Hopp til hovudinnhald

Rapport Den digitale skulen – kan alle delta på like vilkår?

Forord

Nesten 640 000 elevar går i dag i grunnskulen. Alle har den same retten til god opplæring, også på den digitale arenaen. Konsekvensen er stor for eleven som fell utanfor som følgje av at digitale løysingar ikkje fungerer.

Universell utforming sikrar at fleire vert inkluderte på digitale samfunnsarenaer, men det er framleis ein lang veg å gå for å sikre at alle har like moglegheiter og for å hindre digitalt utanforskap. I 2023 har Uu-tilsynet brukt sine ressursar på opplæringssektoren for å undersøke korleis digitalisering påverkar elevane sine moglegheiter til å delta på like vilkår i skulen.

Digitaliseringa har skapt debatt og skaper også skilje mellom dei som ønskjer det velkomen og dei som ønskjer at det vert bremsa ned. Det vert stilt spørsmål om læringsutbyte og tidsbruk. Nytte av teknologi versus distraksjon og konsentrasjon. Men det er ikkje lenger noko spørsmål om skjerm har kome for å bli – skulane brukar skjerm som del av undervisninga kvar dag. For elevane er det sjølvsagt at skjermen er komen for å bli:

«At individuelle pc-ar er vegen å gå, ser dei ikkje på som eit val; for dei framstår det som sjølvsagt, men dei meiner at lærarane må få betre opplæring i bruken av den nye teknologien og moglegheitene den gir.»

Hovudspørsmålet er om og korleis teknologien kan vere alle sin hjelpar og om den skaper nye skiljelinjer mellom elevane?

Brukt på rett måte gir teknologien nye moglegheiter for deltaking, særleg for elevar med nedsett funksjonsevne. Men når elevar som treng at ikt-løysingane er universelt utforma opplever at minstekrav og kjernefunksjonalitet ikkje er innfridd, utgjer det ei alvorleg barriere for å sikre at barn med nedsett funksjonsevne får den utdanninga dei har krav på.

Digitale løysingar må vere universelt utforma for å kunne realisere gevinstane av digitaliseringa for alle. Det er blant innovative leverandørar og ein framoverlent bransje at vi kan få dei gode løysingane på korleis teknologien kan komme alle til nytte.

Samstundes finn ein utfordringar knytt til kompetanse, både blant kommunar og skuleeigarar som skal kjøpe inn løysingar, og blant lærarar som skal finne den gode balansen i korleis digitale løysingar best kan sameinast med pedagogiske og individuelle behov. Frå fleire hald vert det etterlyst meir støtte for lærarane.

Portrettfoto Malin Rygg

Ein elev i åttande klasse som sit dag etter dag, veke etter veke midt blant klassekameratane sine og ikkje får delta saman med dei, er ein sluttbrukar som har dårleg tid. Hen treng at vi har eit system som sikrar at hen raskt får det verktøyet, den støtta og hjelpa hen treng. Vi ser at det tek for lang tid når elevar klagar på det som ikkje fungerer, til det er retta opp slik at skulekvardagen kan fortsette.

Med denne rapporten ønskjer vi å bidra med meir kunnskap og ei nyansering av debatten om utfordringar og moglegheiter ved den digitale skulen. Vi løftar fram perspektivet for dei som treng digitale løysingar for å kunne delta. Slik kan vi ta i bruk teknologien på ein god måte for alle.

Malin Rygg
Tilsynsdirektør

Signatur Malin Rygg