Hopp til hovudinnhald

Rapport Den digitale skulen – kan alle delta på like vilkår?

1. Konklusjonar og tilsynets råd

Alle barn og unge har rett til likeverdig opplæring og utdanning, tilpassa eigne føresetnader. Barn og unge sin rett til utdanning er forankra i internasjonale konvensjonar og gjennom Grunnlova. Retten til utdanning er ein rett i seg sjølv, men også ein føresetnad for å kunne realisere andre menneskerettar.

Det er eit uttalt politisk mål å ha ei grunnopplæring der bruk av teknologi og utvikling av digitale ferdigheiter står sterkt.

Samla sett konkluderer vi med at digitalisering av skulen gir store moglegheiter til læring og meistring for elevar med ulike føresetnader. Men mykje må på plass for å sikre at alle barn og unge kan delta på likeverdige vilkår.

Per i dag er utfordringa at det manglar ei heilskapleg og systematisk tilnærming for å sikre at ikkje den enkelte elev sit igjen med utfordringa med ansvaret for sin læringssituasjon når dei digitale løysingane ikkje fungerer. Dette truar retten til likeverdig opplæring og utdanning.

Det er ei kjede av årsaksfaktorar som bidreg til utfordringsbildet. Kommunar og skuleeigarar opplyser at dei manglar kompetanse til å sikre universell utforming i innkjøpsprosessen og at dei treng støtte til dette. Dei har dei same utfordringane når det gjeld personvern og informasjonssikkerheit. Leverandørane synest det er vanskeleg å sikre at læremidla ivaretek omsynet til pedagogikk og samstundes sikrar universell utforming på ein god måte. Lærarane treng kompetanse til å vurdere korleis læremidla skal takast i bruk på ein inkluderande måte og korleis ein skal sikre tilstrekkeleg opplæring hos elevane.

Resultatet er at enkeltelevar og foreldre opplever at dei blir sittande igjen med ansvaret for eigen læringssituasjon, og sjølve må finne ut av korleis løysingar og hjelpemiddel fungerer.

Når eleven forsøker å klage for å få rettane sine ivaretekne, tek det for lang tid å få ei avgjerd som kjem raskt nok til at det utgjer ein forskjell i skulekvardagen.

Det er behov for meir forskingsbasert kunnskap for å sikre ei god inkluderande bruk av teknologi i skulen.

Konklusjonar

Oppsummert er våre konklusjonar etter sektortilsynet:

1: Manglande universell utforming av digitale løysingar truar retten til likeverdig opplæring

Ingen av dei digitale læremidla og dei andre digitale løysingane som er kontrollerte i tilsyn og klagesaker, møtte minstekrava i regelverket for universell utforming av ikt.

Leverandørane kjenner til krava og ser på universell utforming som ein viktig del av produktutviklinga, men mange klarar likevel ikkje å møte krava til universell utforming i praksis. Fleire ser nytten i standardisering som verkemiddel for å heve kompetansen i bransjen.

Enkelte leverandørar har ytra uro for at universell utforming av ikt kan vere eit hinder for innovasjon. Regelverket for universell utforming av ikt står ikkje i motstrid til pedagogiske formål. Tilsyna viser at leverandørane ikkje nyttar handlingsrommet i regelverket til å møte ulike brukarbehov med alternative sløyfer, parallelle spor og moglegheit for brukartilpassing innan ei og same løysing.

Tilsynet for universell utforming av ikt jobbar risikobasert. Tilsyn har vist seg å ha god effekt, både gjennom retting av feil i løysingane og gjennom læring i kommunane. Men tilsynet har avgrensa moglegheit til å kontrollere 356 kommunar sin bruk av over 300 digitale løysingar brukt i skulen, og talet på kontrollar er for lågt til å gi effektiv oppfølging av løysingar som bryt regelverket.

Pålegg og andre reaksjonar som dagmulkt etter tilsyn vert retta mot kommunen som skuleeigar. Leverandørane er ikkje part i tilsynssaka. Både skuleeigarane og leverandørane opplever dette som ei utfordring.

2: Det er utfordrande for kommunar å sikre universell utforming av ikt ved innkjøp av digitale løysingar

Skuleeigarane har ansvar for å sette krav om universell utforming gjennom innkjøp av digitale løysingar frå forleggarar og andre leverandørar. Berre tolv prosent av grunnskulane vurderer at dei har tilstrekkeleg kompetanse på universell utforming av ikt. Krav til informasjonssikkerheit, personvern og universell utforming har auka behovet for kompetanse. Tid og økonomi er dei viktigaste rammefaktorane for val av læremiddel. Fire av ti skuleleiarar har innhaldskvalitet som viktigaste kriterium, medan personvern, informasjonssikkerheit og universell utforming vert vektlagt av færre enn 20 prosent.

Det er utfordrande for skulane å både skulle sikre at læremiddel er i tråd med regelverk og samstundes ha kapasitet til å vurderer ulike alternativ og ha moglegheit til å nytte seg av tilbod frå ulike leverandørar. Skuleeigarane ønskjer at ansvaret for at læremiddel oppfyller krav til personvern, informasjonssikkerheit og universell utforming vert løfta til eit nasjonalt nivå

Utdanningsdirektoratet sin rettleiar for vurdering av læremiddel i samband med innkjøp, skal bidra til at elevane får læremiddel som støttar effektiv læring og som engasjerer og er relevante. Rettleiaren er lite i bruk. Under halvparten av skuleeigarane har nytta rettleiinga.

3: Skulane manglar system og kompetanse til å ta i bruk teknologi på ein inkluderande måte

Ei kartlegging Proba samfunnsanalyse har utarbeidd for Uu-tilsynet, viser stor spreiing blant dei føresette til elevar i grunnskulen når det gjeld vurdering av bruk av digitale læremiddel. Eit fleirtal meiner at barna opplever meistring, at dei digitale læremidla er brukarvennlege og gir godt læringsutbyte, medan noko færre meiner at individuell tilrettelegging er godt nok ivareteke.

Dei føresette er meir kritiske enn skuleeigarar og skuleleiarar, særleg med tanke på grunnleggande ferdigheiter og problem med distraksjon. Bruk av digitale løysingar kan svekke dei føresette si rolle i skulearbeidet, særleg for dei mest utsette barna. Elevar med funksjonsnedsetting ser ut til å bruke meir digitale læremiddel enn fysiske, og meir enn elevar utan funksjonsnedsetting. Elevar med funksjonsnedsetting verkar å ha større nytte av digitale løysingar enn analoge/fysiske læremiddel, men universell utforming og hjelpemiddel er ei utfordring.

Digitale ferdigheiter er ein av dei grunnleggande ferdigheitene i dei nye læreplanane. Tre av fire skular ønskjer å auke bruken av digitale læremiddel.

Dei fleste lærarar er positive til den pedagogiske nytteverdien av teknologi, men det finst i liten grad konkrete planar for utvikling av digital kompetanse hos lærarar og elevar.

Manglande inkludering kan skape unødvendig skilje mellom elevar. Hjelpemiddelteknologi er ofte avhengig av at digitale løysingar er universelt utforma for å kunne virke optimalt. Nokre elevar har større behov for å bruke tilpassa digitale hjelpemiddel enn andre, og er avhengig av inkluderande teknologi for å kunne delta i ordinær undervisning. Svak kompetanse blant lærarane bidreg til at dette blir vanskeleg, og mange foreldre og elevar opplever å stå aleine i dei utfordringane som vert skapt.

4: Ineffektiv prosess for behandling av klagesaker svekker elevane sitt diskrimineringsvern

Prosessen for klager frå elevar om diskriminering er uoversiktleg, fragmentarisk og lite effektiv. Brukarorganisasjonane opplever at medlemmane synest det er vanskeleg og tungvint å klage. Det er mange steg i ei sak som involverer både Diskrimineringsnemnda, Uu-tilsynet, innklaga kommune, leverandør og klagar. Retting av feil går i fleire rundar og krev retesting og ny saksbehandling i kvar runde. Saksbehandlingstida blir lang og elevar risikerer å gå glipp av undervisning og læring medan sakene er til behandling.

5: Vi manglar kunnskap for å sikre at det fulle potensialet i teknologi vert realisert i undervisning

Bruk av digitale læremiddel og andre digitale løysingar i skulen, har både fordeler og ulemper. Det regjeringsoppnemnde Skjermbrukutvalet konkluderer med at det er behov for meir kunnskap om god digital undervisningspraksis og konsekvensar av skjermbruk på lese- og skriveferdigheiter, på alle klassesteg og over tid.

Ei forskingsbasert kunnskapsoppsummering om digitalisering i grunnopplæring, utarbeidd av Kunnskapssenter for utdanning (KSU) ved Universitetet i Stavanger med fleire, slår fast at potensialet av digitalisering ikkje vert henta ut. Kunnskapsoppsummeringa viser at det er behov for meir forskingsbasert kunnskap, mellom anna om kunstig intelligens og utdanning, pedagogisk praksis og didaktisk tilrettelegging ved omfattande bruk av digitale einingar, digitale økosystem og inkludering – ekskludering i skulen.

Råd frå Uu-tilsynet

Uu-tilsynet sine råd til sektoren er:

  1. Innsatsen for å sikre at digitale løysingar i skulen er universelt utforma, må prioriterast
    1. Handhevinga med løysingar brukt i utdanningssektoren som bryt regelverket, må styrkast.
      Tilsynet jobbar risikobasert og treng data for å gjere gode risikovurderingar. Vidare arbeid med kunnskapsgrunnlaget må derfor prioriterast, slik at tilsynet effektivt kan rette inn tiltak som kontroll, tilsyn, og rettleiing der faren for svikt er størst. Talet på kontrollar bør aukast. Å styrke handhevingsoppgåva er også eit av tiltaka i Handlingsplan for auka inkludering i eit digitalt samfunn.
    2. Standardisering bør prioriterast som verkemiddel for å sameine pedagogiske omsyn med universell utforming.
      Standardisering vil vere eit godt verkemiddel som bør takast meir i bruk for å gi ei tydeleg retning for å løyse særeigne utfordringar i sektoren, særleg for å samordne krav til universell utforming og pedagogiske omsyn. Her er allereie arbeid i gang som bør styrkast og prioriterast.
      • Standardiseringskomiteen for universell utforming av digitale læremiddel (SN/K 607 (standard.no)).
      • Det bør også vurderast som det er behov for fleire standardiseringsinitiativ.
    3. Utvikling og tilpassing av digitale hjelpemiddel bør prioriterast høgare.
      Økonomisk tilskot til utvikling av nødvendige læremiddel som ikkje har stort kommersielt potensiale, må styrkast. Det er stort behov for støtte til læremiddel og hjelpemiddel for blinde, sterkt svaksynte, døve og teiknspråklege, elevar med kognitive funksjonsnedsettingar og elevar med behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK).
    4. Utarbeide særleg rettleiing for utdanningssektoren knytt til korleis krava til uu skal tolkast for digitale læremiddel.
      Uutilsynet.no er tilsynets hovudkanal for rettleiing, men mykje av rettleiinga gjeld generelt på tvers av sektorar og er ikkje særskilt utarbeidd for utdanningssektoren. Det bør utarbeidast rettleiing som tek opp i seg tolkingsspørsmål og tvilsspørsmål som kjem opp særleg i samband med digitale læremiddel, og som kan bidra til å gjere det lettare for verksemder og leverandørar å etterleve krava.

  2. Det bør sikrast betre samordning av innkjøp av digitale løysingar i kommunane.
    Kommunane bør få støtte til å sikre at grunnleggande krav til universell utforming, personvern og informasjonssikkerheit er godt ivareteke når dei skal kjøpe inn digitale løysingar til bruk i skulane.
    Dette er det allereie foreslått tiltak om i Strategi for digital kompetanse og infrastruktur i barnehage og skole, og tilsynet tilrår at desse tiltaka vert følgt vidare opp:
    1. Å utgreie ei felles støtteteneste for å ivareta mellom anna universell utforming, inkludert korleis felles offentlege innkjøp kan organiserast for ein meir etterspurnadsdriven marknad, og korleis ei støtteteneste kan vere knytt til kundeportalen i Feide, nasjonal tenestekatalog for digitale læremiddel og andre fellesløysingar som for eksempel Uu-tilsynet si løysing for tilgjengelegheitserklæring.
    2. Å etablere ein offentleg forvalta nasjonal tenestekatalog for digitale læremiddel. I tilknyting til ein offentleg forvalta nasjonal tenestekatalog, bør Kunnskapsdepartementet vurdere behovet for eit nasjonalt godkjenningsorgan for digitale læremiddel og eventuelt andre digitale løysingar som er i bruk i skulen.
  3. Lærarane bør få moglegheit til å styrke kompetansen sin både i utdanning og etterutdanning.
    Lærarane bør få støtte og hjelp til å auke sin kompetanse både på universell utforming av ikt og inkluderande bruk av teknologi i undervisningssituasjonen.
    1. Kompetanse på universell utforming og inkluderande bruk av teknologi bør vurderast inn i lærarutdanninga og i etterutdanningsløp.
    2. Utdanningsmyndigheitene bør følgje opp at kompetanseløftet har effekt for undervisningspersonell, elevar og føresette gjennom tverrgåande samarbeid for auka kompetanse i opplæringssektoren om universell utforming av ikt og inkluderande digital læring.
    3. Rettleiing om inkluderande digital læring bør vere ei høgt prioritert oppgåve.
    4. Leverandørane må bidra til kompetanseløft om inkluderande bruk av teknologi.
  4. Elevane sitt vern mot diskriminering i digital opplæring må ivaretakast betre.
    Etterleving av regelverket for universell utforming av ikt er ein føresetnad for å lukkast med digitalisering i skulen, og det er behov for at avklaringar om brot på regelverket kjem raskt nok til at det raskt får betydning for skulekvardagen til eleven.
    1. Ansvarlege departement bør ta initiativ til å utgreie behovet for å tilpasse behandling av klagesaker om diskriminering på ikt-området, slik at diskrimineringsvernet til elevane som er avhengige av universell utforming vert ivareteke på ein raskare måte.
    2. Saker om utdanning bør prioriterast i køen, og ein bør vurdere eit raskare behandlingsløp for desse sakene.
    3. Det bør vurderast om det er behov for å opprette ei rolle som koordinator for å sikre rask hjelp til elevar der læremidla ikkje fungerer. Elevar bør kunne vende seg til eit koordinert ledd anten hos skule eller kommune, som har eit koordinert ansvar for å hjelpe eleven i å finne fram til sine rettar, få løyst utfordringar i læremidla i dialog med leverandøren og evt. sikre tilstrekkeleg opplæring hos elev og lærar.
  5. Digitalisering i opplæringssektoren bør forankrast betre i kunnskapsbasert forsking.
    1. Det er behov for eit nasjonalt forskingsprogram slik det vert referert til i kunnskapsoppsummeringa frå Universitetet i Stavanger mfl. Eit slikt program bør også ta opp i seg behovet for forskingsbasert kunnskap slik også Skjermbrukutvalet foreslår.
    2. Potensialet for systematisk bruk av læringsanalyse bør vurderast også innretta mot elevar med nedsett funksjonsevne og deira behov for inkluderande bruk av digitale løysingar.
Portrettfoto Silje Solvang

«Hva gjør du om du blir hektet av allerede i 3. klasse? Vi har ikke råd til å fortsette å gi funksjonshemmede en uføretrygd i 18-årsgave på bakgrunn av manglende universell utforming.»