Data frå tilsyn og kontroll
Data frå tilsynsverksemda er ein viktig del av tilsynet si områdeovervaking. Tilsyna er risikobaserte. Vi prioriterer område med stor fare for regelverksbrot, og der regelverksbrot påverkar mange brukarar.
Nøkkeltal
Tala viser kor mange ikt-løysingar det er ført tilsyn med og kor stor prosentdel som har fått reaksjonar frå Uu-tilsynet.
Det er gjennomført kontrollar av 86 ikt-løysingar.
Vi har funne brot på minstekrava i 98 % av løysingane.
84 av 86 ikt-løysingar må rettast opp etter tilsyn.
Tilsyn på ulike samfunnsområde
Diagrammet viser talet på nettstader og appar på ulike samfunnsområde som er kontrollerte i samband med tilsyn. Periode 2015–2026.
Kort oppsummert
- Tilsynet har kontrollert 86 ikt-løysingar for samsvar eller brot på regelverket på åtte ulike samfunnsområde: Opplæring/utdanning, kommunale eller fylkeskommunale tenester, helseføretak, netthandel, nettaviser, transporttenester og hotellnettsider, ulike statlege etatar, bank, finans og forsikring.
- Dei fleste kontrollane er gjort med opplæring og utdanning.
Dei vanlegaste regelverksbrota
Diagrammet under viser eit utval av krav (suksesskriterium) i regelverket for universell utforming av ikt som har lågast score i perioden 2015–2026. Scoren er ein verdi mellom 0 og 100, der 0 er lågast og 100 er høgast mogleg score. Låg score indikerer mange brot, medan høg score indikerer få brot.
Utfyllande forklaring til diagrammet
- Diagrammet viser testresultat på kontrolltidspunktet. Brot på regelverket vert utbetra før tilsyna vert avslutta. Diagrammet viser dei seks krava med lågast score, som er blitt testa på over 20 element.
- For at brukaren skal unngå å bli distrahert av innhald som beveger seg på ei nettsida eller i ein app, so skal brukaren skal ha moglegheit til å stoppe, pause eller skjule innhald som automatisk endrar seg. Ikt-løysingane scora 17 på dette kravet (SK 2.2.2).
- Personar med nedsett høyrsel eller som er døve, er avhengige av teksting av lydinnhald. Difor er det krav til at førehandsinnspelte video med lyd har tilbod om teksting. Ikt-løysingane scorar 24 på dette kravet (SK 1.2.2).
- Sidetitlar let brukaren rask identifisere temaet eller formålet med nettsida, som gjer det enklare for brukaren å orientere seg på nettstaden og finne relevant innhald. Ikt-løysingane scorar 36 på dette kravet (SK 2.4.2).
- Mange med motoriske funksjonsnedsettingar eller personar som er blinde eller har nedsett syn, bruker hjelpemiddelteknologi. Derfor skal nettsider vere koda i rett kodesyntaks, slik at dei oppfører seg på ein forutsigbar og påliteleg måte. Ikt-løysingane scorar 42 på dette kravet (SK 4.1.1).
- For personar med moderate synshemmingar og eldre personar, er behov for god kontrast mellom tekst og bakgrunn viktig. Defor skal forholdet mellom tekst og bakgrunn vere minst 4,5:1. Ikt-løysingane scorar 45 på dette kravet (SK 1.4.3).
- Ved tilfelle av feil som oppdagast automatisk i digitale skjema, skal brukaren gjerast oppmerksam på kvar det oppstår feil og få ei tekstbeskriving av feilen. Ikt-løysingane scorar 45 på dette kravet (SK 3.3.1).
Korleis scorar tilsyna fordelt på tema?
Tilsynet har delt krava (suksesskriteria) inn etter tema. Diagrammet viser korleis ikt-løyingane har scora per tema i perioden 2015–2026. Scoren er ein verdi mellom 0 og 100, der 0 er lågast og 100 er høgast mogleg score. Låg score indikerer mange brot, medan høg score indikerer få brot.
Utfyllande forklaring til diagrammet
- Diagrammet viser testresultat på kontrolltidspunktet. Brot på regelverket vert utbetra før tilsyna vert avslutta.
- Temaet alternativt format handlar om å gi innhald i fleire former, slik at det kan oppfattast av ulike brukarar. Det inneber til dømes tekstalternativ for bilete og teksting av lyd og video. Ikt-løysingane scorar 47 på dette temaet. (Alternativ format)
- Temaet struktur handlar om korleis innhaldet på ei nettside er bygd opp og organisert. Ei tydeleg og logisk struktur gjer det enklare å finne fram og forstå innhaldet for brukarane og hjelpemiddel. Ikt-løysingane scorar 50 på dette temaet.(Struktur)
- Temaet kontrast handlar om at det er tilstrekkeleg skilnad mellom tekst og bakgrunn, slik at innhaldet er lett å lese. God kontrast er særleg viktig for personar med nedsett syn eller fargesyn. Ikt-løysingane scorar 53 på dette temaet. (Kontrast)
- Temaet navigasjon handlar om å gjere det enkelt for brukarar å finne fram og orientere seg på ein nettstad. Det inneber tydeleg struktur, beskrivande overskrifter og gode lenkjetekstar som forklarer kvar dei fører. Ikt-løysingane scorar 54 på dette temaet. (Navigasjon)
- Temaet presentasjon handlar om korleis innhald blir vist, slik at det er lett å oppfatte og lese for alle brukarar. Det inneber mellom anna god kontrast, fleksibel tekststorleik og at informasjon ikkje berre blir formidla gjennom farge. Ikt-løysingane scorar 56 på dette temaet. (Presentasjon)
- Temaet skjema handlar om å sikre at digitale skjema er enkle å forstå og bruke for alle, inkludert personar som nyttar hjelpemiddel. Det inneber tydelege etikettar, gode feilmeldingar og at brukaren får nok rettleiing til å fylle ut skjema korrekt. Ikt-løysingane scorar 61 på temaet. (Skjema)
- Temaet tastaturbetjening handlar om å sikre at alle funksjonar på ein nettstad kan brukast berre med tastaturet. Det inneber og at fokus flyttar seg logisk, og at det er tydeleg kva element som er aktivt. Ikt-løysingane scorar 72 på dette temaet. (Tastaturbetjening)
Oppfølging av brot på regelverket om universell utforming av ikt
Diagrammet viser talet på ikt-løysingar som er kontrollerte i samband med tilsyn i perioden 2015–2026, og utfall av tilsyna og kontrollane.
Kort oppsummert
- 84 av dei 86 ikt-løysingane, tilsvarande 98 %, er møtte med reaksjonar etter gjennomført kontroll.
- 64 ikt-løysingar (76 %) er utbetra eller retta opp, enten frivillig eller etter pålegg frå tilsynet.
- 18 ikt-løysingar (20 %) er ikkje retta opp i eller utbetra innan fristen, og det er derfor gjort vedtak om tvangsmulkt.
- Tvangsmulkt er iverksett for to ikt-løysingar, det vil seie at retting eller utbetring ikkje har funne stad sjølv om det er varsla tvangsmulkt.
Slik fører vi tilsyn
Å føre tilsyn inneber interne førebuingar, val av verksemder, nettstader og appar, gjennomføring av test og oppfølging av brot på regelverket om universell utforming av ikt. Tilsynet kan iverksette ulike reaksjonar ved brot på regelverket. Pålegg om retting av ikt-løysingane og tvangsmulkt i form av dagbøter er verkemiddel tilsynet kan ta i bruk.
Les meir om korleis vi fører tilsyn med nettstader og appar
Tilsynsrapportar
Tilsynsrapportane våre gjer greie for resultata etter tilsyn med nettstader og appar.
Les tilsynsrapportane våre
Ikt-løysingar i klagesaker om diskriminering som er testa for universell utforming av ikt
Diagrammet viser talet på nettstader og appar som inngår i klagesaker om diskriminering på ikt-området og fell inn under regelverket for universell utforming av ikt.
Les meir om diskriminering på ikt-områdetKort oppsummert
- I perioden 2016–2023 har tilsynet testa i alt 41 ikt-løysingar opp mot regelverket for universell utforming av ikt, 30 nettstader og 11 appar.
- I same periode er i tillegg 15 ikt-løysingar (nettstader, appar og sjølvbeteningsautomatar) klaga inn til Diskrimineringsnemnda, men som ikkje er testa av tilsynet då dei ikkje er omfatta av regelverket for universell utforming av ikt.