Hopp til hovedinnhold

Rapport Den digitale skulen – kan alle delta på like vilkår?

9. Korleis sikre at digitalisering av skulen kjem elevane til nytte?

«Hvis vi ønsker å unngå negative effekter av at barn bruker digitale læremidler, kan vi ikke gå på akkord med kvaliteten.»

9.1 For elevane er teknologi sjølvsagt

Elevperspektiv på den digitale skulekvardagen viser korleis elevane i Fjord kommune ser på bruken av pc-ar to år etter innføringa av ei ein-til-ein-løysing, gjennom 18 fokusgruppeintervju og observasjonar i klasserom over to år. Her presenterer vi nokre utdrag frå rapporten.

I kapittelet Elevsyn på nye moglegheiter for deltaking og læring går mellom anna dette fram:

«Hovudinntrykket som dei intervjua elevane gir, er, kort sagt, at sjølv om mykje er som før, så har digitaliseringa av kvardagen medverka til å utvikle ein opnare og meir fleksibel delings- og samarbeidskultur. Frå deira synsstad har altså kombinasjonen av eigen pc og andre mobile verktøy, læringsplattform og internett opna nye moglegheiter for aktiv deltaking i undervisnings- og læringsprosessar både i og utanfor det fysiske klasserommet.»

Elevane som er intervjua som grunnlag for artikkelen, er også medvitne om utfordringar og negative sider ved teknologien. Tilgang til internett kan medfører distraksjon og freiste til å kople seg av det som skjer i det fysiske klasserommet.

Dei er først og fremst positive til moglegheitene i digitaliseringa av skulekvardagen, ved at dei kan finne informasjon, svare skriftleg på opne spørsmål samstundes, og få tilpassa skriftleg respons på det dei arbeider med der og då. Samla sett gir intervjua inntrykk av at elevane ser på internettet som ein formidlar av kunnskap og meiner at tilgangen oppmodar til meir sjølvstendig informasjonsinnhenting på eige initiativ.

«Når desse elevane blir oppmoda til å sjå bakover, nemner dei mange av oppstartproblema som oppstod, særleg på grunn av sviktande internettilgang. Men det dei først og fremst kritiserer, er valet av datamaskin. I den samanhengen fortel dei om problem med slikt som knuste skjermar, kortlevde batteri og lang ladingstid. Når dei blir oppmoda til å sjå framover, er det derfor ikkje til å undre seg over at dei understrekar verdien av velfungerande maskinvare og gode teknologiske løysingar. At individuelle pc-ar er vegen å gå, ser dei ikkje på som eit val; for dei framstår det som sjølvsagt, men dei meiner at lærarane må få betre opplæring i bruken av den nye teknologien og moglegheitene den gir.»

9.2 Kunnskapsgrunnlaget peikar i fleire retningar

Skjermbrukutvalet er nedsett av regjeringa for å etablere eit kunnskapsgrunnlag om korleis bruk av skjerm i barnehage, skule og fritid påverkar helse, livskvalitet, læring og oppvekst. Utvalet skal også gi kunnskapsbaserte innspel til politikkutvikling og gi råd om behovet for tiltak.

Her refererer vi nokre hovudpunkt frå eitt av to temanotat utvalet har overlevert til regjeringa, Konsekvenser av skjerm i skolen - et kunnskapsgrunnlag fra skjermbrukutvalget.

Temanotatet held elles fram at fleire studiar viser at det er behov for å utvikle undervisningspraksis som er meir innretta mot moglegheitene som ligg i digitale einingar. Samstundes kan bruk av digitale einingar verke forstyrrande på læring, konsentrasjon og merksemd.

Skjermbrukutvalet viser til ein studie som konkluderer med at det er potensiale i bruk av teknologi i undervisninga, men at skulane berre delvis oppnår dette potensialet. Dei viser også til ein annan studie basert på ein analyse av seks kvalitative nordiske forskingsstudiar om skjermbruk i undervisninga, der forskarane konkluderer med at det finst moglegheiter for auka skjermbruk i skulen. Digitale einingar opnar for ulike undervisningsformer. Opplæringa kan tilpassast enkeltelevar. Elevane bør derimot ikkje vere for aleine i eiga læring, men lære i eit samspel mellom lærarar og medelevar.

Skjermbrukutvalet konkluderer med at kunnskapsgrunnlaget peikar i fleire retningar:

  • Digital teknologi i klasseromma endrar læringssituasjonen og stiller nye krav til skulane.
  • Leseforståinga er betre når ein les samanhengande informasjonstekstar på papir, samanlikna med på skjerm.
  • Både handskrift og tastatur er nyttig i skriveopplæringa.
  • Mobilbruk i skulen kan vere eit verktøy for læring, men kan også vere forstyrrande.

Skjermbrukutvalet peikar også på at det er behov for meir kunnskap om mellom anna:

  • God digital undervisningspraksis. Varierte arbeidsformer i digitale klasserom som støttar opp om læring og trivsel, og grunnleggande føresetnader for læring, som kognitiv uthald og konsentrasjon.
  • Konsekvensar av skjermbruk på lese- og skriveferdigheiter for elevar både på barne- og ungdomsskule og i vidaregåande opplæring. Mykje av forskinga er gjort på dei yngste elevane i skulen og på studentar i høgare utdanning.
  • Utvikling over tid. For å vurdere konsekvensar av skjermbruk er det nyttig å vurdere både her og no, men også over tid.

9.3 Vi treng meir kunnskap for å realisere potensialet

Kunnskapssenter for utdanning (KSU) ved Universitetet i Stavanger har saman med forskarar ved Universitetet i Oslo og Høgskulen i Volda utarbeidd ei forskingsbasert kunnskapsoppsummering om digitalisering i grunnopplæring, på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet.

Digitalisering i grunnopplæring; kunnskap, trender og framtidig kunnskapsbehov, viser mellom anna til at aktivitetar med digitale verktøy kan

  • hjelpe elevane til å sjå samanhengar mellom kunnskapsområde og dermed gi djupare innsikt
  • støtte utvikling av kritisk tilnærming til læring og gi elevane moglegheit til å delta i planlegging, problemløysing, utforsking og vurdering av eiga læring

Men dei viser også til utfordringar knytt til integrering av digital teknologi i undervisning og at realisering av potensialet ikkje kjem av seg sjølv.

«Et flertall av ekspertene fremhever en bekymring for økende skiller mellom elever, og mellom elever og lærere i forhold til hvilken rolle teknologien har for læringsprosesser. Elever med lesevansker kan få enda større problemer med lesehastighet, mm. når avanserte læringsressurser tas i bruk, med økt grad av kompleksitet. Mangel på universell utforming er en viktig problemstilling for ikke å skape økte skiller mellom elever.»

Det vert elles halde fram at

  • tildeling av ei digital eining til kvar enkelt elev har vore eit avgjerande skifte
  • integrering av digitale verktøy, ressursar og læremiddel har eit potensiale for elevane si læring og utvikling av kompetansar
  • dei fleste lærarar er positive til digitalisering i grunnopplæring og til den pedagogiske nytteverdien av digital teknologi
  • lærarrolla er svært viktig i alle fasar av læringsprosessar med digital teknologi, men det finst i liten grad konkrete planar for utvikling av digital kompetanse hos lærarar og elevar
  • det er lite merksemd på opplæringsmål for elevane si læring med bruk av digitale ressursar

I kunnskapsoppsummeringa som er utarbeidd på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet, går det fram at det er behov for meir forskingsbasert kunnskap. Fire trendar som vert foreslått som tema i eit framtidig program for forsking om digitalisering i grunnopplæring:

  1. Kunstig intelligens og utdanning, moglegheiter og utfordringar
  2. Didaktisk design: pedagogisk praksis og didaktisk tilrettelegging ved omfattande bruk av digitale einingar
  3. Digitale økosystem: mellom anna bygge vidare på tidlegare forsøk med at lærarar deler og vidareutviklar læringsopplegg med bruk av digitale læringsressursar, heller enn at kvar enkelt skal utvikle eigne opplegg
  4. Inkludering – ekskludering: sentrale utfordringar som digitaliseringa fører med seg for enkeltelevar, grupper og skular om universell utforming, nettmobbing og det å kunne finne, forstå, kritisk vurdere og eventuelt bruke informasjon frå sosiale medium og andre digitale medium

Systematisk bruk av læringsanalyse er eit av fleire tiltak som kan sikre ei meir kunnskapsbasert tilnærming. I utgreiinga Læring, hvor ble det av deg i alt mylderet? – Bruk av elev- og studentdata for å fremme læring er det ikkje berre digitalisering i seg sjølv vi må legge vekt på, men like mykje kva funksjonar teknologien kan ha i læringsanalyse og kva delar av undervisningspersonalet sitt arbeid teknologien skal støtte, endre eller utfordre. Ekspertgruppa som har levert utgreiinga, tilrår mellom anna å etablere rammer for god læringsanalyse i grunnopplæringa. Formålet er å gi større valfridom og betre data- og kunnskapsgrunnlag for pedagogiske avgjerder som fremjar læring.