevane er teknologi sjølvsagt, men dei meiner at lærarane må få betre opplæring i bruk av ny teknologi og moglegheitene den gir.

Skjermbrukutvalet er nedsett av regjeringa for å etablere kunnskap og gi råd om bruk av skjerm i barnehage, skule og fritid. Utvalet har lagt fram ein delrapport i form av to temanotat, der Konsekvenser av skjerm i skolen – et kunnskapsgrunnlag fra skjembrukutvalget 2023, refererer til ein stor internasjonal metaanalyse av forsking som viser positiv samanheng mellom skjermbruk og ulike læringsutfall, gitt at formålet med bruk er pedagogisk. Også UNESCO finn at bruk av digitale einingar og teknologi i undervisning kan påverke elevane si læring positivt, men er avhengig av pedagogisk bruk. Men bruk av digitale einingar kan også verke forstyrrande på læring, konsentrasjon og merksemd. Det er behov for meir kunnskap om konsekvensar av skjermbruk. Digital teknologi endrar læringssituasjonen og stiller nye krav til skulane. Fleire studiar viser at det er behov for å utvikle undervisningspraksis som er innretta mot moglegheitene som ligg i digitale einingar.

Kunnskapssenter for utdanning (KSU) ved Universitetet i Stavanger har saman med Universitetet i Oslo og Høgskulen i Volda utarbeidd ei forskingsbasert kunnskapsoppsummering om digitalisering i grunnopplæring. Tildeling av ei digital eining til kvar enkelt elev har vore eit avgjerande skifte, og integrering av digitale verktøy, ressursar og læremiddel har eit potensiale for elevane. Dei fleste lærarar er positive til den pedagogiske nytteverdien av digital teknologi. Lærarrolla er svært viktig i bruk av digital teknologi, men det finst i liten grad konkrete planar for utvikling av digital kompetanse hos lærarar og elevar. Det vert også vist til utfordringar med digital teknologi i undervisning og at realisering av potensialet ikkje kjem av seg sjølv. Kunnskapsgrunnlaget er ikkje tilstrekkeleg og det er behov for eit nasjonalt forskingsprogram som i større grad sikrar ei kunnskapsbasert digitalisering. Systematisk bruk av læringsanalyse er eit av fleire tiltak som kan sikre ei meir kunnskapsbasert tilnærming. Dette vert tilrådd i utgreiinga Læring, hvor ble det av deg i alt mylderet? – Bruk av elev- og studentdata for å fremme læring.